Tid og stad
- Når
-
- 10. feb. 2027
- 11. feb. 2027
- Type arrangement
- Konferanse
- Arrangør
- Påmeldingsfristen er 10. januar.
- Kvar
-
Solstein kurs- og konferanselokaler
Bleikmyrvegen 45
4276 Vedavågen
- Kart - Solstein kurs- og konferanselokaler
- Påmelding
- Påmeldingsskjema
Årets program set søkelyset på dei yngste barna (0-5 år) og korleis fagpersonar kan forstå og møte uro, stress og kjenslemessige reaksjonar hos barn på ein måte som fremjer tryggleik, regulering og meistring.
Programmet tek også opp korleis foreldrerolla er i endring, i tillegg til fleire andre aktuelle tema.
Aktuelt for deg?
Konferansen passar for tilsette i PPT, barnehagar, helsestasjonar, fastlegekontor, sjukehus, barnevernet, barne- og ungdomspsykiatrien og andre som jobbar med små barn og familiane deira.
Arrangør
Konferansen blir arrangert av BUP Stord og Haugesund i Helse Fonna.
Om programmet
Hovudforelesarar:
Frå uro til ro: Å skape gode kvardagar for store og små ved psykologspesialist Ann-Karin Bakken, SNU-senteret.
Foreldrerolla i dag: Kva treng barn, og korleis samarbeider vi til beste for dei? ved Synnøve Teige, Hanne Braarud og Randi Træland Hella, RKBU Vest.
Andre tema:
- Eigenomsorg i ein travel kvardag
- Barnepalliasjon i praksis: Behov, tilbod og samhandling rundt barnet og familien
- Avansert heimesjukehus til barn og ungdom
Parallelle sesjonar:
- Alle har ein seksualitet, også barn
ved Ingeborg Halvorsen og Randi Hjelmervik, Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Fonna. - Alvorleg psykisk sjukdom i perinatalperioden
Samhandlingsprosjekt kommune og Helse Fonna.
Det er avgrensa plassar, så vi oppmodar til tidleg påmelding.
Program
Kontaktperson
-
Navn
Benedicte Kyvik Haukereid
Sekretær, BUP Stord
benedicte.kyvik 53 49 12 20.haukereid @helse-fonna .no
