Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intensivavdelinga, Haugesund

Intensivavdelinga er ei kombinert postoperativ og intensiv avdeling. Vi overvakar og gir avansert medisinsk behandling til alvorleg og kritisk sjuke pasientar i alle aldrar. Intensivpasientar har akutt eller trugande svikt i sentrale organfunksjonar, ofte knytt til pustefunksjon eller blodsirkulasjon.

På postoperativ (oppvakninga) overvakar og behandlar vi pasientar som har hatt operasjon eller andre medisinske inngrep som har involvert narkose eller smertelindrande medisin.

Våre sjukepleiarar observerer pasienten sine vitale teikn som pust, hjarterytme og blodtrykk for å sikre ei trygg oppvakning frå narkose.

Vi mottar pasientar frå alle kirurgiske spesialitetar på sjukehuset.

Vi gir smertebehandling, behandlar biverknadar, og overvakar og normaliserer vitale funksjoner etter kirurgi og narkose. Pasientane ligg på ein stor sal med berre skjermbrett mellom sengene.

Avhengig av tilstand blir pasientane overvaka frå ein time til opptil eit døgn, før dei blir sendt vidare til avdelinga dei høyrer til (moderavdeling).  

På intensiveininga overvakar, pleier og behandlar vi akutt kritisk sjuke i alle aldrar.

Desse pasientane deler nokre gonger rom med andre pasientar som er i same situasjon. Eit intensivopphald kan vare frå under eit døgn til mange veker.

Det er alltid ein intensivsjukepleiar til stades hos pasienten. Sjukepleiaren til stades tar hand om pasienten som er sjuk, og ivaretar det medisinsk tekniske utstyret rundt pasienten. Anestesilege har i samråd med lege frå moderpost det medisinskfaglege ansvaret for pasientane.

Behandling av kritisk sjuke pasientar skjer så lenge det er håp om betring og overleving.

Som pårørande står du i ein stressande og usikker situasjon. Vi er her for deg og dine næraste.

I intensivavdelinga har vi anestesilegar, intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar fordelt på intensiv og postoperativ (oppvakninga).

Vi varetar pasientar i alle aldrar, også barn. Pårørande til barn som er innlagd hos oss kan vere til stades heile døgnet og får spesiell tilrettelegging. Pårørande til barn som er innlagt hos oss har rett på (gjeld berre ein person):

  • Gratis måltid
  • Overnatting på intensiv
  • Gratis parkering (24 timar om gongen)

Du kan ta kontakt med oss for meir informasjon.

Næraste pårørande får informasjon om helsetilstanden til pasienten.

Vi ber om at familien utpeiker ein kontaktperson, som kan vere eit bindeledd mellom oss og dykk. Han/ho kan då vidareformidle informasjonen til andre i familien. Dette er viktig for å unngå mange telefonar frå fleire familiemedlem.

Dersom det er behov for informasjonsmøte med lege, må dette avtalast med sjukepleiar og lege på førehand.

Vi har ikkje moglegheit for å oppbevare pasienten sine personlege eigedeler. Avtal gjerne med sjukepleiar slik at ein av de pårørande tek eigedeler med seg heim.

Vi anbefaler pårørande om å ta med pasienten sine toalettsaker og liknande til avdelinga.

Visittid er alle dagar kl. 11.00-13.00 og kl. 17.00-19.00.

Skal du besøke pasientar hos oss, må du gjere deg kjent med følgande reglar:

  • Nyopererte pasientar får ikkje ta imot besøk operasjonsdagen, med unntak av barn som kan ha ein pårørande til stades heile tida.
  • Av omsyn til pasient og medpasientar, kan berre to pårørande kome på besøk til intensivpasienten om gongen. Dette gjeld i visittida.
  • Når pasienten delar rom med andre pasientar, kan legevisitt, behandling og undersøkingar føre til at pårørande/besøkande må vente før ein kan kome inn på rommet. Vi ber om forståing for dette.
  • Bruk alltid ringeklokka utanfor døra til avdelinga dersom du skal inn til oss. Vent til personalet kjem og hentar deg.
  • Ha mobiltelefon på lydlaus når du er på besøk. Gå ut av avdelinga dersom du skal ringe.
  • Ver merksam på at det under besøket kan oppstå akutte situasjonar på rommet, og pårørande/besøkande kan bli bedt om å gå utanfor.
  • Er du forkjøla, har influensa, diare eller oppkast, må du seie ifrå til sjukepleiar før du evt. får kome inn på avdelinga. Barn som har eller kan vere smitta med barnesjukdommar, får ikkje kome på besøk.
  • På grunn av smittefare og allergi, er det ikkje lov å ta med blomster.

Pårørande kan ønske å vere mest mogleg hos pasienten. Dette er ikkje alltid mogleg. Pasientane treng ro og kvile, og sjukepleiarane må ha arbeidsro til å gjennomføre ein del arbeidsoppgåve og stell av pasientane.

Dersom pasienten er kritisk sjuk, kan det vere behov for at pårørande er på sjukehuset heile døgnet.

Det er en ventesone i gangen ved intensivavdelinga. Ved behov for overnatting kan sjukehotellet nyttast.

Barn har rett til å ha ein av sine føresette hos seg.

Vi har dessverre ikkje moglegheit til å servere mat til pårørande.

Kaffeautomat i avdelinga kan nyttas av pårørande.

Du kan kjøpe mat i kantina i 6. etasje. Kantina er open kvardagar kl. 09.30 -15.45.

Du kan også kjøpe varm og kald mat i Narvesen kiosken i 1. etasje. Kiosken er open kvardagar kl. 06.30-21.00, og laurdag og søndag kl. 09.00-20.00.

Vi kan formidle kontakt med sjukehuspresten dersom de ønskjer det. Sjå også: Sjukehusprest - Helse Fonna HF

I dei første kritiske døgna kan det bli gitt frikort til parkering for éin bil per pasient. Ta kontakt med sjukepleiar for meir informasjon.  

Elles er det parkering med parkeringsautomat i parkeringshuset, sjå Parkering - Helse Fonna HF.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.

For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.