Diagnose

Demens med lewylekamar (DLB)

Demens med lewylekamar (DLB) er den nest vanlegaste demensforma etter Alzheimer. Den skil seg frå andre demenstypar ved symptom som synshallusinasjonar, søvnforstyrringar og fysiske symptom som minner om Parkinsons sjukdom, som skjelving, stivleik og tregleik. Det finst inga behandling som kan bremse eller kurere sjukdommen.

Demens er en fellesbenevnelse for flere hjernesykdommer. Den vanligste typen er Alzheimers hvor hukommelsessvikt er det vanligste symptomet. Det kan også være andre symptomer som viser seg først ved demens.

Demens er en fellesbenevnelse for flere hjernesykdommer som ofte opptrer i høy alder og fører til kognitiv svikt.

En større undersøkelse av forekomsten av demens i Norge viser at det er vel 100 000 personer med demens i Norge.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Fastlege i samarbeid med demens- eller minneteamet i kommunen greier ut, diagnostiserer, behandlar og følgjer opp vanleg demens. Pasientar med DLB vil oftast kvalifisere til utgreiing i spesialisthelsetenesta på grunn av symptom som synshallusinasjonar og tilhøyrande vrangførestillingar i  tidleg fase av sjukdommen.

Utgreiing

Diagnosen blir stilt basert på sjukehistoria med symptom som:

  • synshallusinasjonar, der personen typisk oppfattar å sjå andre menneske
  • variasjon i merksemd, vakenheit og grad av forvirring frå éin dag til den neste
  • sympton som kan likne på symptoma til Parkinsons sjukdom
  • søvnforstyrringar der personen ikkje ligg roleg under draumesøvn/REM-søvn

I utgreiinga inngår også ei klinisk undersøking, kognitiv testing såkalla biomarkørar som DaTSCAN/CIT-spekte (ei biletundersøking av hjernen). Utgreiinga blir tilrådd gjennomført med både pasienten og ein person som kan gi tilleggsopplysningar, som ektefelle/sambuar eller barn.

Blodprøvar og MR eller CT av hjernen blir teken i første omgang for å utelukke andre forklaringar som hjerneinfarkt, hjernebløding eller hjernesvulst. Legen vurderer om andre undersøkingar skal gjerast, som spinalpunksjon og undersøking av spinalvæske med demensmarkørar.

Ved symptom som liknar dei ved Parkinsons sjukdom, som skjelving, tregleik i rørsler og stivleik blir det også tilrådd vurdering av ein legespesialist i nevrologi. Dette kan også vere aktuelt ved ulike søvnforstyrringar.

Det kan også vere aktuelt med nevropsykologisk og nevropsykiatrisk utgreiing. Ein nevropsykologisk test blir gjord for å kartleggje dei kognitive funksjonane til pasienten som evne til tenking, innlæring, orientering og minne, medan ei nevropsykiatrisk vurdering kan bidra til å utelukke andre årsaker til kognitiv svikt, som depresjon eller angst. Det kan også bidra til å skilje mellom demenstypane Alzheimer og DLB.

 

Behandling

Det finst dessverre inga behandling som kan bremse eller kurere DLB. Pasienten kan få medisinar som blir brukt ved Alzheimers sjukdom og som kan hjelpe mot nokre av symptoma i ein periode. Her må ein ta omsyn til biverknader og risiko for forverring av andre symptom enn dei ein har, som mål å behandle.

Oppfølging

Etter å ha fått diagnosen DLB, handlar oppfølginga om å leggje til rette for best mogleg meistring av situasjonen for pasient og pårørande gjennom:

  • opplæring av pasient, pårørande og eventuelt helsepersonell rundt pasienten
  • tilpassa mental og fysisk aktivitet
  • tidleg samtale om viktige framtidige avgjerder om medisinar, økonomiske og juridiske spørsmål, forskingsdeltaking og liknande.

Redusere risiko

DLB gir auka risiko for ei rekkje tilstandar som fall, underernæring og depresjon. Ein viktig del av oppfølginga er derfor risikoreduserande tiltak innanfor desse områda:

  • redusere fallrisiko
  • leggje til rette for betre søvn
  • tiltak ved svelgvanskar
  • handtering av synshallusinasjonar
  • førebyggje depresjon (til dømes gjennom lysbehandling eller miljøterapi)
  • redusere uro, agitasjon og vrangførestillingar.

Situasjonen til dei pårørande

Når ein person får diagnosen DLB, kan det opplevast som ei krise for dei pårørande. Sjukdommen vil innebere ei stor omsorgsbyrde for dei næraste. Som omsorgsgivar speler du ei stor rolle i livet til personen med DLB, så det er viktig at du tek vare på deg sjølv  og di eiga helse. Du kan ha auka risiko for søvnvanskar, depresjon og andre helseplager. Alle omsorgsgivarar treng tid utan omsorgsansvar, og det er viktig å få og ta i mot hjelp. Det kan vere å få meir kunnskap gjennom pårørandekurs og avlastande tiltak frå familie, venner, aktivitetsvenn, dagsenter, korttidsopphald eller liknande.

Trass utfordringar er det viktig å leggje til rette for gode stunder saman. Det kan hjelpe å lage ei liste over situasjonar og aktivitetar som har gitt og framleis kan gi glede.

Kunnskap om sjukdommen

Kunnskap om sjukdommen er viktig. Oppfølging frå kommune og spesialisthelseteneste bør innebere tilbod om opplæring til pasient og pårørande.

Du kan lese meir om symptom, undersøkingar og behandlingstiltak i den nasjonale retningslinja.

 

Kontakt

Haugesund sjukehus Haugesund sjukehus

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​