Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en trappeoppgang inne i en bygning

Kar/thorax/generell poliklinikk Haugesund

Vi utgreier og behandlar sjukdomar i blodårer (kar), brystkassa (thorax), bløtdelskirurgi (generell) og sårpoliklinikk.

På poliklinikken utgreier og behandlar vi:

  • sjukdomar i blodårene, som hovudpulsåre, tronge blodårer og åreknutar
  • punktert lunge og andre utfordringar knytt til brystkassa
  • hudbiopsiar og fjerning av deformiteter i huda.
  • hudkreft og malignt melanom
  • sårpoliklinikk

Tilvising frå lege og innkalling til time

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege, andre avdelingar på Haugsund sjukehus eller frå andre sjukehus.

Du får innkallingsbrev med tid og stad for timen din, og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Brevet kjem digitalt via Helsenorge.no, der du også kan sende meldingar til oss om du har spørsmål eller må endre timen din. Har du ikkje tilgang til Helsenorge.no eller annan digital postkasse, får du brevet i posten.

NB! Les innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte må du ta røntgen før du kjem til poliklinikken. 

I innkallingsbrevet finn du informasjon om:

  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du ta med ei liste over medisinane dine. Lista bør innehalde namn, dose, om du tek dei fast eller ved behov, og kor ofte.
  • Avtalar: Informasjon om kva som er avtalt i samband med konsultasjonen.
  • Blodprøvar: Du får beskjed om du må ta blodprøver før timen. Prøvane kan du ta hos fastlegen eller på laboratoriet på sjukehuset.
  • Parfyme: Unngå å bruke parfyme. 
  • Parkering: Vi oppfordrar pasientar til å bruke offentleg transport, då det kan vere vanskeleg å finne parkering nær sjukehuset. Brukar du eigen bil, må du berekne god tid til å finne parkering.
  • Tolk: Ta kontakt om du treng tolk.
  • Spesielle behov: Ta kontakt om du har spesielle behov knytt til timen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med oss. Du kan nå oss på telefon, via pasientjournalsystemet eller på Helsenorge.no.

Har du spørsmål om noe akutt, må du kontakte fastlege eller legevakt. 

Videokonsultasjon via join.nhn.no

På sårpoliklinikken tilbyr vi videokonsultasjonar, slik at både pasientar, fastlegar og heimetenesta kan få rettleiing. Du møtar då behandlaren via video i staden for fysisk oppmøte. Les meir om Videokonsultasjonar via join.nhn.no - Helse Fonna HF

Kontakt

Sentralbord

Endre time på helsenorge.no

Logg inn på Helsenorge.no
For å sende brev eller dokument med personsensitive opplysningar, bruk eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi er i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 1B. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.