Digital oppfølging
- SMS med påminning om blodprøve og avføringsprøve. Du får ei påminning 30 dagar før du får skjemaet IBD eigenregistrering.
- Prøver. Blodprøve og avføringsprøve skal takast før du svarer på skjemaet. Blodprøve skal takast rett før injeksjon.
- Du får skjemaet IBD eigenregistrering på SMS. Du skal svare på skjemaet kvar fjerde månad. Logg inn via ID-porten med BankID. All informasjon vert lagra på ein sikker måte i journalen din.
- Vidare oppfølging. Ein sjukepleiar vurderer skjemasvara og prøvesvara dine. Dersom du har behov for vidare oppfølging, vert du sett opp til ein telefonkonsultasjon.
Prøvetaking
Blodprøve
- Blodprøve skal takast kvar fjerde månad.
- Du kan ta blodprøvene på laboratoriet på sjukehuset i 4. etasje.
- Bur du meir enn 30 minutt unna sjukehuset, kan du ta blodprøvene hos fastlegen. Gi beskjed til poliklinikken dersom du ikkje tar blodprøvene på sjukehuset.
- Tar du blodprøver hos fastlegen vil du motta etikettar til blodprøvene i posten. Gi beskjed til poliklinikken dersom du ikkje har fått desse.
Avføringsprøve
- Avføringsprøve skal takast heime kvar fjerde månad.
- Du får utstyr til avføringsprøver for eitt år på sjukehuset. Gi beskjed dersom du treng å få utstyret tilsendt i posten.
- Avføringsprøven skal leverast på sjukehuset eller sendast i konvolutten som følgjer med.
Viktig informasjon
Det er viktig at du tar både blodprøver og avføringsprøver, slik at vi skal kunne gi deg best mogleg behandling. Avføringsprøvene gir informasjon om det er aktiv sjukdom i tarmen.
Dersom du opplever ei forverring eller endring i sjukdommen, ta kontakt med fastlegen eller IBD-sjukepleiar.
Sist oppdatert 25.09.2026