Eva Biringer - Ny kunnskap og betre behandling
Då Eva Biringer jobba som lege, undra ho på om andre faktorar enn den faktiske behandlinga kunne ha noko å seie for pasientane si betring.
No følgjer ho forskardraumen sin og jaktar på ny kunnskap om korleis organiseringa av helsetilbodet kan påverke sjølve behandlinga.
– Det betyr mykje for meg å få være med å bringe fram ny kunnskap som kanskje kan gi ny og betre behandling, seier ho.
Daglegli vet viktig for å bli betre
Forskinga hennar har mellom anna vist at familie og sosialt nettverk, arbeid og meiningsfylte aktivitetar er basen i pasientane sin betringsprosess. Biringer meiner det er tydeleg at vårt eige daglegliv utgjer ramma for betring når vi blir sjuke.
– Forskinga viser at det kan vere nyttig for behandlarar å i større grad ta utgangspunkt i pasientens eigne meistringsstrategiar og daglegliv i behandlinga, forklarar Biringer.