Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis jobbar BUP

Avdelinga har tre poliklinikkar: to ved BUP Haugesund og ein ved BUP Stord. I tillegg har vi 2 sengepostar: barnepsykiatrisk post (6-12 år) og ungdomspsykiatrisk post (13-18 år), begge i Haugesund.

Sengepostane dekker heile Heise Fonna-området. Sengepost-avdelinga har ansvar for barn og ungdom i alderen 0-18 år. 

Poliklinikk

Klinikk for psykisk helsevern har tre poliklinikkar for barn og unge – to i Haugesund og ein på Stord. Poliklinikkane har ansvar for kvart sitt geografiske område.

Poliklinikkane tilbyr utgreiing og behandling (pasientforløp) til barn og unge med allmennpsykiatriske lidingar. Dette kan vere angstlidingar, utviklingsforstyrringar, depresjonar, ADHD-problematikk, avhengigheit, spiseforstyrringar, reaksjonar etter traumatiske opplevingar  eller ein kombinasjon av fleire vanskar.

Etter utgreiing vurderer vi om barnet/ungdommen treng behandling hos oss eller om det er nok med tilrettelegging i kommunen. Behandlingstilboda ved BUP er i all hovudsak  medikamentfrie.

Behandlingstilbod kan vere:

  • Individualbehandling (ulike typar terapi)
  • Foreldrerettleiing / samarbeid
  • Gruppetilbod
  • Opplæring / informasjonskurs knytta til aktuell diagnose
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Medikamentell behandling ved behov

Kven møter du på poliklinikken?

På BUP jobbar psykologar, legar, pedagogar, sosionomar og barnevernspedagogar. Som pasient kan du møte fleire av desse under utgreiing/behandling.

Døgnpost

Nokre barn og unge treng tettare oppfølging. Då kan dei bli innlagt på døgnpost i Haugesund, enten post sør eller post nord. Desse er annleis enn ein vanleg sjukehuspost. Her får alle får sitt eige rom.  

Døgnpostane har alle kommunar i Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten har ansvar for barn og ungdom i alderen 0-18 år.

Vi gir hjelp til å forstå og meistre vanskane, oppstart av behandling, støtte og rettleiing til den unge og familien/føresette. Vi samarbeider med andre instansar under og etter opphaldet. 

Som pasient har du rettigheiter under opphald hos oss. Her er meir informasjon om dette: Filmar om barn og unge sine rettar ved innlegging 

Kva er forskjellen på planlagt opphald og akutt hjelp? 

Post nord og post sør har både planlagde innleggingar (elektiv) og akutt hjelp funksjon (ØH). 

Ved ei planlagd innlegging får du ein ansvarleg behandlar, som er enten lege eller psykolog. Du vil også samarbeide tett med to miljøterapeutar som blir dine kontaktar gjennom heile opphaldet. Barn og unge som kjem på planlagde opphald, bur i avdelinga måndag til fredag og reiser heim i helga.  

Akutt hjelp er derimot ofte ei kortvarig innlegging med fokus på stabilisering – gjerne knytt til søvn, ro og kvile. Behandlarar og miljøterapeutar får då høve til å observere og vurdere vidare behandlingsbehov.

Ved planlagde innleggingar er det poliklinikkane i Haugesund og på Stord som vurderer behov for innlegging. Dersom det er behov for akutt hjelp kan også legar i kommunen og barnevernteneste tilvise til dette, sjå BUP vaktteneste - Helse Fonna HF 

Post nord

Post nord er ein 7-døgnspost med 4 døgnplassar og ei akuttseng for barn i alderen 6-12 år. Post nord ligg i 2.etasje på BUP-bygget i Haugesund og har eigen inngang.

Posten gir eit tilbod til barn som strevar med samspillsvanskar, angst, depresjon, tankekaos, vanskar i utviklinga – ofte i kombinasjon med andre vanskar. Eit planlagd utgreiings- og behandlingsopphald kan vare frå 2-4 veker, alt etter alvorsgrad og behov. 

Før ei planlagd innlegging, vil vi ha eit møte og eit heimebesøk for å bli litt betre kjent før barnet kjem til avdelinga.  

Under innlegging er føresette med under heile opphaldet, i tråd med Forskrift om barn på sjukehus. Barn og føresett får eige rom med bad under opphaldet. 

Skuletilbod

Under oppholdet får barna eit skuletilbod ved Hollenderhaugen skulesenter, som vil ha eit samarbeid med heimeskulen til det enkelte barnet.

Hollenderhaugen skolesenter

Post sør

Post sør er ein 7-døgnspost med 6 senger for ungdom i alderen 13-18 år. Posten ligger i 2.etasje på BUP-bygget i Haugesund og har eigen inngang. Ungdommar innlagde hos oss, får eige rom med bad. 

Ei planlagd innlegging har ofte ein varigheit på 3-4 veker, kor ein vanlegvis blir permittert/reiser heim i helger. Nokre psykiske lidingar treng lengre behandlingstid enn 3-4 veker. 

Post sør gir eit tilbod til ungdom 13-18 år som strevar med: 

  • Psykose 
  • Depresjon/suicidalitet 
  • Alvorleg personlegdomsforstyrring/ sjølvskading/ destruktiv åtferd 
  • Alvorlege svingingar i stemningsleie 
  • Alvorlege spiseforstyrringar 
  • Utredningar av samansette vanskar 
  • Utredning av nevropsykiatriske tilstandar/utviklingsforstyrring 

Fleire av desse tilstandane kan vere i kombinasjon med rusproblematikk. 

Før ei planlagd innlegging, vil vi ha eit eller fleire møter/forvern der vi vil drøfte, vurdere og finne ut om du er motivert for å ta imot hjelp. Vi må også ta stilling til om vi kan gi deg den hjelpa du ønskjer og om du kan ha nytte av hjelpa. Til dette møtet/forvernet vil du bli innkalt saman med dine føresette.  

Dersom du er aktiv på fritida, prøver vi å legge til rette for at du kan fortsette med aktivitetane dine under opphaldet. Du kan ha besøk av familie og venner i visittida. Dette og meir vil du få informasjon om i forvernsmøtet. 

Skoletilbod 

Under eit opphald får du tilbod om å gå på vår intern-skule, Hollenderhaugen skole er ein viktig samarbeidspartnar og ein del av utredninga/behandlinga som blir gitt under opphaldet. Nokre ungdommar kan gå på sin vanlege heimeskule dersom det blir vurdert som det beste. 

Hollenderhaugen skolesenter 

Erfaringskompetanse og brukarmedverknad  

Barn, ungdom og deira pårørande har rett til å medverke i utforminga av tenestene til BUP. Fagpersonar på BUP har mykje kunnskap om korleis ein kan legge til rette for medverknad på individnivå.  

Helse Fonna har eit eige ungdomsråd og BUP Haugesund har tilsett erfaringskonsulent. Ungdomsrådet og erfaringskonsulenten sikrar brukarmedverknad på teneste- og systemnivå, kor dei bidrar til at tilbodet skal bli best mogleg for barn og unge.   

Som pasient eller pårørande kan du spørje om å få snakke med erfaringskonsulenten på BUP. Erfaringskonsulenten har eigen erfaring som pasient og pårørande ved BUP. 

Meir informasjon om ungdomsrådet og erfaringskonsulenten finner du her: 

Ungdomsrådet - Helse Fonna HF  

Heile meg - Helse Fonna HF 

Meir informasjon om dine rettar finn du her: 

Sist oppdatert 15.08.2025