Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Helsefellesskapet

– Når gravide tar vare på seg sjølv, tar dei også vare på barnet sitt

Fagdagen om psykisk helse og medikamentbruk i perinatalperioden samla helsepersonell som møter gravide og nybakte mødrer, på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta.

Pernille Svartveit Osmundsen
Publisert 18.11.2026
Fire fulle rekkjer med helsearbeidarar sitt i eit auditorium og ser fram.

Stemninga på Haugesund sjukehus blei satt med ein rørande song om det å bli mor av artist Kine Nesheim. 

Kine Nesheim rørte salen med personlege songar på starten av fagdagen.

Rundt 80 fagpersonar frå spesialisthelsetenesta og kommunar rundt om kring i Helse Fonna-regionen var i salen.  

Nokre strikka, nokre noterte, og mange blei rørt av historiene dei fekk høyre. 

Marie Lindtner, jordmor på Haugesund sjukehus, sto i bresjen for å arrangere fagdagen saman med Familieambulatoriet og føde/barsel Haugesund.  

Dagen var ei oppfølging frå forbetringsprosjektet til Lindtner: "Gravide og medikamentbruk". 

Ikkje alle får nok informasjon 

Nokre gravide må bruke legemiddel under svangerskapet fordi risikoen for å gå av medisinane er større enn faren for fosteret.  

– Men ikkje alle gravide får informasjon om kva biverknadar det kan ha. Vi oppdaga etter fødsel fleire mødrer som hadde brukt medisinar under svangerskapet. Ikkje var blitt fanga opp for nødvendig oppfølging, forklara Lindtner. 

Jordmor Marie Lindtner snakka om forbetringsprosjektet sitt som var bakgrunnen for å arrangere fagdagen.  

Forbetringsprosjektet hennar førte til at personalet på føde/gyn poliklinikk på Haugesund sjukehus følte seg tryggare og meir kompetente til å spørje om medikamentbruk. Dei fekk også kartlagt og følgt betre opp gravide som brukte medisinar. 

Appellen gjennom dagen 

Tre viktige punkt gjekk igjen: 

  • Spør den gravide eller nybakte mora om psykisk helse. 
  • Støtt den gravide eller nybakte mora som treng medisinsk behandling for si psykiske helse. 
  • Informer om eventuell påverknad på foster eller barn og eventuelt vidare oppfølging. 

– Det er ofte slik at ting ein ikkje kan så godt, tør ein ikkje ta i. Likevel er det viktig at vi spør dei gravide og snakkar med dei om både psykisk helse og medisinbruk. 

Poenget understreka både Lindtner og dei andre som hadde foredrag. 

Betre oversikt kan gi betre hjelp 

Familieambulatoriet har også jobba med å fange opp og betre tilbodet for alvorleg psykisk sjuke i perinatalperioden. Dei har blant anna jobba aktivt med DPS, BUP, føde/barsel og brukarrepresentantar. 

Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen er funksjonsleiar for Familieambulatoriet. 

– Det kom ei ny prosedyre som resultat av dette arbeidet. Den gir ei oversikt over kva tilbod som finst, fordi vi kan treffe den gravide så mange stader. Og den skal bidra til tettare samarbeid. 

Eit anna prosjekt som skal gi betre oversikt er Mental helse under graviditet og etter fødsel, eit samhandlingsprosjekt mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. 

– Korleis kan vi få ein «smoooth» inngang til spesialisthelsetenesta frå kommunane? spurte Inger Lise Ekkjestøl, jordmor i Sveio kommune. 

Inger Lise Ekkjestøl (t. v.) og Brynhild S. Herheim snakka om samhandlingsprosjektet sitt som skal bidra til betre oppfølging av dei gravide.

Saman med Linda Skibenes, klinisk sosionom ved Folgefonn DPS, og Brynhild S. Herheim, laga dei eit skjema. Det skal hjelpe behandlarar i kommunane med korleis dei kan avdekkje alvorleg psykisk sjukdom og kva dei kan gjere ved mistanke.  

No ligg pilotprosjektet som skal prøvast ut i Sveio hos dei faglege samarbeidsutvala i Helsefellesskapet. Dei skal vurdere korleis prosjektet skal bli jobba vidare med. 

Vektskåla for medisinbruk 

Representantar frå Trygg Mammamedisin var også på fagdagen for å snakke om sitt tilbod som både gravide og helsepersonell kan nytte seg av. 

– Vi gir individuelt tilpassa informasjon om medisinbruk. Vi går ikkje inn på behandling, men hjelp til med god informasjon slik at ein kan ta val om eiga helse saman med behandlaren sin, sa Kristine Heitmann som er farmasøyt. 

Ho understreka at det er viktig å snakke om kva påverknad medisinbruken kan ha, men at det også er viktig å snakke om nytteverdien av medisin og behandling, ikkje berre risiko.  

– Generelt er gravide engstelege for å ta noko som helst medisinar, fordi dei er redde for å påverka barnet. 

Tina Bakkebø (t. v.) og Kristine Heitmann frå Relis og Trygg Mammamedisin fortalte kva forskjell måten vi snakkar om medikamentbruk kan gjere for den gravide.

Korleis fakta og tal blir presentert gjer også ein forskjell. 

– Den prosentvise auken av ein risiko kan høyrast veldig stor ut, når det i realiteten er ei auke på 1-2 som får biverknadar per 100. Denne framstillinga har noko å sei når konsekvensane blir vega opp mot kvarandre, påpeika Tina Bakkebø, også ho farmasøyt.

Imponerande arbeid 

Ei anna på talelista var Lena Yri Engelsen frå Landsforeningen 1001 dager. 

– Når gravide tar vare på seg sjølv, tar dei også vare på barnet sitt.  

Lena Yri Engelsen frå Landsforeningen 1001 dager snakka engasjert om arbeidet sitt og kva forskjell alle i salen kan gjere for gravide og nybakte mødrer.

Landsforeningen 1001 dager er ein brukarstyrt organisasjon som jobbar med mental helse under graviditet og etter fødsel. 

Engelsen ga ut mange klemmar gjennom dagen og var tydeleg rørt over arbeidet som er gjort i Helse Fonna-regionen. 

– Dette er veldig imponerande arbeid! Vi må stå saman om dei gravide og dette er ein viktig arena for samhandling og samle kunnskap. 

Dei enkle, men vanskelege spørsmåla 

Tema for fagdagen var ikkje nytt for dei som sat i salen. Dette sa dei: 

– Vi kjenner til dette frå før, men det er likevel nyttig å høyre om og fortsette å sette fokus på det, sa Janne Martinsen som helsesjukepleiar i Karmøy kommune. 

Janne Martinsen (t. v.) og Maren Tvedten Lønning, jordmor i Karmøy kommune, fekk mykje ut av fagdagen. 

– Fagdagen har gitt ei påminning om dei enkle, men vanskelege spørsmåla som ein kan gløyme å stille, sa vernepleiar ved Karmøy DPS, Borgny Stueland. 

– Det er bra at dette blir belyst. Vi ser at det blir meir medikamentbrukt og veit at det er meir psykiske helseutfordringar blant unge, sa Anette Bråtun, barnepleiar ved føde/barsel Haugesund. 

Julie Vaaga (t. v.), Elin Seljeset (jordmor) og Anette Bråtun opplevde dagen som "heilt super".

– Dagen har gitt svar på mange spørsmål vi sitt med og vi får meir forståing for jobben til kvarandre, sa jordmorstudenten Julie Vaaga. 

At fagdagen blei heldt på tvers av helsetenestene var også eit viktig poeng: 

– Vi vil ikkje ha fleire tåredryppande historier, derfor må vi snakke om kva som hjelper. Skal vi få til endringar på systemnivå, må vi snakke saman på tvers av tenester, understreka Linda Skibenes, klinisk sosionom Folgefonn DPS. 

– Det har vore inspirerande å høyre. Kva er utfordringane, og kva kan vi gjere med dei? Det er nyttig å vite om heilheita og samarbeidet, sa Ingvild Kaldråstøyl. Ho er funksjonsleiar pleie ved BUP Stord.