Haugaland DPS, Haugesund

Haugaland distriktspsykiatriske senter, Haugesund er eit moderne lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år.

Pålogging pasientar - Checkware

Brukerveiledning Checkware

Video: Pasientpålogging med Bank-ID

Video: Pasientpålogging uten Bank-IDPårørendesenteret.no

Akutt psykisk helsehjelp – korleis kan du be om hjelp og kva skjer?

Pårørendesenteret.no er ein landsdekkande nettstad for deg som er pårørande. Her kan du finne kunnskap, tips og råd, og lese om andre pårørande sine erfaringar. Du kan også ta kontakt med pårørandelinja. Dei gir individuell sosialfaglig veiledning via chat, mail eller telefon.

AAT er ein viktig del av akutt-behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar. AAT er forankra i Haugaland DPS og vil vere tilgjengeleg for tilvisarar i Haugaland DPS sitt opptaksområde.

Teamet er bemanna av legar og psykologar. Personalet har døgneteneste eitt døger om gongen, frå kl. 8.00 til kl. 8.00. Døgntenesta er organisert som passiv beredskap. Ved utrykking er det ofte to fagpersonar (lege og psykolog) i teamet, avhengig av behov.

Avgrensingar

AAT er ein viktig del av akutt-behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar. Ein legg opp til eit nært samarbeid med vaktsystemet som dekker både Haugaland DPS og Haugesund sjukehus. Det vil vere sjukdomsintensiteten hos pasientane som avgjer om dei får tilbod ved DPS eller akuttposten ved sjukehuset. Ved tilstandar der tilvisande instans vurderer at pasienten har behov for akutt medisinering eller innlegging i akuttpost, skal ein nytte deira vaktsystem. Akutt ambulant team ønskjer å vere tilgjengeleg utover ordinært vaktsystem for å kunne vurdere og behandle tilstandar i tidlege fasar av sjukdommen, og såleis demme opp for meir akutte situasjonar.

Innhald og ansvarstilhøve

AAT har tre hovudfunksjonar:
1. Poliklinisk vurdering: Pasienten kjem då til poliklinikken for ei einskildvurdering av behandlar på vakt i AAT. Dersom pasienten av AAT blir vurdert til å ha behov for opphald ved Haugaland DPS, kan vedkomande takast inn til eit kriseopphald på inntil 3 døgn. Om vedkomande treng eit lengre opphald, blir dette vurdert av inntaksteamet.
2. Ambulerande konsultativ teneste: AAT rykker ut for å gi konsultativ bistand til lege/psykiatritenesta i kommunen.
3. Konsultativ teneste per telefon.

Kven kan tilvise?

  • Fastlege/legevakt kan ta telefonisk kontakt for drøfting eller ambulant konsultativ
    bistand. Om det blir aktuelt med klinisk vurdering, må det ligge føre skriftleg tilvising. Denne kan komme i ettertid.
  • Psykiatritenesta i kommunane når det gjeld pasientar under tvunge psykisk helsevern etter § 3.1.2 i psykisk helsevern-lova.
  • Valdtektsmottaket.
  • Kriseteam i kommunane.
  • Vaktsystemet ved sjukehuset.
  • Behandlarar ved Haugaland og Karmøy DPS

Avdelinga har 10 døgnplassar, inkludert ei kriseseng som blir administrert av Akutt Ambulant Team (AAT), og gir tilbod til pasientar med stemningslidingar, alvorlege depresjonar og angstproblematikk. Vi har følgjande behandlingstilbod:


  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Miljøterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg primærgruppe
  • Fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøterapeutar og medpasientar
  • Miljøterapeutiske grupper
    - kroppsmedvitsgruppe
    - fysisk aktivitet
    - turgruppe   
    - psykoedukasjon
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Pårørandearbeid med spesielt fokus på barn og mindreårige pårørende

Miljøet er tilrettelagt for pasientar der det blir vurdert som terapeutisk viktig å vere i eit aktivt behandlingsmiljø. Ved avdelinga har vi ei kognitiv atferdsterapeutisk behandlingstilnærming. I vekedagane deltar pasientane i grupper og undervisning. Vi har fokus på meistring, kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel mellom miljøterapeuter og medpasientar.

Målgruppa er personar med personlegdomslidingar, stemningslidingar, angsproblematikk og spiseforstyrringar.

Behandlingstilbod

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell vurdering og behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut
  • Spesialistvurdering
  • Miljøterapi
  • Miljøterapeutiske grupper:
    ◦ meistrings- og problemløysningsgruppe
    ◦ uttrykk i ord og bilder
    ◦ kreativitetsgruppe
    ◦ fysisk aktivitetgruppe
    ◦ bevegelsesgruppe
    ◦ daglege morgonmøter
    ◦ samtalar med miljøterapeut
  • Undervisning om depresjon, angstlidingar, medikasjon, grubling, søvn, fysisk aktivitet, ernæring og mindfulness
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Fysioterapeutisk  vurdering og behandling
  • Pårørandearbeid individuelt og i gruppe, med spesielt fokus på barn (Barne- og familieprogrammet)

Avdelinga har 10 døgnplassar, inkludert ei kriseseng som blir administrert av Akutt Ambulant Team (AAT), og gir tilbod til pasientar med stemningslidingar, alvorlege depresjonar og angstproblematikk. Vi har følgjande behandlingstilbod:

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Miljøterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg primærgruppe
  • Fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøterapeutar og medpasientar
  • Miljøterapeutiske grupper
    - kroppsmedvitsgruppe
    - fysisk aktivitet
    - turgruppe   
    - psykoedukasjon
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Pårørandearbeid med spesielt fokus på barn og mindreårige pårørende

Avdelinga i Haugesund har 10 plassar, derav er 2 plassar brukarstyrte og 1 plass definert som kriseseng.

Avdelinga på Karmøy har 10 plassar, derav er 3 plassar brukarstyrte og 1 plass definert som kriseseng.

 

Krisesengene blir administrert av Akutt Ambulant Team (AAT).

Behandlingstilbodet rettar seg hovudsak mot personar med alvorlege psykiske lidingar som langvarige psykosar, schizofreni og rus/psykiatri. Målgruppa er pasientar med psykoseproblematikk. Behandlingstilbod:

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut
  • Miljøterapi med fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøterapeutar og medpasientar
  • Miljøterapeutiske grupper
    -fysisk aktivitet
    -aktivitetsgruppe - tur, kino, kultur og anna
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Fysioterapeutisk vurdering og behandling
  • Pårørandearbeid individuelt og i grupper med spesielt fokus på barn

Vi greier ut og gir poliklinisk behandlingstilbod til deg som både har rusliding og psykiske lidingar, også kalla ROP-lidingar. Vi undersøkjer også behov for plass i rusbehandlingsinstitusjon og hjelper til med å søke plass. 
 
Vårt mål i behandlinga av deg med rusliding er å forkorte tida med behandling og hjelpe til at du blir rusfri.

Målsettingane våre lagar vi individuelt til kvar pasient. For å sette realistiske mål ser vi blant anna på når ruslidinga di blei etablert, kor lenge det har vara, type rusmiddel, din alder, kjønn, og psykiske og fysiske helsetilstand. Men også samlivserfaringar, utdanning, arbeidserfaring og økonomiske situasjon er viktig for å sette mål for behandlinga.

Kven treff du hos oss?

Poliklinikken er tverrfagleg samansett med kompetane innan medisin, psykologi og sosialfag.

Behandlingsformer

  • Gruppeterapi ved behov
  • Traumebehandling
  • Kognitiv behandling
  • Medisinsk behandling
  • Ambulante tenester
  • Systemisk tilnærming
  • Nettverksintervensjon
  • Familieterapi
  • Pårørandearbeid
  • Motiverande intervju


 

 Kven samarbeider vi med?

  • Kommunale instansar
  • NAV
  • Fastlege
  • Pårørande
  • Andre distriktspsykiatriske sentra (DPS)
  • Rusinstitusjonar, både eksterne og lokale, som Ungdomseininga på Karmøy DPS


 

Pårørande og samarbeid med andre

For deg som er pårørande eller arbeider i samarbeidande organ har vi generell informasjon, råd, rettleiing og undervising.


 

Alle søknadar om behandling ved avdelingar eller poliklinikkar skal sendast via lege til:

Inntaksteamet ved Haugaland DPS
Pb. 2052
5504 Haugesund

Mange sliter i periodar av livet sitt. Noen så tungt at dei vurderer å ta sitt eige liv. Dei fleste kjem seg gjennom krisene ved hjelp av venner, familie, fastlege eller offentleg hjelp. Men ikkje alle. Nokon orker ikkje eingong å snakke om det, eller veit ikkje kven dei skal snakke med. Dei føler seg som ein belastning for andre. Kven forstår kor tungt livet kan vere?

Kva med å ringe oss? Anonymt om du vil. Vi har lang erfaring med å lytte til folk som sliter og er i ei alvorleg krise. Også med dei som ombestemte seg og valde livet. Mange som har vore i det djupaste mørke, og som fekk hjelp i en kritisk situasjon, seier "Hald ut – det er verd det!"

Her kan du snakke med fagfolk dersom du er i ein vanskeleg situasjon. Du kan også kontakte ditt lokale DPS eller næraste legevakt.

  • Haugaland DPS 907 61 525, kvardagar 8.00–15.00
  • Kirkens SOS: 815 33 300 – Vi er der alltid!






Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Forløpskoordinator Haugaland DPS: 992 01 904 </br> Forløpskoordinator Karmøy DPS: 476 86 245

Postadresse

Postboks 2052, 5504 Haugesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Floravegen 75, 5535 Haugesund

Haugaland DPS, Haugesund

Floravegen 75

5535 Haugesund

​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

eMeistring

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.
Les meir
Collage. (Foto)

Akuttforløp psykisk helsehjelp

Rutinar og transport av psykisk sjuke.
Transport. (Foto)

Hjelp deg sjølv i ventetida

Her finn du informasjon om vanlige psykiske vansker, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
Helse Bergen gir gode råd i ventetida
Hjelp deg sjølv