Referat frå Ungdomsrådet
Referat frå Ungdomsrådet 29. september 2026
Møtestad
LMS, Haugesund sjukehus
Møteleiar
Oliver Sokrates Thorbjørnsen
Referent
Elisabeth M. Kvinnsland
Deltakarar
- Oliver Sokrates Thorbjørnsen (leiar)
- Elisabeth Kvinnsland (nestleiar)
- Emma Sofia Lae-Pedersen
- Sarah Mathea Vihovde Vestvik
- Julie Aga
- Gro Carlsen (koordinator)
- Kari Matre
- Ane Aarvik
- Tuva Hynne Hareim
- Markus Strand (frå klokka 18.30)
Sak 1: STIM-prosjektet
Ester M.S. Espeset besøker Ungdomsrådet (45 min)
Espeset presenterte STIM (Styrkt trinnvis innsats for barn og unge si mentale helse).
Bakgrunn
- Psykiske helseplager har auka globalt sidan 2010. Årsakene blir diskuterte, mellom anna sosiale medium og auka openheit om psykiske vanskar.
- Ifølgje Espeset har om lag 1 av 10 ei eteforstyrring. Førekomsten auka under pandemien. Blant vaksne gjekk han tilbake, men blant barn og unge har auken ikkje stoppa.
- ADHD og autisme aukar, og årsaka er ukjend. Det er bekymring rundt utviklinga.
- STIM skal finne ut på ulike nivå kvar hjelpa bør setjast inn.
Om prosjektet
- Prosjektet byggjer på det danske STIME, som starta i det små og no blir brukt i nesten alle danske kommunar. I Noreg er prosjektet starta i Helse Fonna.
- Tilnærminga er manualbasert, med ein tydeleg framgangsmåte for når og korleis tiltak skal gjennomførast.
- Skulen blir involvert automatisk dersom det oppstår uro hos ein elev.
Screeningsamtale blir brukt for å finne ut kva som er mest alvorleg. - Tilbodet skal vere universelt. Det er ikkje avklart om det blir fysisk, digitalt eller begge delar.
- STIM er eit tilbod som kjem før BUP. Målet er at barn og unge skal få hjelp tidlegare, før dei treng å kome til BUP eller ventar på ledig time.
- Neste steg er ein foreldrepilot, der foreldre får opplæring og strategiar dei kan bruke heime og på skulen. Det blir gitt ein manual for dei fysiske møta, med oppgåver heime. I Danmark finst det også ungdomsgrupper.
- Prosjektet er i utviklingsfasen. Det skal kartleggjast, innhaldet frå Danmark skal omsetjast og tilpassast, og lokale nettverk og tilbod skal etablerast.
- e-Risk vart nemnt som eit liknande tilbod: eit nettbasert meistringskurs for ungdom mellom 12 og 18 år som slit med angst.
- Tidleg innsats krev avklaring av kva dei ulike tenestene kan gjere, og kven som har ansvar i kommunen og i spesialisthelsetenesta.
Ungdomsrådet si rolle
- Ungdomsrådet skal vere referansegruppe for prosjektet og ha eitt medlem fast i styringsgruppa.
- Ungdomsrådet skal følgje STIM-prosjektet tett og ha det som fast tema på kvart møte.
- Det blir arrangert workshop til våren med dei ulike ungdomsråda.
Konklusjon og tilbakemelding
Ungdomsrådet viste sterkt engasjement for prosjektet og ser fram til vidare samarbeid. Rådet opplevde at Espeset var flink til å forklare faguttrykk. STIM blir følgt tett opp og blir fast tema på Ungdomsrådet sine møte.
Sak 2: Regional kompetanseteneste for helsekompetanse og meistring
Sølvi Heimestøl besøker Ungdomsrådet.
Heimestøl presenterte to saker:
- Etablering av regional kompetanseteneste for helsekompetanse og meistring i Helse Vest, som blir lagd til Helse Fonna.
- Samhandlingsforløp for ME/CFS, som Helse Fonna arbeider med saman med kommunane. Det er workshop for LMS 1. oktober, og Ungdomsrådet er invitert til å delta med éin representant.
Lærings- og meistringssenter (LMS)
LMS koplar fagfolk og brukarrepresentantar, som saman planlegg, gjennomfører og evaluerer kurs. Ein treng både fagfolk og dei som har lært seg å leve med lidinga («1+1=3»).
Arbeidet er knytt til helsepedagogikk og kommunikasjon.
Det er ei fornya og sterk satsing på LMS.
Helsekompetanse vart definert som å:
- Ha kunnskap om sjukdomen sin.
- Vite kvar ein finn kunnskap.
- Kunne tolke kunnskapen ein finn.
- Kunne bruke kunnskapen.
Regional kompetanseteneste
- Målet er auka helsekompetanse hos pasientar og pårørande.
- Arbeidet skjer på tvers av regionane og krev regional samhandling.
- Kjersti Larsen, leiar for den nye kompetansetenesta, ber Ungdomsrådet invitere henne til eit framtidig møte og oppmodar rådet til å følgje med på Helse Vest.
Ungdomsrådet sine spørsmål
- Rådet lurte på kvar ein finn informasjon om LMS-banken som skal opprettast, altså oversikta over tilbod i ulike situasjonar.
- Svaret var at ein skal kunne søkje og då kome inn i LMS-banken. Han skal vere klar 2. januar 2027, og det er håp om at han blir lagd ut på Helsenorge.
Konklusjon og tilbakemelding
Ungdomsrådet inviterer Kjersti Larsen til eit framtidig møte. Elisabeth Kvinnsland deltek for Ungdomsrådet på LMS-workshopen om ME/CFS 1. oktober.
Sak 3: FSU barn og unge og KVIP
1. FSU barn og unge
- Markus, som no sit i FSU barn og unge, orienterte om utvalet. Det var lagt ut i Spond dersom nokon ønskte å vere medlem eller varamedlem.
- FSU (Fagleg samarbeidsutval) handlar om å betre samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene, og om betre helsetenester for barn og unge. Utvalet har medlemmer frå ulike fagfelt, både kommunalt og frå spesialisthelsetenesta. Ungdomsrådet har brukarerfaringsrolla.
- Markus delte erfaringane sine frå arbeidet i utvalet.
Konklusjon
Elisabeth Kvinnsland blir medlem og Ane Aarvik varamedlem. Begge blir ønskte med på møta, slik at Ane får innsikt i arbeidet og kan gå inn som medlem ved behov.
2. KVIP
Ungdomsrådet skulle velje ein representant til å delta på KVIP.
Elisabeth forklarte korleis det er å delta på dei to dagane.
Konklusjon
Ane Aarvik blir brukarrepresentant for Ungdomsrådet på KVIP.
Referat frå Ungdomsrådet 1. september 2026
Deltakarar
- Oliver Sokrates Thorbjørnsen
- Elisabeth Kvinnsland
- Emma Sofie Lae-Pedersen
- Sarah Mathea Vihovde Vestvik
- Julie Aga
- Tuva H. Hareim
- Gabrielle L. Dickson (erfaringskonsulent BUP Haugesund)
- Siv Emberland (koordinator)
- Gro Carlsen (koordinator)
Møteleiar
Elisabeth M. Kvinnsland leia møtet.
Oliver S. Thorbjørnsen skreiv referatet.
Møtestad
LMS, Haugesund sjukehus
Sak 1
Anders Hovland besøker Ungdomsrådet (45 min)
Anders Hovland, administrerande direktør i Helse Fonna, besøkte Ungdomsrådet. Det vart sett av 45 minutt til besøket.
Administrerande direktør ønskjer at eitt eller fleire medlemmer presenterer kva rådet arbeider med i administrasjonen si arbeidstid.
Intro og presentasjon av deltakarane.
Moglegheit for å tildele hospitantrolle for å gi tilgang til mellom anna intranettet.
Lystgass er per i dag ikkje mogleg å tilby på barneavdelinga. Det skal derfor sjåast nærare på smertelindring ved barneavdelinga som heilskap.
Kva forventar Ungdomsrådet av administrerande direktør?
Det er utfordrande å innføre brukarmedverknadsteam på barneavdelinga.
Det vart foreslått å endre ordninga med fire årlege besøk av administrerande direktør til besøk av ulike direktørar, til dømes direktør for medisin og direktør for kirurgi. Det vart samstundes foreslått at minst eitt besøk årleg framleis skal vere med administrerande direktør.
Det vart foreslått å utarbeide ein prosedyre for dette. Forslaget blir teke vidare av administrerande direktør til styret.
Ungdomsrådet ønskjer auka merksemd og meir forsking på kvinnehelse.
Konklusjon
Ungdomsrådet opplevde at dei vart lytta til og tekne på alvor av administrerande direktør Anders Hovland. Fleire av innspela blir tekne vidare til administrasjonen og innad i Ungdomsrådet. Ein ønskjer å diskutere smertelindring i sin heilskap innad i UR og invitere klinikkdirektør for medisin og klinikkdirektør for psykisk helsevern.
Sak 2
Georg Reinhart og Gabrielle Leah Dickson besøker Ungdomsrådet
Georg Reinhart, avdelingsleiar, og Gabrielle Leah Dickson, erfaringskonsulent, besøkte Ungdomsrådet. Det vart sett av 45 minutt til besøket.
- Gjennomgang av organisasjonskart.
- Informasjon om BUP og kva avdelinga arbeider med.
- Gjennomgang av korleis tilbodet er organisert i Helse Fonna.
- Brukarundersøking.
- Gjennomgang av KVIP.
- Uteområdet til BUP.
- Aktuelle nyheiter og oppdateringar.
- Positive tilbakemeldingar om vidare samarbeid mellom BUP og Ungdomsrådet.
Konklusjon
Ungdomsrådet fekk ei oppdatering og gjennomgang av brukarundersøkinga, samt anna relevant informasjon om BUP og det vidare arbeidet. UR skal invitere BUP Haugesund inn att ved eit seinare høve. BUP Haugesund har samtykt til å ta UR med på ei omvising i lokala sine.
Anna
Gjennomgang av nytt mandat.
Tilgang til eldre referat
Treng du eldre referat? Ta kontakt med koordinator Gro Carlsen.