Få hjelp med idéutvikling, søknadsprosess og vegen vidare.
– Vi skal jobbe med å få til meir samanhengande tenester og gode pasientforløp ved å gi rom for å prøve ut nye løysingar, seier prosjektrettleiar i Helsefellesskapet Diana Lauritzen.

– Pasientane har eitt forløp. Om det er kommune eller føretak, det ser ikkje dei. Gjennom samhandling skal vi jobbe for at pasientane skal oppleve ein enklare flyt frå helsetenesta i kommunen til Helse Fonna, og motsett.
Nytt eller gammalt prosjekt, alle kan søke
– Samhandling mellom kommunar og Helse Fonna er ikkje nytt, men vi vil ha enda meir av det. Du kan søke uansett om du har eit eksisterande prosjekt eller eit flunkande nytt. Så lenge du har ein god idé og det skal vere eit samarbeid mellom Hele Fonna og ein eller fleire kommunar.
Søk før fristen 18. september.
Eller ta kontakt med Diana i det minste, ho vil høyre frå deg.
Kva kan Diana gjere for deg?
– Eg kan hjelpe med idé, søknad og rettleie på vegen vidare i prosjektet, heilt frå start til slutt.
Diana ønskjer å vere ein ressursperson som det skal vere enkelt å få tak i.
– Får du tildelt tilskot, kan eg bidra med prosjektrettleiing og gi rettleiing om utbetaling av tilskotsmidlar og rapportering. Hos meg får du hjelp til å finne vegen vidare i prosessen.
– Alle tankar er gode tankar. Har du berre ein tanke kan du ringe og høyre.
Navn
Diana Lauritzen
Prosjektrettleiar i Helsefellesskapet
dianaSærleg prioritert er:
- tiltak og område som kan få ned ventetid i sjukehus
- digitale tenester og digitale samhandlingsløysingar
- tenester innan svangerskap, fødsel og barselomsorg
- integrert psykisk helse- og rusteneste
- rehabilitering
- tiltak for å redusera talet på utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus
Prioriterte pasientgrupper er:
- pasientar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
- skrøpelege eldre
- barn og unge
- personar med fleire kroniske lidingar