Tid og stad
- Når
-
- 04. feb. 2027, 09:30 - 14:30
- Type arrangement
- Fagkurs
- Arrangør
- Kvar
-
Auditoriet i U1 (underetasjen)
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
- Kart - Haugesund sjukehus
- Påmelding
- Påmeldingsskjema
Om programmet
Barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjing har, som alle andre, rett til å utvikle ein sunn og positiv seksualitet. Samtidig kan fagpersonar møte situasjonar der det er vanskeleg å vurdere kva som er naturleg seksuell utvikling, kva som gir grunn til bekymring, og korleis ein bør handle.
Målet med fagdagen er å styrkje deltakarane sin kunnskap, tryggleik og handlingskompetanse i møte med seksuell åtferd hos personar med funksjonsnedsetjing.
Gjennom faglege innlegg, refleksjon og praktiske døme får deltakarane auka forståing av:
- kva som kjenneteiknar sunn seksualitet
- korleis identifisere bekymringsfull og skadeleg seksuell åtferd
- verktøy og tilnærmingar som kan støtte faglege vurderingar og oppfølging.
Arrangementet er gratis, men lunsj er ikkje inkludert.
Aktuelt for deg?
Fagdagen passar for fagpersonar i kommunane i Helse Fonna-regionen som arbeider med barn, unge eller vaksne med funksjonsnedsetjingar. Dette kan vere tilsette i barnehage, skule, PP-tenesta, barnevernet, helsestasjon og skulehelsetenesta, avlastingstenester, bustader for barn og unge eller bufellesskap og dagtilbod for vaksne.