Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ungdom

12-15

Kva er BUP?

BUP er ein del av sjukehuset og skal sørge for at ungdom får hjelp med psykiske vanskar. Vi kan skilje mellom BUP poliklinikk og BUP døgnpost.

Poliklinikken er eit slags kontor der barn og ungdom får hjelp. På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om det barn og unge ofte slit med. På poliklinikken blir du ikkje innlagt, men kjem til avtalt tid og drar heim igjen etterpå.

Det er nokre ungdommar som treng tettare oppfølging. Då kan dei bli innlagt på døgnpost. BUP døgnpost er annleis enn ein vanleg sjukehuspost. Her får alle sitt eige rom, og det er mogleg for føresette å sove på same rom. Du kan vere saman med andre ungdommar og kan prate med dei i stua. Det vil alltid vere nokon på jobb som passar på.

Vi på BUP jobbar også saman med andre, som skule og helsesjukepleiar. Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpe deg så godt vi kan. 

Kva er ei utgreiing?

Ei utgreiing er ein prosess der vi prøver å finne ut korleis du har det. Kva som kan vere grunnen til at du kanskje føler deg trist, engsteleg, sint eller har andre vanskar. 

Først vil du treffe ein psykolog, lege eller spesialpedagog. Dei vil stille deg spørsmål om korleis du har det, kva som skjer i kvardagen din og korleis du føler deg både på skulen og heime.  

Du kan få snakke om kva som er vanskeleg for deg, og dei vil også prøve å forstå korleis du har det med vener, familien og i andre situasjonar. 

Av og til kan dei be deg gjere nokre testar. Det kan vere som små spel eller oppgåver for å finne ut korleis hjernen din tenkjer og fungerer.  

Også vaksne som kjenner deg godt, som mamma, pappa eller læraren din, kan bli spurt korleis dei trur du har det. 

Slik kan dei vaksne på BUP forstå deg betre og gi deg den hjelpa som er best for deg.

Utgreiing er altså ein måte å finne ut kva som kan hjelpe slik at du får det betre. 

Det er heilt vanleg å vere nervøs, men vi på BUP vil gjere vårt beste for å hjelpe deg og sørge for at du føler deg trygg.

Skal eg komme åleine 

Dei fleste kjem til BUP saman med nokon, særleg første gongen. Dette kan vere foreldre eller andre omsorgspersonar. 

Vi ser at mange stort sett er glade for at dei er med på nokre av samtalane.

Hjelp til sjølvhjelp 

Mange ungdommar, som deg, er veldig flinke til å finne raskt fram på internett når dei leitar etter informasjon. Det er ikkje dumt, for det er mykje informasjon om psykiske vanskar å finne. 

Du kan bruke spørjeskjema som undersøker kva som er vanskeleg for nettopp deg, eller du kan få tips om kva som kan hjelpe nettopp deg. 

Moodgym er eit godt eksempel på eit slikt nettbasert hjelpeprogram retta mot personar med depresjon. Dette er for deg som er litt eldre. 

Sjekk også  ung.no og  selvhjelp.no

Rettigheiter og brukarmedverknad

Ungdommar har fleire rettigheiter som pasient ved BUP. Dette er noko tilsette på BUP har mykje kunnskap om.

Meir informasjon om dine rettigheiter finner du her:

Helserettigheter for barn og unge - Helsenorge

Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.pdf

Brukermedvirkning – din rett og mulighet til å medvirke - Helsenorge

Helse Fonna har eit eige ungdomsråd og BUP Haugesund har tilsett erfaringskonsulent. Ungdomsrådet og erfaringskonsulenten sikrar brukarmedverknad på teneste- og systemnivå, kor dei bidrar til at tilbodet skal bli best mogleg for barn og unge.  

Meir informasjon om ungdomsrådet og erfaringskonsulenten finner du her:

Ungdomsrådet - Helse Fonna HF

Heile meg - Helse Fonna HF

Les meir

Barn og ungdoms psykiske helse - Helsenorge 

Snakk med noen — Ung.no 

Barn med psykisk sykdom i familien - Helsenorge 

Unge pårørende - Pårørendesenterets egen ressurs for barn og unge pårørende mellom 7-18 år 

Sist oppdatert 09.07.2025