Pakkeforløp psykisk helsevern

Pakkeforløp psykisk helse og rus skal styrke det heilskaplege behandlingstilbodet til pasientar med psykisk helse- og rusmiddelproblem.

Pakkeforløp vaksne

Pakkeforløp barn

Frå 1. januar 2019 vil alle som blir tilvist til spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern og får rett til nødvendig helsehjelp, bli omfatta av eit pakkeforløp.

Å vere ein del av eit pakkeforløp vil seie at du som pasient får eit utgreiings- og behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Pakkeforløp inneber at du som pasient skal få vite kva som skal skje, når det skal skje og kven som har ansvaret.

  • Innføringa av pakkeforløp skal styrke det heilskaplege behandlingsforløpet. Formålet med pakkeforløp er:
    Større forutsigbarheit og tryggheit for pasienten
  • Likeverdig behandling uavhengig av kor ein bur
  • Unngå unødvendig ventetid
  • Større brukarmedverknad og brukartilfredsheit
  • Betre ivaretaking av somatisk helse og levevanar
  • Betre samhandling og overgangar
  • Meir systematiske evalueringar

Alle som blir tilviste spesialisthelsetenesta innan Tverrfagleg spesialisert rusbehandling og psykisk helse og får rett til nødvendig helsehjelp, blir omfatta av pakkeforløp.

Forløpskoordinator skal vere tilgjengeleg for pasient og pårørande og involverte instansar, til pasienten har fått eigen behandlar. Forløpskoordinator har overordna ansvar for at:

  • Forløpstider blir følgde
  • Forløpet blir koordinert
  • Målepunkt blir koda

Nei.

Ja. Dei første rapporta skal komme etter første halvår 2019.

Pakkeforløp i dei tilstandsspesifikke pakkeforløpa starte 15. februar 2019.

Pakkeforløpet startar i eige føretak den dato tilvisinga blir mottatt. Ein skal også registrere inn dato for "Start pakkeforløp første helseføretak" og namn på dette.

Sist oppdatert 07.06.2021