Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behovsstyrt poliklinikk - IBD

Pasientar som får oppfølging for IBD, kan få moglegheit til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverke i oppfølginga si.

Vi tilbyr oppfølging med regelmessige kontrollar for alle som har IBD. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar med jamne mellomrom.

Poliklinikken tilbyr også behovsstyrt oppfølging av IBD som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølging av din IBD skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang.

Før

Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.

Dette er ikkje ei løysing for akutt hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.

Under

  1. Du får SMS med lenke når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare.
  2. Når du har logga inn får du digitale spørjeskjema med spørsmål om helsetilstanden din. Dette skjemaet får du tilsendt kvar 4. månad. 
  3. Sjukepleiar går gjennom svara dine, og kontaktar lege ved behov. Vi ringer deg dersom vi har behov for utfyllande opplysningar, og sender deg innkalling til time ved poliklinikken om det er behov for det. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krevjer vidare vurdering, høyrer du ikkje noko frå oss før du får nytt skjema fire månader seinare. Då oppfatter vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande.
  4. Dersom du opplever ei forverring eller endring, ta kontakt med fastlegen eller IBD-sjukepleiar.

Etter

Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging når du måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom du ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.   

Sist faglig oppdatert 24.03.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Har du time hos oss, må du ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Lista bør innehalde namn på medisinen, dosen, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland