Mandat for Ungdomsrådet
1. Bakgrunn
Brukarmedverknad er nedfelt som rettigheit både nasjonalt og internasjonalt. Barnekonvensjonen slår fast at alle barn har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei, og brukarmedverknad er lovfesta i Norge. Våren 2015 kom regjeringa sin ungdomsstrategi med oppmoding om etablering av ungdomsråd i helseføretaka. Helse Vest omtalte forventning om etablering av ungdomsråd i styringsdokumentet til Helse Fonna for 2016.
2. Føremål
Ungdomsrådet skal bidra til å oppnå:
A. gode og likeverdige helsetenester
B. god samhandling og heilheitlege pasientforløp.
C. god medverknad frå unge pasientar, pårørande og deira organisasjonar.
D. samarbeid mellom ungdomsråd og brukarutval.
3. Oppgåver
Ungdomsrådet sine oppgåver er å:
A. vere eit rådgjevande organ for styret, administrerande direktør og Helse Fonna i saker av strategisk karakter som angår tilbodet til unge pasientar og pårørande i Helse Fonna regionen.
B. bidra i mål- og strategiarbeid, forbetrings- og omstillingsprosessar, gjennom deltaking i prosjekt, råd og utval og innspel til høyringar
C. vere eit forum for tilbakemelding for unge pasientar og pårørande med deira familiar om generaliserte erfaringar innanfor Helse Fonna sitt ansvarsområde.
D. fremja saker av betydning for unge pasientar og pårørande med deira familiar.
E. etter invitasjon, foreslå ungdomsrådsrepresentantar frå ungdomsråd eller organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval.
F. etter nærare behov og avtale, arrangere og/eller delta på relevante konferansar og kurs.
G. samarbeide med andre ungdomsråd og eige brukarutval via samlingar og deltaking på møter.
H. ha kontakt med pasient- og brukaromboda.
I. evaluere eige arbeid minst ein gong i løpet av funksjonsperioden.
J. gi innspel til Helse Fonna si årlege melding
K. lage årsrapport om eige arbeid.
4. Samansetting
Ved oppnemning av nytt ungdomsråd skal både omsynet til kontinuitet og fornying ivaretakast. Medlemmer i ungdomsrådet skal sjølve ha erfaring som pasient- og/eller pårørande, og ha tilknyting til Helse Fonna sitt opptaksområde.
Ungdomsrådet bør så langt som mogleg ha brei representasjon av kultur, geografi, alder, kjønn, diagnosar, funksjonsnivå og erfaring.
Ungdomsrådet skal representere og bestå av inntil 10 ungdommar og unge vaksne i alderen 13-26 år. Medlemmane må ha relevant erfaring frå møte med spesialisthelsetenesta og ha eit ønskje om å bidra til betring av helsetenesta for unge. Dei må vere villig til å dele erfaringane sine som brukar, pasient eller pårørande.
5. Rekruttering
Medlemmane kan rekrutterast frå brukarorganisasjonar, klinikkar, tenester og ved utlysing. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til samtale for å vurdere om kandidaten er eigna for oppdraget.
Medlemmane set i periodar på 2 år.
6. Oppnemning
Ungdomsrådet vert nemnd opp av administrerande direktør i Helse Fonna. Samhandlingssjef kan nemne opp nye medlemmer i perioden dersom nokon trer frå.
Ungdom under 18 år må ha avklart vervet med føresette.
7. Arbeidsform og administrasjon av ungdomsrådet
6.1 Arbeidsform
Arbeidsform i ungdomsrådet
A. Arbeidet i rådet er uavhengig av leiinga i føretaket, og vel sjølv kva saker som er viktige å løfte fram. Helse Fonna kan foreslå saker.
B. Rådet konstituerer seg sjølv og bestemmer korleis dei vil organisere arbeidet sitt.
C. Møta skal leiast av leiar eller nestleiar i ungdomsrådet.
D. Referat, som inneheld ungdomsrådet sine innspel og eventuelle vedtak, skal godkjennast av møteleiar og publiserast på Helse Fonna si nettside.
E. Ungdomsrådet uttaler seg i media i hovudsak gjennom leiar i samråd med koordinator og/eller kommunikasjonsavdelinga i Helse Fonna. All ekstern kommunikasjon, inkludert på sosiale medier, skjer etter gjeldande retningslinjer i Helse Fonna.
6.2 Administrasjon av ungdomsrådet
Ansvar for administrering av ungdomsrådet er lagt til Samhandlingseininga i Helse Fonna.
Helse Fonna skal sørge for:
A. Koordinatorfunksjon. Ungdomsrådet disponerer koordinator.
B. At sakene blir tilstrekkeleg opplyste for behandling i ungdomsrådet og at innkalling og at saksliste og saksdokument vert sende ut ei veke før møtet.
C. Universell utforming og god tilrettelegging for representantane i ungdomsrådet, i samarbeid med rådet sine medlemmer.
D. At det blir lagt til rette for at administrerande direktør, eller administrerande direktør sin representant, deltar i møter med ungdomsrådet ved behov.
Koordinator har følgjande oppgåver:
• Støtte leiar og nestleiar i planlegging og gjennomføring av møter i ungdomsrådet, det kan gjelde møteplan, innkalling, saksliste, førebuing av saker og skrive referat.
• Bidra til å sikre gode prosessar og samarbeidsklima i ungdomsrådet, hjelpe dei å bli trygge i rolla si.
• Sikre god kommunikasjon internt og eksternt
- bringe relevante saker til/frå ungdomsrådet
- koordinere samarbeidet med Brukarutvalet i Helse Fonna og FOUSAM (sjå punkt 6.2)
- etablere og ivareta ulike elektroniske kommunikasjonskanalar
- samarbeid med brukarorganisasjonar
• Følgje opp forslag til forbetringstiltak internt i Helse Fonna
• Administrere møte- og reisegodtgjersle for medlemmane
• Legge til rette for og administrere rekruttering av nye medlemmar
7.2 Møter og godtgjersle
Ungdomsrådet har inntil 6 faste møte i året. Møtetidspunkt må leggjast til rette slik at det passar dei unge sin kvardag og vert fastsett i eit samarbeid mellom medlemmane og koordinator. I tillegg kan ungdomsrådet verta invitert til deltaking på førespurnad. Det kan vere møter med leiinga i Helse Fonna, konferansar, formidlingsoppdrag og liknande. Leiar og nestleiar møter i tillegg på planleggingsmøte med koordinator og representerer ungdomsrådet i ulike fora etter behov.
Ungdomsrådet skal følge retningslinjer etablert for godtgjersle av brukarrepresentantar på systemnivå i Helse Vest.
8. Kompetanse
Helse Fonna skal ved oppnemning av nytt ungdomsråd gi grunnleggande opplæring om helseføretaket og deira hovudoppgåver, lover og rettigheiter, styrings- og finansieringssystem, samt klargjera forventningar til ungdomsrådet si rolle. Dette inkluderer også informasjon om teieplikt og habilitetsomsyn.
9. Forventningar til medlemmer i ungdomsråd
Medlemmer i ungdomsrådet skal:
A. prioritere deltaking og delta aktivt i ungdomsrådsmøter og andre møter/oppgåver dei tar på seg som medlem i ungdomsrådet.
B. bidra til eit godt samarbeidsklima i ungdomsrådet, og til eit godt samarbeid med Helse Fonna.
C. vere ei tydeleg stemme for barn og unge som er pasientar i Helse Fonna, deira pårørande og alle barn og unge som er pårørande til pasientar i føretaket.
D. gjere seg kjent med og følge Helse Fonna sine etiske retningslinjer.
E. levere reiserekningar og eventuelle krav om møtegodtgjersle i samsvar med retningslinje for honorering.
10. Habilitet og konfidensialitet
Ungdomsrådet er et viktig organ i helseføretaket, og vil i kraft av rolla si kunne få tilgang til informasjon av sensitiv karakter og kunne påverke avgjerder som angår Helse Fonna, private aktørar og andre interessentar. Alle medlemmer har teieplikt etter forvaltningslova § 13. For medlemmer under 15 år inneber dette ei etisk forplikting, då strafferettsleg ansvar først gjeld frå fylte 15 år.
Medlemmer i ungdomsrådet over 15 år skal signere teiingslovnad. Forvaltningslova sine reglar for habilitet gjeld også for medlemmer i ungdomsråd.
Medlem i ungdomsråd kan ikkje samtidig vere involvert i verksemder med forretningsmessige interesser i helseføretak.
Medlem i ungdomsrådet kan som hovudregel ikkje samtidig vere tilsett i helseføretak. Medlem i ungdomsråd kan som hovudregel ikkje vere medlem i andre ungdomsråd i spesialisthelsetenesta.