Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gul dør med svart tekst

Akuttmottak og overvåking, Odda

Akuttmottaket på Odda sjukehus er for pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Det gjeld alle vaksne, barn, eldre og tilstander, med unntak pasientar som skal føde.

Vi har òg sengepost der vi overvaker alle type pasientar som kjem inn via akuttmottaket, og oppfølging av intensivpasientar.

Sjuke barn, akutte hjartepasientar, intensivpasientar og pasientar med hjerneslag blir behandla og stabilisert hos oss. Nokre av desse blir transportert vidare til andre sjukehus.

Vi bemannar den kommunale legevakttelefonen på telefon 116117.

Legevakttelefonen er tilgjengeleg 24 timar i døgnet, heile året, og er eit samarbeid mellom Odda sjukehus og Ullensvang kommune.

Lokala til den kommunale legevakta ligg i 1. etasje på Odda sjukehus.  

Ei kvinne med hodetelefonar som sit foran ein skjerm
Legevakttelefonen er bemanna av sjukepleiarar ved Akuttmottaket på Odda sjukehus. Foto: Anne Grethe Nilsen

 

 

Når du kjem til oss, blir du møtt av sjukepleiar og lege.

På akuttmottaket har vi legar med ulike fagområde. Desse legane konfererer ofte med spesialistar på større sjukehus, avhengig av kva type medisinsk kompetanse ein treng.

Viss du ikkje er alvorleg sjuk eller skadd, må du berekne noko ventetid før du får snakke med ein lege.

Vi har traumeteam og medisinsk akutt team for både vaksne og barn. Vi har òg eit team for akutt hjerneslag.

Disse teama kan bestå av anestesilege, medisinsk eller kirurgisk overlege, anestesi- og operasjonssjukepleiar, sjukepleiar i akuttmottak, frå radiologiavdelinga eller laboratorieavdelinga. I barneteamet kan det også vere aktuelt å ha med jordmor.

En person i en sykehusseng
Akuttmottaket ved Odda sjukehus. Foto: Anne Grethe Nilsen.

 

Hjerneslagpasientar får akutt behandling og medisinar mot blodpropp (trombolyse) og blir overvaka hos oss.

Vi har òg moglegheit til å kople oss opp mot nevrologisk avdeling i Haugesund via videokommunikasjon.

Vi gjer elektrokonvertering (stabilisering av hjarterytme) for pasientar med hjarteproblematikk, og vi klargjer pasientar som skal vidare til Haukeland universitetssjukehus for utblokking av hjartearterier (PCI).

Vi har intensivpasientar som får pustestøtte/maskebehandling via respirator.

Intuberte pasientar som må ligge på respirator over lengre tid, blir stabilisert hos oss og sendt vidare til andre sjukehus.

Vi har ikkje noko standard køsystem for behandling. Vi behandlar dei sjukaste først.  

Basert på SATS-verktøyet gjer vi ei kort førehandsvurdering og prioritering av alle pasientar for å avgjere hastegraden. Det vil bli gjort ei rask undersøking og satt ei fargekode. Ventetida er avhengig av fargekoda di og talet på pasientar i mottaket. Vi har som mål at prioriteringa skal bli utført innan 15 minutt. 

Ventetida for behandling er stort sett kort hos oss, men er avhengig av hastegrad.

Rød

Akutt - tilnærma ingen ventetid. 

Oransje

Hastar - du skal raskt bli sett til av lege. 

Gul

Hastar litt - dette gjeld deg som er sjuk eller skada, men utanfor umiddelbar livsfare. 

Grøn

Hastar ikkje - gjeld deg som er sjuk eller skada, men ikkje nødvendigvis treng medisinsk hjelp umiddelbart. 

Blå

Du har blitt vist til skadepoliklinikken, og du har ei tilstand som tilseier at du ikkje treng ein full vurdering av hastegrad. Du vil bli tatt imot etter kvart som legane er ledige.

 

Sei i frå viss tilstanden din forandrar seg. Vi gjer så godt vi kan for å hjelpe deg og andre pasientar. 

I møte med lege og sjukepleiar vil det bli gjort undersøkingar som det kan ta tid å få svar på. Det kan vere behov for å ta ulike prøvar der det kan vere noko ventetid. Eksempel på typar prøvar kan vere CT, røntgen eller blodprøvar.

Etter at undersøkingane er ferdig, vil du enten bli utskriven eller innskriven til vidare behandling på sjukehuset. Du kan også bli sendt vidare til eit anna sjukehus.

Vi har god dialog med kirurgisk poliklinikk der vi behandlar lettare skader. Større ortopediske inngrep som hoftebrot blir sendt videre til Haugesund sjukehus eller Stord sjukehus for operasjon.

Sidan vi prioriterer pasientar som har fått alvorlege skader, eller som har vore ute for alvorlege ulykker, kan det bli lengre ventetid for dei med lettare skader. 

Vi tar imot sjuke barn. Dei blir stabilisert og sendt vidare til barneavdeling/intensivavdeling på Haugesund sjukehus, eller til Haukeland universitetssjukehus.

Vi handterer òg barn med kirurgiske problemstillingar som brot, eller barn som må overvakast i kortare periodar.

Akuttmottaket har beredskap for handtering av CBRNE-hendingar og handtering av handtering av pasientar som har vore utsett for farlege stoff som kan ha høg risiko for liv, helse og miljø.

På Odda sjukehus har vi eit saneringsrom der vi tar i mot CBRNE-pasientar, og tiltakskort for handtering av slike hendingar.

Vi handterer jamleg mindre kjemikaliehendingar òg har hyppige simuleringar der vi øver på slike hendingar.

CBRNE er ei forkorting av kjemiske (C), biologiske (B), radioaktive (R), nukleære (N) og eksplosive (E) hendingar. Brann i tunnel, kjemiske utslepp frå industri, transportulykke med utslepp av farlege stoff og smittsame sjukdommar er eksempel på CBRNE-hendingar.

Vi er 27 sjukepleiarar som jobbar 12 timars vakter. Mange av sjukepleiarane våre har spesialutdanning innan akuttsjukepleie, intensivsjukepleie, anestesisjukepleie og sårsjukepleie.

På Akuttmottaket har vi overlegar og legar under utdanning (LIS1).

Praktiske spørsmål

Vi har parkering for besøkande i området rundt sjukehuset. Det er ingen parkeringsavgift.

Ventetida varierer avhengig av kor alvorleg skadd eller sjuk du er, ledig kapasitet og kor mykje folk det er på akuttmottaket.

Vi har serveringstilbod til alle våre pasientar og pårørande.

Pårørande og andre kan også kjøpe mat i kantina i underetasjen (U1). Den er open frå kl. 10.00 -12.30.

Du kan bruke nettverket gjest.ihelse.net.

Du vil få beskjed om å legge inn mobilnummeret ditt, deretter får du tilsendt eit brukarnamn og passord for å logge inn.

Viss du er på venterommet/daglegstova, kan du ta kontakt ein av dei tilsette som er på vakt. 

Viss du har blitt utskriven, kan du kontakte sentralbordet, avdelinga der du var innlagt på, eller fastlege.   

Om du ønskjer meir informasjon om helsehjelp, rettar, sjukdom eller diagnose kan du lese om dette på Sykdommer - Helsenorge

Kontakt

Telefon

Døgnopent sentralbord

53 65 10 00

Døgnopen sengepost for akuttmottak og overvåking

53 65 11 72

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Akuttmottaket/OVA ligg i 2. etasje på Odda sjukehus. Du kan enten ta heis eller bruke trappene for å kome til oss.

På dagtid kan du registrere deg i ekspedisjonsluka i 1. etasje – uansett kor du skal på sjukehuset.

Kjem du utanfor arbeidstid går du rett opp på avdelinga i 2. etasje. Kjem du nattetid, kan du bruke ringeklokka ved hovudinngangen og nokon vil kome for å ta imot deg.

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Praktisk informasjon

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.