Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en datamaskin

Gastrokirurgisk avdeling

Vi utgreier og behandlar tilstander i øvre og nedre del av fordøyingssystemet. Vi har både akutte og planlagde innleggingar. Avdelinga utfører kirurgiske inngrep og undersøkingar, både i poliklinikk og på sengepost.

  • Vi utgreier og har oppfølging med pasientar som har hatt kirurgiske inngrep, deriblant pasientar med kreft i mage og tarm.
  • Nokre behandlingar i fordøyingssystemet er ikkje tilgjengelege hos oss. Då blir pasientar tilvist til andre sjukehus.
  • Dei som ha operasjon hos oss vil bli kalla inn til ein poliklinisk dag med ulike forundersøkingar kort tid før innlegging.

Du får eit innkallingsbrev med tidspunkt og stad for timen din, og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Det er også mogleg å ha telefon- og videokonsultasjon istaden for å møte opp fysisk.

Innkallingsbrevet kjem digitalt via helsenorge.no. Der kan du også sende meldingar til oss om du har spørsmål eller må endre timen. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, får du brevet i postkassen.

NB! Det er viktig at du leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte må du ta undersøkingar før du kjem til timen.

Medisinar: ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Denne bør innehalde namn på medisinen, dose, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Pasientar som blir tilvist til oss i eit pakkeforløp får tildelt eigen forløpskoordinator som blir pasienten sitt kontaktpunkt. Dette er ein sjukepleiar som tar kontakt med pasienten på telefon, gir råd om kva som skal skje, og følgjer opp pasienten fram til innlegging og operasjon.

Forløpskoordinatoren er også pasienten sin kontaktperson opp mot andre sjukehus viss pasienten skal ha operasjon eller behandling der.

Pakkeforløp kreft - Helse Fonna HF

Våre poliklinikkar

Vi gir informasjon, rettleiing og behandling til pasientar med stomi eller inkontinensproblem.

Vi har lang erfaring med fedmeoperasjonar for pasientar med sjukeleg overvekt. Dei som vel å ta fedmeoperasjon blir følgde opp med konsultasjonar og kurs i fem år, med fokus på vektreduksjon, kosthald og aktivitet.

Vanlege tilstandar og innleggingsårsaker

  • Kreft i tykktarm- og endetarm
  • Kreft i spiserøyr, magesekk, tynntarm
  • Kreft i bukspyttkjertelen
  • Gallegangskreft
  • Galleblærebetennelse
  • Betennelse i bukspyttkjertelen
  • Divertikulitt (betennelse i små utposninger i tarmen)
  • Blindtarmbetennelse
  • Magesår eller sår i tolvfingertarmen
  • GI-blødning (blødning i mage/tarm systemet)
  • Brokk
  • Sjukdomar i endetarmen og anus (hemoroidar, analfissurer, fistlar, prolaps)
  • Pasientar med open kontakt til avdelinga (aktiv kreftbehandling eller palliativ fase)

Undersøkingar vi ufører

  • Gastroskopi
  • Koloskop
  • Rektoskopi
  • MRCP (bildeundersøking av gallevegar)
  • ERCP (endoskopisk undersøking av gallevegar)
  • Ultralyd av lever, galle og bukspyttkjertel (pankreas)
  • CT
  • Ulike røntgenundersøkingar

Vanlege planlagde operasjonar

  • Operasjon ved kreft i tykktarm og endetarm
  • Fjerning av galleblære
  • Brokkoperasjonar
  • Fedmeoperasjonar (gastric bypass/sleeve)
  • Stomioperasjonar

Stomi (utlagt tarm)

En stomi, eller utlagt tarm, er ein kunstig opning i bukveggen på magen, der tarmen er ført ut, vrengd og sydd fast til huda.

Stomi (utlagt tarm)
Diagram

Kontakt

Gastrokirurgisk avdeling

eDialog – eit sikkert alternativ til e-post

Gå til eDialog
Via denne tenesta kan du trygt sende oss meldingar med personsensitive opplysningar.

Logg inn på helsenorge.no

Endre time på helsenorge.no
For å sende melding med personsensitive opplysningar, bruk eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland