Vi heidra jubilantane

Sju 40-årsjublantar og heile 45 25-årsjubilantar i Helse Fonna.

Publisert 09.05.2023

Vårens kjekkaste samling i Helse Fonna er markering av fjorårets jubilantar. Denne gongen var det heile 45 personar som kunne motta blomar og gåvekort for 25 år i Helse Fonna, medan sju personar har vore tilsett i heile 40 år. Imponerande!

- Årets storhending, og vårens feststund, er å heidre og ære våre trufaste medarbeidarar. I ei tid der det er vanleg å skifte jobb ofte, er vi svært glade for våre mange trufaste medarbeidarar, som står på år etter år, seier HR-direktør Helga Stautland Onarheim, og fortel at det no er 20 år sidan Helse Fonna starta tradisjonen med ein festkveld for å feire jubilantane.

Administrerande direktør Anders Hovland sette pris på å få vere med på ei slik markering i sin første månad som toppsjef i helseføretaket.

- Det å ha medarbeidarar som har via så mykje av sitt bidrag i arbeidslivet til helsetenestene våre er utruleg flott og viktig. De har lagt ned ein stor innsats for samfunnet, for Helse Fonna og arbeidsplassen, der de har jobba i 25 og 40 år. Det er lenge, og det betyr at de alle har spelt ei viktig rolle for pasientar, pårørande og kollegaer gjennom lang tid, sa Hovland og understreka kor store endringar vi har vore gjennom i løpet av desse åra.

- Både 25 og 40 år er lang tid. Dette betyr at de som er her i dag har måtta tilpasse dykk den utrulege utviklinga som har vore. Samfunnet vårt har utvikla seg mykje, og det same har helsetenestene. Ikkje minst har de gjennom store deler av arbeidslivet vore  kontinuitetsbererar for kollegane dykkar og arbeidsmiljøet de har arbeidd i. Det veit eg har vore viktig for mange av dei som har jobba saman med dykk, og ikkje minst for dei som kjem til oss for å få hjelp, nemleg pasientane og deira næraste, sa Hovland.

Festkvelden bestod av talar, utdeling av blomar og gåvekort, middag, med dessert og kaffi, vakker og stemningsfull song av Kammerkoret Bocca og sist, men ikkje minst: Den obligatoriske fotograferinga. Til stades var eit hundretals jubilantar og leiarar.​

40-årsjubilanter 2023 - foto Eirik Dankel-2.jpg
 40-årsjubilantarFrå venstre Geir Søndenå, Norunn Strandenes, Anders Hovland, adm.dir i Helse Fonna, Hanne Sissel Bådsvik, Hilde Saltvedt Wathne, Kirsti Nordtveit, Edmund Lampe, Grete Hersvik Larsen. Foto: Eirik Dankel

25-årsjubilanter 2023 - foto Eirik Dankel-1.jpg
25-års jubilantar: Frå venstre Anne Grete Gjøsæter, Anne Karin Grøsvik Dahle, Eldbjørg Solheim, Anders Hovland, adm.dir.i Helse Fonna, Valborg Irene Sæbø, Arnhild Aas Vad, Anne Karin Wåge Vestvik, Inger Marie Nilsen, Reidun Hovland, Mari Kirsti Grøsvik Langeland, Lillian Karin Rasmussen, Rita Danielsen Tyse, Kari Holme Grutle, Berit Agasøster, Ingvild Miriam Mæland, Laila Helen Sætrevik, Linette Eline Grønningen Pedersen, Anne Lise Kvalevaag, Randi Tindeland, Mette Helen Turøy, Rune Husby Hjelmervik, Andreas Andreassen, Ingunn Olaug Nordbø Sundgot, Ingunn Olaug Nordbø Sundgot, Arnhild Hosås Lura, Gina Helland, Roger Hartvedt, Hilde May Kavlie Saltvedt, Tanja Solvig, Gunhild Karoline Ruset Alne, Gunhild Karoline Ruset Alne. Foto: Eirik Dankel

 

Desse jubilantane var ikkje til stades (alle 25- årsjubilantar):


Aasen, Randi
Bye, Gunvor
Furrebøe, Bente
Hauksson, Agust Fridrik
Huanca Condori, Maria Elena
Iveland, Ragnhild
Jørgensen, Reidar
Karlsen, Britt Vethe
Kibsgaard, Trond
Rasmussen, Monica
Ripel, Marian
Røssland, Rune
Sanson, Marit Helene Hauge
Tollaksen, Kjersti
Vik, Pauline Elisabeth Haugland
Wee, Leif Victor