Tid og stad
- Når
-
- 14. sep. 2026, 09:00 - 14:30
- 18. sep. 2026, 08:30 - 14:00
- 21. sep. 2026, 08:30 - 14:00
- 23. sep. 2026, 08:30 - 14:00
- 24. sep. 2026, 08:30 - 14:00
- Arrangør
- Kvar
-
Auditoriet i U1 (underetasjen)
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
- Haugesund sjukehus
Om kurset
Kurset er for deg med diabetes type 2, og dine pårørande. Kurset gir auka kunnskap som styrkjer tryggleik og meistring i kvardagen. Du får møte andre i same situasjon og dele erfaringar.
På kursa deltek fagpersonar og ein representant for brukarar.
Kurset er gratis for deg som har frikort, og for pårørande. Andre betaler eigendel etter gjeldande takstar.
Dette er eit todagars kurs. Dag 1 er felles for alle. På dag 2 blir deltakarane delte i grupper. I innkallinga får du beskjed om kva dag du skal delta på (dag 2).
Dag 2 blir halde i møterom 1P079.
Avbestilling
Dersom du ikkje kan møte må du gi oss beskjed (avbestilling) seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.
Kontakt
- Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
- Laurdag - Søndag STENGT