En gruppe mennesker som poserer for et bilde

ANeED-studien

Ein klinisk studie av Ambroxol ved tidleg demens med lewylekamar.

Grafisk brukergrensesnitt
Demens med lewylekamar (DLB) er den nest vanlegaste formen for demens.
 
Den gir karakteristiske symptom som kognitiv svikt, synshallusinasjonar, søvnproblem og parkinsonliknande trekk som skjelvingar og trege rørsler. 

Demenstypen blir ofte underdiagnostisert og feildiagnostisert, og har vore forska svært lite på.

Det fins inga behandling som kan bremse utviklinga av sjukdomen eller kurere den. Gjennom ANeED-studien håpar vi å komme eitt skritt nærare ei slik behandling.

April 2024

Vi har per i dag inkludert 84 pasienter i legemiddelstudien, med mål om å inkludere 156 pasienter er vi derfor over halvveis i rekrutteringen. 26 pasienter har fullført 18 måneder på studiemedisin, og 5 pasienter har i tillegg fullført 12 måneder med studiemedisin etter fullføring av hovedstudien (de første 18 mnd).

Vi har forlenget studien med 6 måneder, slik at pasientene og pårørende får mulighet til en ekstra oppfølging 6 måneder etter avsluttet medisinering med Ambroksol eller placebo. 20 av pasientene hører til i Helse Fonna, og 64 hører til andre steder i landet.

Vi har foreløpig 8 studiesentre: Haugesund (Helse Fonna), Stavanger (SUS), Bergen (Haraldsplass), Trondheim (St.Olavs), Tromsø (UNN), To avdelinger v/Akershus (AHUS) og Oslo (OUS). 

Oktober​​ 2022

Vi har per i dag inkludert 36 pasientar i legemiddelstudien der vi testar ambroksol ved demens med Lewylegemar. 12 av desse i Helse Fonna og 24 i andre delar av landet. 6 pasientar har allereie hatt sin 1-års kontroll, og i desember forventar vi at dei første er ferdig med første delen av studien. Etter at pasientane har fullført 18 månader på studiemedisin vil alle få tilbod om behandling med ambroksol i 12 månader.​

Januar 2022

Helse Vest støttar ANeED-prosjektet med innovasjonsmidlar for å utvikle ein app. Les meir på Helse Vest sine nettsider (helse-vest.no)​ 

Det er no inkludert 19 pasientar i studien, 10 av desse i Haugesund. Totalt deltar seks sjukehus i Noreg i studien, i Haugesund, Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen. Tromsø startar snart opp.

Ju​li 2021

Dei første fem pasientane i studien er inkludert, i Haugesund. Planen er å inkludere totalt 172 pasientar, der omlag 25 er planlagt inkludert i Haugesund.​ Første studiemedisin blir delt ut i starten av juli. 

Februar 2​021

Studien er godkjent av Statens legemiddelverk (SLV), Norsk senter for forskingsdata (NSD) og regional etikk-komité (REK). Vi planlegg å inkludere første pasient i mars 2021.

 

Samtykkeskjema

For deltakar

Samtykke ANeED-studien.pdf

For pårørande

Samtykke ANeED-studien pårørende.pdf

Diagnose og oppfølging

Les om diagnostisering og oppfølging ved DLB

Last ned eiga hefte om DLB

Pasient og pårørande informasjon demens med Lewylekamar.pdf

Bli deltakar

Ønsker du å delta i utprøving av medisinen ambroksol mot tidleg DLB, eller har du ein pasient dette kan vere aktuelt for?

Les meir om korleis pasientar kan inkluderast i ANeEED-studien


     

    ​​

    • Gjennomføre eit fase 2 randomisert kontrollert forsøk med medisinen Ambroxol til pasientar som har tidleg og mild DLB
    • Etablere eit nettverk av norske klinikkar for framtidig forsking på medsinar med potensiell effekt mot DLB
    • Auke kunnskapen om DLB i befolkinga gjennom eit eige PPI-program (patient and public involvement)




     

    Kan digitale hjelpemiddel gi oss fleire svar?

    I ANeED Joint Effort21-studien brukar forskarane våre digitale hjelpemiddel i forskinga. Både for å forstå meir om Lewybody demens, men også for å sjå korleis slike hjelpemiddel kan brukast for diagnostisering og behandling i framtida.

    ANeED Joint Effort21
    En svart klokke på en hvit overflate
    Sist oppdatert 10.10.2024