Val av styremedlemmer

No er det klart kven som representerer dei tilsette i styret i Helse Fonna HF dei neste to åra.

Publisert 08.03.2023

Kunngjering om valresultat

Resultatet av val av og blant dei tilsette til representasjon i det regionale helseføretaket og styra i helseføretaka er klart.

Det blei forholdstalsval i alle føretaka inkludert Helse Vest IKT, noko som betyr at det blei stemt på ei førehandsdefinert liste.

Med eitt unnatak: Helse Fonna har gjennomført fysisk val ettersom det kom inn to vallister.

Dette er valgresultatet i Helse Fonna:

Styremedlemmer:

Nina Budal

Sjukepleiar barneavdelinga, Haugesund sjukehus. Føretakstillitsvald NSF

Morten Lyngås Føyen                                  
Operasjonssjukepleiar/ambulansearbeidar, Stord sjukehus

Laura Lill Haavik                                             
Helsesekretær med.biokjemi, Haugesund sjukehus. Føretakstillitsvald Fagforbundet

Heiko Bratke                                                   
Overlege barneavdelinga, Haugesund sjukehus. DNLF

Varamedlemmer:

Monica Lindseth                                            
Funksjonsleiar/psykiatrisk sjukepleiar, Valen sjukehus

Andrika Sabine L Hägfjell-Lande                            
Intensivsjukepleiar ved felles akuttmottak, Haugesund sjukehus. HTV NSF

Anders Nondal                                               
Ambulansearbeidar, Odda sjukehus

Jorge Enrique Morales Del Pino                              
Fagarbeidar lager/transport, Stord sjukehus. HTV Fagforbundet

Pernille Nyhlen                                               
Overlege føde- og gynekologisk avdeling, Haugesund sjukehus. DNLF

Kristine Aasheim Imsland                          
Intensivsjukepleiar, Stord sjukehus

Representantane er valde for dei neste to åra​.

mortenføyen.jpeg

Ny i styret: Morten Lyngås Føyen, operasjonssjukepleiar og ambulansearbeidar, Stord sjukehus. Foto: Magne Kydland

Her kan du lese meir om valresultatet i dei andre lokale føretaka og i Helse Vest RHF: Val 2023 - Helse Vest RHF (helse-vest.no)

Her kan du lese meir om styret i Helse Fonna HF: Styret - Helse Fonna (helse-fonna.no)