Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Behandlingshjelpemidler

Søvnapnè-utstyr

CPAP er den vanlegaste behandlinga for søvnapnè. For at behandlinga skal fungere best mogleg, er det viktig å halde utstyret reint. Her finn du informasjon om reinhald, vedlikehald og kva du gjer dersom du får problem med CPAP-utstyret.

For å få CPAP-behandling må fastlegen først tilvise deg til øre-nese-hals avdelinga på Haugesund sjukehus. Deretter vil du tilvisast til utgreiing og søvnregistrering på søvnpoliklinikken ved Odda sjukehus.

Dersom resultatet av søvnregistreringa viser behov for behandling, blir du kalla inn til oppstart av CPAP-behandling ved Odda sjukehus.

Dei første 3 mnd etter oppstart

Dersom du treng anna forbruksmateriell enn det du fekk utlevert ved oppstart av behandlinga, må du dei tre første månadane kontakte søvnpoliklinikken ved Odda sjukehus.

Utover 3 mnd etter oppstart

Forbruksmateriell må bestillast hos oss på behandlingshjelpemidler.

Sjå Behandlingshjelpemidler - Helse Fonna HF

Luftfilter – bør skiftast kvar 3 – 6 månad

Slange – bør skiftast 1 gong i året

Maske – bør skiftast 1 gong i året

Maske

Dagleg reinhald: Tørk av innsida og utsida av maska med ein rein og fuktig klut. Vask delane i lunkent såpevatn med eit mildt reingjeringsmiddel, bruk gjerne oppvaskmiddel.

Reingjer maska grundigare ein gong i veka: Ta frå kvarandre dei lause delane på maska. Sjå bruksrettleiinga som følgjer med maska for rettleiing om demontering og montering. 

Ikkje bruk bleikemiddel, klorhaldige løysingar, alkohol, aromatiske løysingar, fuktigheitsskapande eller bakteriedrepande reingjeringsmiddel, eller oljar til reingjering av maska eller stroppane.

Luftslange

Vekentleg reinhald: Vask slangen i varmt vatn med eit mildt oppvaskmiddel. Skyll godt med vatn. Lat slangen tørke skjerma for direkte sollys eller varme.

Fuktekammer

Dagleg reinhald: Tøm vasskammeret og tørk det godt med ein rein klut. Lat det tørke, og unngå direkte sollys. 

Vekentleg reinhald: Vask kammeret i varmt vatn med eit mildt oppvaskmiddel, eller i ei blanding av 1 del eddik og 9 delar vatn med romtemperatur. Skyll godt med vatn. Lat det tørke, og unngå direkte sollys.

Fuktekammeret kan også vaskast i oppvaskmaskin.

Sjå nettsidene til ResMed for meir informasjon om reinhald og vedlikehald: 

Hvordan du rengjør CPAP-apparatet – alt du trenger å vite | Resmed Norge

 

 

CPAP-maskinen treng ikkje årleg service. Når maskinen har nådd maksimal motortid, vil meldinga «Motortid overskredet» visast på skjermen. Då må du kontakte oss for å få ny maskin.

Ta også kontakt med oss dersom det oppstår tekniske problem eller andre utfordringar med utstyret.

Sist oppdatert 12.08.2026