Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Stord DPS

Vi ønskjer å gi deg sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det.

Pålogging pasientar - Checkware

Pålogging behandler - Checkware

​I Helse Fonna nyttar vi eit system som heiter Checkware, ei digital løysing der pasientar sjølv kan registrere data sjukehuset treng, før, under, eller etter eit behandlingsforløp.

Sjå Checkware - Helse Fonna HF

Poliklinikken utgreier og behandlar personer over 18 år med moderate til alvorlege psykisk lidingar. Dei må vere tilvist frå lege/psykolog.

Eit tilbod ved poliklinikken avheng av:

  • kor omfattande lidingen er
  • funksjonsfallet personen har hatt
  • om ein forventar nytte av behandlinga

Allmennpsykiatrisk poliklinikk har og ansvar for Felles tilvisingsmottak som vurderar tilvisingar til avtalespesialistar.

Behandlingstilbod

  • Individuelle samtalar.
  • Behandlare med kompetanse på kognitiv atferdsterapi.
  • Emosjonsfokusert terapi.
  • Psykodynamisk terapi.
  • Medikamentell behandling.
  • Grupper: 4-dagersbehandling (B4DT) for panikkangst og OCD.
  • Kurs: ADHD («Pegasus»).
  • Musikkterapi. Musikkterapi lèt deg uttrykkje deg gjennom musikk.
  • IPS – individuell jobbstøtte.
  • eBehandling (internettbehandling) for depresjon, sosial angst og panikkliding.

Vi samarbeidar med

  • Fastlege
  • NAV
  • Primærhelseteneste

Andre tenester

FACT-team (Flexible Assertive Community Treatment)

FACT-teamet gir fleksibel støtte, som kan inkludere heimebesøk og følgje opp behandlingsplanen i nærmiljøet ditt. Dette gir tryggleik og kontinuitet i behandlinga.

I poliklinikken tilbyr vi tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi har også musikkterapi og IPS (individuell jobbstøtte) som ein del av behandlinga.

TSB er nemninga på rus- og avhengigheitsbehandling på spesialistnivå kor behandlinga er eit samarbeid mellom pasient og medarbeidarar med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.

Overordna er målet å gi pasienten hjelp til å meistre livet utan rusmiddel.

For å setje realistiske mål/delmål ser vi blant anna på:

  • Rusdebut
  • Varighet
  • Rusmiddel
  • Psykisk og fysisk helsetilstand
  • Relasjoner
  • Utdanning/arbeid
  • Økonomi

Vi samarbeider med:

  • Kommune
  • NAV
  • Fastlege
  • Pårørande
  • Rusbehandlingsinstitusjonar

Tilvising

For å få utgreiing og/eller behandling for rus- og avhengigheitsproblem i TSB må ein tilvisast frå lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell som har rett til å tilvisa til TSB.

Når spesialistheilsetenesta får tilvisinga blir rett vurdert til helsehjelp i TSB basert på prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet: Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) - Helsedirektoratet

LAR

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eit behandlingstilbod innan Tverrfaglig Spesialisert Rusbehandling (TSB).

Formålet med LAR er at personar med opioidavhengnad skal få best mogleg helse, auka livskvalitet og bistand til å endre livssituasjonen sin – og dessutan redusere skadane og faren for overdosedødsfall.

Tilvising

Viss du har ein avhengnad til opioid (medisinske preparat eller rusmiddel) og ønskjer behandling for dette kan du be lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell om å tilvise deg til Vurderingseininga i TSB poliklinikken. 

Tilvisinga bør innehalde dokumentasjon på opioidavhengnad, eventuelt tidlegare behandling, og anna relevant informasjon, slik at Vurderingseininga skal kunne vurdere tilvisinga på best mogleg måte.

Nyttige lenker

Avdelinga gir tilbod til menneske med stemningslidingar, alvorlege depresjonar og angstproblematikk.

Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og ei pasientansvarleg primærgruppe.

Behandlingstilbod

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Miljøterapi
  • Miljøterapeutiske grupper
  • Fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Pårørandearbeid med spesielt fokus på barn og mindreårige pårørande
  • ECT - elektrokonvulsiv behandling
  • Musikkterapi

Stord DPS tilbyr behandling av angstlidingar i det såkalla 4-dagarsformatet. Behandlinga har vist å gi rask effekt for pasientar med panikkliding, sosial angstliding og tvangsliding. Behandlinga går over fire intensive dagar og handlar i hovudsak om at pasienten må eksponere seg for det som utløyser symptom. Ta kontakt med fastlegen din dersom du trur dette kan vere noko for deg. Du kan lese meir om firedagarsmodellen på Helse Bergen sine nettsider.

Kontakt

Telefon:

  • Måndag - Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

Stord DPS