Bygningar Valen sjukehus. (Foto)

Valen sjukehus

Valen sjukehus er ein av to sentralsjukehusseksjonar i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Sjukehuset ligg ved fjorden i den vakre bygda Valen i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.

Pålogging pasientar - Checkware


Brukerveiledning Checkware

Video: Pasientpålogging med Bank-ID

Video: Pasientpålogging uten Bank-ID


Hagen foran Valen sjukehus. (Foto)

For oss er menneskeverd og individuelt tilpassa behandling viktig, samstundes som vi er opptatt av endring og utvikling for å tilpasse oss behova i samfunnet. Pasientar og pårørande skal oppleva seg møtt med respekt og erfara at deira tilbakemeldingar blir verdsatt og nytta i det vidare utviklingsarbeidet i seksjonen.


Vi har 34 døgnbehandlingsplassar og ein poliklinikk: Akuttpost Valen, Eining for psykosebehandling, Eining for sikkerheitspsykiatri, Eining for forsterka rehabilitering og Ambulant sikkerheitsteam.


Vi yter helsetenester av god kvalitet og har kontinuerleg prosessforbetring for å sikra eit fagleg høgt nivå, og gjennomfører brukarundersøkingar. Vi gjennomfører årlege revisjonar av eige arbeid, og seksjonen har ved to høve mottatt kvalitetsprisar for dette arbeidet. Alle einingar har fagpersonar som jobbar i tverrfaglege team for å møte pasientens individuelle målsetjingar og behov.


Jobb i Helse Fonna?


Telefon sentralbord

53 46 64 00

Telefontid
07.30-15.00 måndag-fredag. Resten av døgnet og helg blir du satt over til sentralbord ved Haugesund sjukehus.


Sjå også      

Lov om psykisk helsevernKva er psykose?Selvskader du?Kjenner du noen som selvskader?Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helseMental helse


Kart Valen sjukehus.png


Kart over sjukehusområdet

 

  1. 1. etg: Eining for sikkerhet. Underetg: Eining for sikkerhet og rehabilitering

  2. FDPS poliklinikk

  3. 2. etg: Behandlerkontor og resepsjon. 1. etg: Akuttposten. Underetg: Eining for psykosebehandling

  4. Leiing og administrasjon

  5. Folgefonn DPS

  6. Internservice

  7. Hovedkjøkken

  8. Nor Tekstil vaskeri

  9. Verkstad

  10. Velferdsbygg/kapell

  11. Gartneri

  12. Søsterheimen


Einingar

Utsikt fra Valen sjukehus. (Foto)

Eininga har sju døgnbehandlingsplassar til akuttpsykiatri og ein behandlingsplass til psykosebehandling.

Akuttbehandlingstilbodet er for vaksne personar som har behov for øyeblikkeleg psykiatrisk hjelp på sentralsjukehusnivå. Det kan vere ved psykotiske tilstandar som medfører betydelig fare for pasienten og/eller andres liv eller helse, suicidalitet, tilstandar prega av stor angst eller depresjon, og akutte forvirringstilstander.


I dei fleste tilfella vil pasienten bli tilvist frå fastlege, legevakt eller DPS til øyeblikkeleg hjelp.


Opphaldet ved akuttposten er normalt av kort varighet, men det varierer ut frå pasienten sin tilstand. I løpet av opphaldet vil eininga saman med pasienten planlegge vidare forløp som kan vere overføring til kommunehelsetenesta, DPS døgnpost, poliklinisk oppfølging eller overføring til langtidspost.


Vårt opptaksområde er kommunane Etne, Kvinnherad, Stord, Fitjar, Bømlo,  Tysnes og Ullensvang. Vi samarbeider tett med Folgefonn DPS og Stord DPS, med samarbeidsmøter to gonger i veka.


Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 74. Pasienttelefon: 53 46 64 93.


Besøk

Pasientbesøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.


Prosedyre - Grunnlag for behandling på akuttposten Valen


Postar ved Valen sjukehus. (Foto)

Eining for psykosebehandling er eit behandlingstilbod for heile Helse Fonna. Posten har ni døgnbehandlingsplassar og er ein lukka post.Tilbodet vårt er retta mot unge vaksne med psykoselidingar med høg symptombelastning.

  • Pasientar med så høg symptombelastning og lågt funksjonsnivå at dei ikkje kan ta vare på seg sjølv i kvardagen

  • Pasientar som har fått behandling på lågare nivå, men ikkje har opplevd betring

Pasientane i målgruppa kan ha ein forholdsvis kort sjukehistorie, men eininga gir også tilbod til pasientar med langvarige psykoselidingar med alvorlege tilbakefall. Eininga tek ikkje i mot pasientar der rus eller valdeleg åtferd pregar symptombiletet.


Behandlingsfilosofien ved eininga er tufta på recoverybasert tenking i eit tverrfagleg behandlingsteam. Vi har eit spesialansvar for å gi behandlingstilbod for dei som treng meir tidkrevjande og intensive behandlingsopplegg. Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Eininga har fokus på brukarmedverknad.  


Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, psykologisk behandling, miljøterapi og rehabilitering med særleg fokus på ADL-trening og sosial trening, relasjonsbygging (Les også: Relasjon, en nøkkel ved psykose, napha.no) og familie- og pårørandesamarbeid.


Slik jobbar vi

Prosedyre - Grunnlag for psykosebehandling på Valen Sjukehus

Prosedyre - Miljøterapi på psykoseposten


Eining for psykosebehandling har som målsetting å ha regelmessige samarbeidsmøter med DPSa i Helse Fonna.


Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 73. Pasienttelefon: 53 46 64 92.


Besøk

Pasientbesøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.


Les meir om psykose på helsenorge.no

Inne på post Valen sjukehus. (Foto)

Eininga er ei spesialavdeling med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av døgnbehandlingsplassane er for kvinner med valds- og farligheitsproblematikk, fire av plassane er tiltenkt forsterka rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk og dei resterande plassane er tiltenkt andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.


Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.


Vi samarbeider nært med Eining for sikkerhetspsykiatri, og har mange felles aktiviteter og tilbod til pasientane.


Slik jobbar vi

Prosedyre - Grunnlag for behandling på eining for sikkerhet-og rehabilitering


Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 82. Pasienttelefon: 53 46 64 96.


Besøk

Besøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Det rolige rommet på Valen sjukehus. (Foto)


Det rolige rommet

Valen sjukehus har fokus på å kunne redusere bruk av tvang, gi et medikamentfritt behandlingstilbod, og ha fokus på pasientmedverknad.


Det rolige rommet er ein alternativ behandlingstilnærming styrt av pasienten sjølv, der dei kan lære seg enkelte mestringsstrategiar for å auka sin livskvalitet.


Det rolige rommet er eit behandlingsrom der pasientane kan praktisere emosjonell eigenomsorg og avslapping gjennom aktivt beroligande stimuli. Rommet er innreia for å verke komfortabelt og behageleg for sansane, og å væra ei trygg hamn frå stress.


Bruken av rommet er tenkt utelukkande ut frå eit omsorgs- og helsefremmande perspektiv, er alltid valfritt for pasienten, og er ope heile døgnet. Rommet kan brukas for eksempel til å roa seg ned, som distraksjon frå vanskelige tankar og/eller kjenslemessige opplevingar, eller for å frigjere tristhet. Pasienten kan tidlig ta ansvar for teikn på angst og uro med å bruka rommet. Her er det fokus på pasienten, pasientens behov, og kva pasienten sjølv bestemmer i samråd med sitt behandlingsteam. Komponentane i Det rolige rommet treng ikkje vera kostbare, og er enkle i bruk og vedlikehald. Ein kan difor sjå for seg ein overføringsverdi både til egen heim eller til tilbod på lågare funksjonsnivå.


I sikkerheitspsykiatri finn vi alvorleg sjuke pasientar med særleg krevjande behandlings- og forsterka rehabiliteringsløp, og hovuddelen av pasientane er underlagt tvungen psykisk helsevern eller er dømd til behandling.


Tradisjonelt sett har denne pasientgruppa vert underlagt mykje overstyring. Med større statlig fokus på redusert bruk av tvang, ønskjer Valen sjukehus at Det rolige rommet skal bidra til auka mestring og livskvalitet hos denne pasientgruppa.


 


Sjå også: «Rolige rommet i Norge» (PDF 3,8MB)

Sikkerheitsposten på Valen sjukehus. (Foto)

Ei spesialeining med ni døgnbehandlingsplassar for vaksne menn.


Eininga har spesialkompetanse innan observasjon og behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar med særleg risiko for valdeleg åtferd overfor seg sjølv eller andre. Pasienten kan også ha problematikk knytt til alvorleg personlegdomsforstyrring, rusmisbruk og/eller psykisk utviklingshemming.


Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.


Saman med Eining for sikkerhet og rehabilitering, har eininga mange felles aktiviteter og tilbod til pasientane.


Slik jobbar vi

Prosedyre - Grunnlag for behandling innanfor Sikkerhetspsykiatri


Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 83. Pasienttelefon: 53 46 64 97.


Besøk

Besøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Ambulant sikkerhetsteam


Ambulant sikkerheitsteam er ein poliklinikk for pasientar som treng behandling utan døgnopphald i institusjon. Poliklinikken AST er ein viktig del av sikkerheitkjeda for pasienter med alvorlige psykisk liding i kombinasjon med volds- og farligheitsproblematikk og skal skreddarsy opplegg for særleg resurskrevjande pasientar som har eit særleg behov for trygghet og kontinuitet i relasjonane.


Teamet består av overlege, psykolog, sjukepleiarar og sosionom. Poliklinikkens oppgåver er særleg retta mot pasientar som er under tvungent ettervern, og kan blant anna vera:

  • Koordinere og kvalitetssikre pasientens overgang mellom spesialisthelsetenesta og kommunen

  • Kartlegging, tilrettelegging og oppfølging i samarbeid med kommunen

  • Rettleiing, rådgiving og undervisning til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar

  • Koordinering av tiltak mellom spesialisthelsetenesta og kommunen


Tilvising

Pasientane må tilvisast til teamet, tilvising sendast til Valen Sjukehus ved poliklinikken AST.


Vurdering av voldsrisiko – les meir hos Sifer.no

Sikkarverkstaden Valen sjukehus. (Foto)
Gymsal Valen sjukehus. (Foto)

Eininga er ei ressursavdeling som gir støtte til behandling for pasientane på dei føretaksovergripande einingane. Deltaking i aktivitet og ergoterapi er ein del av behandlinga ved Valen sjukehus. Aktivitet er med på å fremme sjølvstende og meistring av eigen kvardag, og førebygger passivitet og isolasjon. Fysisk aktivitet kan også redusere psykiske symptom og fremmer fysisk helse.


Vi legger vekt på å tilby meiningsfulle og målretta aktiviteter ut frå pasientane sine interesser, ønskjer, behov og ressursar. Vi tilbyr også ein til ein-aktivitet tilpassa den enkelte pasient. Kvar eining har ein aktivitør som har som oppgåve å tilpasse aktivitet i samarbeid med pasienten.


Aktivitane inkluderer arbeidsstove, snikkarverkstad, handleturar og sosiale tilstellingar som haust- og vårfest, onsdagstreff, fotballkveld, juletrefest og båtturar. Fysisk aktivitetar kan vere Boccia, ballspel, katring, teningsrom, tugruppe og ulike ativiteter etter årstid, som ski, skøyter, kajakk, båt og sykkel.


Også kosthold og livsmestring er tema vi tar opp, og vi har kurs på treningskjøkken og lagar individuelle treningsprogram til pasientar.


Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 65 01. Telefon aktivitetsansvarlig: 53 46 64 32. Telefon Kringlebakken arbeidsstove: 53 46 65 03.

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i klinikk for psykisk helsevern dekker heile Helse Fonna og har base på Valen sjukehus. Vi arbeider for å styrke pasientar og pårørande si helse og livskvalitet gjennom ulike opplæringstiltak der erfaringskompetanse og brukarmedverknad frå pasientar og helsepersonell på sjukehus er sentrale element.


Pasient- og personalundervising på sjukehuset, gruppesamtalar på enkelte postar, og temakveldar ut i kommunane der ein samarbeider med brukarorganisasjonar og kommune er blant desse tiltaka.


Også fagpersonell, studentar og elevar vil ha nytte av tilboda våre.


Sjå kurs og les meir om LMS


MAP (tidlegare Terma)

map-LOGO. (gRAFIKK)

Å redusere vold og tvang handler om mer enn å bare unngå et destruktivt samspill. Det handler om god behandling. Det handler om å legge til rette for et helsevesen som skal være trygt for begge parter – både pasienter og personale.


«Møt pasienten slik du selv ville ønsket å bli møtt dersom du var syk» - instruktør.


Alle seksjoner i Klinikk for psykisk helsevern har opplæring og kompetanse i TERMA (Terapeutisk møte aggresjon). Fra 2020 implementeres MAP ved alle seksjonene i klinikken. 

De ulike yrkesgruppene i helse- og sosialsektoren er blant de som er mest utsatt for aggresjons- og voldsproblematikk i sitt daglige arbeid. Det er holdepunkter for at problematikken er økende og fokuset på å forebygge og imøtekomme denne problematikken har vært omfattende de siste tiårene. Som et resultat av dette har det blitt utarbeidet mangfoldige opplæringsprogrammer, som har hatt til hensikt å redusere vold- og tvangsforekomst. De fleste har vært kjennetegnet av et begrenset kunnskapsgrunnlag som hovedsakelig har innbefattet egen erfaringskompetanse.


MAP-modellen ble til som en erkjennelse av at de eksisterende opplæringsprogrammene var mangelfulle – både i form av innhold og kunnskapsgrunnlag. De tre regionale sikkerhetsavdelingene ved Brøset, Dikemark og Bergen/Sandviken, samt Helse Stavanger og Helse Fonna har alle hatt lange tradisjoner for systematisk arbeid med aggresjon- og voldsproblematikk. Samtidig kunne alle de ovennevnte kliniske miljøene se potensialet og nytteverdien ved en eventuell sammenfatning av hverandres kunnskap og erfaring.


Arbeidet med å utarbeide et felles opplæringsprogram hadde sitt opphav i 2015. Fire år og flere tusentalls timer med videomøter og diskusjoner senere, står en omsider igjen med et omforent kunnskapsgrunnlag. Ti ulike moduler som kan presenteres samlet som et grunnkurs for ansatte, eller hver for seg som enkeltstående kunnskapsmoduler. Denne opplæringsmanualen er en forening av en massiv erfaringsbase og et oppdatert teorigrunnlag.

Dette er versjon 1.0 av denne manualen. Den er på ingen måte komplett eller endelig. Det er samtidig et håp at den vil kunne fungere som en start på en felles, nasjonal kunnskapsbase. Fagfeltet og kunnskapsgrunnlaget er i konstant utvikling, og det er et ønske at alle som benytter seg av denne manualen skal kunne være med å forme fremtidige versjoner.


Hensikten med manualen er enkel; forhindre vold og sørge for at pasienter og personale opplever seg trygge. Manualens standpunkt er at dette oppnås mest effektivt ved å sørge for at mennesker blir møtt med forståelse og profesjonell omsorg. Forståelse ovenfor sterke følelsesuttrykk og atferd er sjelden noe som kommer av seg selv. Det krever en høy grad av profesjonalitet og kunnskap å kunne identifisere og anerkjenne de underliggende årsakene til disse uttrykkene.


 Denne forståelsen er essensiell da den gir forutsetning og grunnlag for å kunne jobbe målrettet og effektivt med voldsproblematikken. Profesjonell omsorg handler om å gi tilpasset og faglig begrunnet omsorg basert på den enkelte sitt behov. Videre innbefatter omsorgsbegrepet vårt menneskesyn og våre holdninger i møte med den enkelte. Manualen vier mye av sitt fokus på hvordan forståelse og profesjonell omsorg kan omsettes i praksis.

Arbeidet med å redusere vold og tvang er komplekst og må tilnærmes fra flere hold. En av de viktigste forutsetningene for å få dette til, er å øke kvaliteten på de daglige samspillene mellom pasienter og personal.


En ønsker at denne manualen kan fungere som et viktig bidrag til å øke kvaliteten på det voldsforebyggende arbeidet. Først og fremst ved å legge til rette for forståelse og reduksjon av konfliktgrunnlaget, dernest ved å tilføre riktig og nødvendig handlingskompetanse når situasjoner oppstår, samt ved å utnytte det lærings- og utviklingsrommet som kan oppstå i etterkant av aggressive episoder.

 

Visjonen til MAP

  • Bidra til økt sikkerhet og trygghet for pasienter og personale
  • Redusere forekomsten av aggressive og voldelige episoder

Overordnede målsetninger med MAP

  • Forebygge vold
  • Ivareta gode relasjoner
  • Redusere grad av utrygghet
  • Unngå skade
  • Redusere makt og tvang
  • Læring

 

Innhold

MAP er en kurspakke som består av 10 kapitler:

Kap.1: Aggresjonsforståelse

Kap.2: Voldsrisikovurdering og håndtering

Kap.3: Voldsforebygging

Kap.4: Forebyggende kommunikasjon

Kap.5: Deeskalering

Kap.6: Selvregulering

Kap.7: Samhandling

Kap.8: Håndteringsstrategier i kritiske situasjoner

Kap.9: Fysiske teknikker

Kap.10: Etterarbeid

Grunnkurset består av samtlige 10 kapitler. Kapitlene kan også presenteres som enkeltstående moduler, og derav tilpasses ulike rammer og behov.

 

Oppbyggingen av MAP


Oppbygging MAP. (Grafikk)

Hva er MAP?

MAP er et helhetlig opplæringsprogram i forståelse, forebygging, håndtering og oppfølging av aggresjon- og voldsproblematikk.

Aggressive og truende situasjoner kan oppstå ved avdelinger som tar imot og behandler mennesker med ulike psykiske- og følelsesmessige vansker. Aggresjonen kan blant annet ha sammenheng med pasientens helsesituasjon, frykt, opplevelse av avmakt eller institusjonsmiljøet i seg selv. Det er viktig at personalet som jobber ved slike avdelinger kjenner til og forstår hva som kan ligge bak aggressiv atferd for å kunne møte personen på en konstruktiv og beroligende måte.


Situasjoner med aggresjon og vold som blir møtt uten systematikk og tilstrekkelig kompetanse kjennetegnes ofte av kaos, store mengder stress og improvisasjon. Det kan da bli tilfeldig hvilke utfall og konsekvenser situasjonene kan få. Konsekvensene av slike situasjoner kan i verste fall bli svært alvorlige for alle involverte, og det er derfor viktig å møte slike situasjoner på en faglig og profesjonell måte. En trygg personalgruppe gir bedre forutsetninger for å skape trygge pasienter. Et felles opplæringsprogram og en felles mental forståelse og modell er sentral i å oppnå denne nødvendige tryggheten.

Makt og tvang som blir utført av personalet må stå i samsvar med hvor farlig en situasjon er. Dette fordrer evnen til å gjøre en akutt risikovurdering. Spesielt er dette vanskelig når personalet i slike situasjoner ofte har vansker med å regulere sitt eget stress og emosjonsnivå. Personalets stress og uro i slike situasjoner kan medføre mindre hensiktsmessige, forhastede og potensielt farlige handlingsalternativer.


MAP ønsker å være et program som kan gi personalet et helhetlig rammeverk for hvordan forstå, forebygge og møte aggressive situasjoner på en omsorgsfull, ivaretakende og samtidig trygg måte. MAP har et sterkt etisk fundament hvor holdninger som empati, likeverd og respekt er sentrale begreper i vår filosofi for effektiv voldsforebygging og -håndtering.


Aggressive situasjoner er ofte komplekse situasjoner som krever godt samspill blant personalgruppen for å bli håndtert så godt som mulig. Ett av hovedprinsippene til MAP er at personalet får en felles forståelsesmodell som igjen gir grobunn for felles holdninger og handlinger i møte med aggresjon og vold.


Forståelse

MAP har et stort fokus på å forstå aggresjonens opphav og dynamikk. Forståelse av aggresjon og vold som fenomen og mestringsstrategi kan gi et bedre utgangspunkt for empati og hensiktsmessige holdninger. Videre gir det retning for både effektiv aggresjonshåndtering og behandling. For å kunne hjelpe et annet menneske, må en først kunne forstå hvorfor han/hun reagerer som de gjør. Forståelse gir grunnlag for forebyggende arbeid, behandling og håndtering.


Forebygging

Den beste mestring av aggresjon og vold er å forebygge at den finner sted. MAP har primært fokus på forebygging i form av risikovurderinger, relasjonsbygging og miljøterapeutiske virkemidler. Programmet har videre et stort fokus på kommunikasjon, hvordan legge til rette for et aggresjonsforebyggende miljø og hvordan formidle grenser og avslag på en måte som gir minst mulig grad av krenkelse. Relasjoner og omsorg ansees som viktige ingredienser for effektiv voldsforebygging og god sikkerhet ved en avdeling.


Håndtering

I de tilfeller forebygging ikke har lyktes, vil deeskalering være neste virkemiddel for å forsøke å roe situasjonen. Deeskalering innebærer kommunikasjon og handlinger for å oppnå demping og løsning av konflikten. Samhandling, selvregulering og kjennskap til minst mulig inngripende tiltak og lempeligere midler, er viktige ferdigheter og kunnskap på håndteringsnivå.


Noen ganger, uavhengig av innsats i de tidligere fasene, vil situasjoner kunne eskalere til fysiske konfliktsituasjoner. Det er da viktig at personalet har kompetanse på hvordan håndtere slike situasjoner på en verdig, respektfull, sikker og etisk gjennomtenkt måte. De fysiske teknikkene som læres bort i MAP-modellen er nøye utvalgt og har som målsetning å ha en høy grad av effektivitet og enkelhet, samtidig som de har lavest mulig grad av smerte-, krenkelses- og skadepotensiale ovenfor pasienten. Det understrekes at fokuset i MAP er å unngå å komme i situasjoner hvor det blir nødvendig å anvende denne type teknikker.


Oppfølging

Aggressive episoder kan føre til store konsekvenser både på individuelt og organisatorisk nivå. Både organisasjon, kollegaer og personen som ble utsatt for aggresjon vil ha ulike oppgaver og ansvar i forhold til oppfølging og ivaretakelse etter en aggressiv episode.

I etterkant er det sentralt å gjennomgå og evaluere episoden hvor hensikten er å komme frem til hva som eventuelt kan gjøres annerledes i fremtiden for å redusere eller forhindre sannsynligheten for gjentakelse. Læringsperspektivet vektlegges sterkt i MAP-modellen og inkluderer både pasient, personal og avdelingen.

 

Målgruppe og formål for MAP

Det opprinnelige mandatet til prosjektet var å utarbeide en opplæringsmanual for psykisk helsevern. Manualens ti moduler utgjør en helhet som er optimalisert for psykisk helsevern-kontekst. Manualens innhold vil dog være direkte overførbar og relevant til andre kontekster som har utfordringer med voldsproblematikk. Etter et omfattende piloteringsarbeid er det tydelig at gyldigheten av innholdet også er relevant ovenfor andre sektorer og tjenester. Manualen er bygget opp av ti moduler som gjør at den enkelt kan tilpasses og modifiseres til opplæring på mange arenaer – også TSB og kommunalt nivå.

  • Personalet jobber kontinuerlig med å utvikle gode relasjoner med pasientene, da dette gir verdi i form av sikkerhet og terapeutiske muligheter.
  • Personalet er trygge på sin egen og sine kollegaers kompetanse i situasjoner med aggresjon og vold, og kan derav møte pasientene med denne tryggheten.
  • Personalet håndterer konfliktsituasjoner på en måte som forebygger avmaktsfølelse og/eller krenkelse for pasienten.
  • Personalet jobber systematisk og strukturert med voldsforebygging.
  • Personalet har en felles forståelse for hvordan man håndterer konfliktsituasjoner ved avdelingen på en trygg og sikker måte, både for pasienten, omgivelsene og personalet.
  • Avdelingen har et etisk og faglig begrunnet forhold til sine husordensregler og sikkerhetsinstrukser.
  • Personalet er bevisst sin egen rolle i forhold til aggresjonsforebyggende og aggresjonsdempende atferd. Dette innebærer blant annet evnen til selvregulering slik at en unngår å møte situasjoner med unødig maktkamp og egne affekter.
  • Ved aggressive situasjoner velger personalet tiltak og handlinger som står i proporsjon til situasjonens alvorlighet. Konflikter og pasienturo tilstrebes å løses på lavest mulig nivå og så tidlig som mulig.
  • Personalet har en terapeutisk og respektfull tilnærming ved grensesettingssituasjoner og fysiske konfliktsituasjoner.
  • Personalet etterstreber å forstå hvilke årsaker og behov som kan ligge bak pasientens sinne, trusler og aggresjon.
  • Avdelingen har et jevnt og regelmessig fokus på vedlikehold av denne kompetansen via undervisning, veiledning og/eller trening.
  • Personalet har en forståelse av at denne kompetansen omhandler individuell, pasient og kollegial sikkerhet.
  • Avdelingen har en læringskultur hvor det er et kontinuerlig, konstruktivt fokus på hvordan avdelingen, personalet og pasienten kan utvikle seg for å minimere forekomst av makt, tvang og aggressive episoder.
  • Avdelingen har en systematisk oppfølging for ivaretakelse av ansatte som har vært utsatt for eller har opplevd en aggressiv hendelse.
  • Personalet har ettersamtaler med pasienter i etterkant av aggressive episoder og situasjoner hvor det har blitt benyttet tvangsmiddel.
  • Personalet har støtte fra ledelsen på å innarbeide MAP-kunnskap og kultur på avdelingen.

Du kan lese mer om vold, aggresjon og MAP på : https://sifer.no/map/ eller ta kontakt med: torill.storhaug.fotland@helse-fonna.no eller telefon 53 46 64 58.


Kurs og tilbod

Kurs i sinnemestring - eit behandlingstilbod for kvinner og menn som utøver vald i nære relasjonar

Vald løyser ingen problem. Den som vert utsett for vald tek skade av det. Vald gjev både fysiske og psykiske sår. Det største "såret" er angsten vald skaper. Vald drep kjensler, og derfor vil valden drepe kjærleiken. Valden smerter også for den som brukar den.


Det er vondt å leve saman når du ikkje veit om partnaren er saman med deg fordi ho/ han er redd deg, eller fordi ho/ han er glad i deg. Om det er eit mål for deg å kunne leve i eit harmonisk forhold, prega av gjensidig respekt, så er vald den dårlegaste vegen til dette målet.


Eit tilbod til deg med vald- og aggresjonsproblem

Sinneterapi er eit tilbod til deg som har problem med å finne passande reaksjonsformer. Hos oss møter du behandlarar som har god kjennskap til denne problematikken samt lang erfaring med ulike former for vald og aggresjon. I tillegg til den hjelp det kan være for den enkelte klient, trur vi det kan bidra til auka livskvalitet for andre familiemedlemmer.


Vald er ditt ansvar

Vald er ein av mange alternative måtar å reagere på. Når du brukar vald, er dette din reaksjonsform - ditt alternativ. Mange vil kjenne at det ikkje er alternativ, at det ikkje er mogeleg å reagere på anna vis, eller dei maktar ikkje å styre seg sjølv. Det fins alternativ til vald, men mange treng hjelp til å gjere seg bruk av dei.


Kva er vald?

Fysisk vald er konkrete handlingar som strekkjer seg frå halding, risting, dytting og øyrefikar - til alvorleg skadelege handlingar - i verste fall drap.

For dei som vert utsett for valden, er den fysiske skaden sjeldan det viktigaste. Det truande inntrykket og sinnet som følgjer handlingane, gjer mest vondt. Psykisk vald er handlingar-som skremmer, audmjuker og kontrollerer, eller som får andre til å kjenne seg mindreverdig og usikker.


Det vert ikkje betre, det vert verre

Valden vert ikkje borte av seg sjølv. Du må ta den alvorleg og gjere noko med den.  Dette er vanskeleg, og mange treng hjelp til denne jobben, men det finnes hjelp. 

Kurs i sinne meistring, eit gruppetilbod for menn og kvinner som har problem med sinne i nære relasjonar

Sinneterapi er eit tilbod til deg som har problem med å finne passande reaksjonsformer. I dette gruppetilbodet  møter du sinnemestringsterapeutar som har god kjennskap til denne problematikken. I tillegg til hjelp for den enkelte kursdeltakarar, viser erfaringar at tilbodet kan bidra til auka livskvalitet for andre familiemedlemmer.


    Tilvising kan sendes elektronisk til
    Psykisk helsevern for vaksne, Valen Sjukehus, Kvinnherad - HER id 113028  
    Adresse: Spesialisert behandling, Valen sjukehus v/ambulant sikkerhetsteam, Sjukehusvegen 23, 5451 ValenDine handlingar er ditt ansvar

Aggresjon er ein av mange alternative måtar å reagere på. Når du brukar sinne, er dette ditt val av reaksjonsform- ditt alternativ. Mange vil kjenne at det ikkje er alternativ, at det ikkje er mogeleg å reagere på anna vis, eller dei maktar ikkje å styre seg sjølv. Det fins alternativ til sinnereaksjon, men mange treng hjelp til å gjere seg bruk av dei.
 
Det er vondt å leve saman når du ikkje veit om partnaren er saman med deg fordi ho eller han er redd deg, eller fordi ho eller han er glad i deg. Om det er eit mål for deg å kunne leve i eit harmonisk forhold, prega av gjensidig respekt, så er aggresjon den dårlegaste vegen til dette målet.


Tilbodet i Helse Fonna

Sinnemestrings tilbodet i Helse Fonna byggjer på Brøsetmodellen. Tilbodet er ein del av regjeringa sin handlingsplan frå 2008 for hjelp til kvinner og menn som har sinne og valdsproblematikk i nære relasjonar.  Helsedirektoratet har i samarbeid med St. Olavs Hospital, Brøset Kompetansesenter og dei regionale RVTS hatt ansvar for å innføre modellen nasjonalt. Tilbodet består av 3 individuelle timar, som ei kartlegging av utfordringar, og innføring i behandlingsmodellen for deg som ynskjer å delta.  Kurset er vidare inntil 30 timar i gruppe, med læring av mestringsstrategiar og kognitiv terapi. Evaluering viser at dei aller fleste synes at gruppetilbod er nyttig, då ein kjenner igjen problematikk og lærer av andre sine erfaringar. 


Definisjonen av vald i Brøsetmodellen: Einkvar handling retta mot ein anna person, som gjennom denne handlinga skader, smerter, skremmer eller krenker, eller får den personen til å gjere noko mot sin vilje, eller lar være å gjere noko han eller ho vil ( Isdahl, 2001).


Kurset (arrangerast haust og vår ved nok påmelde)

  • Kurset går over maks 15 samlingar

  • Ein må ha tilvising frå behandlar for å delta - ta gjerne kontakt  dersom du er usikker på dette

  • Alle tilvisingar vert løpande kontakta for forsamtalar

  • Kursavgift: Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon pr. kurskveld, inntil beløp for frikort 
     

Kontakt oss gjerne for meir informasjon

Espen Solheim, tlf 951 25 992
Solveig Hjelmeland Olsen, tlf 468 11 079
Sigrid Bøthun, tlf  958 38 810
Aase Borgen Haktorson tlf 902 75 015
 
E-post: lms.psykiatri@helse-fonna.no


Last ned som PDF



Mange har etterkvart høyrt om oransje briller, eller blåblokkerande briller som behandling av mellom anna personar med bipolar liding. Her finn du svar på ei rekke ofte stilte spørsmål. Vil du vite meir om brillene og korleis dei fungerer? Les intervju med forskar og overlege Tone Henriksen


  • Kva gjer dei oransje brillene?

Blå-blokkerande briller (BB-briller) gjer at det ikkje kjem blått lys til augene. Dette blir oppfatta av hjernen som at dagslyset er borte, det skapar eit «virtuelt» mørke for hjernen. Dette set hjernen og deretter resten av kroppen i natt-modus, medan deler av hjernen som dannar bilde oppfattar omgjevnadane som om det fortsatt er ganske lyst. Det virtuelle mørket fremjer ro og kvile, og hindrar blått lys i å bremse din eigen melatoninproduksjon. Det motverkar uro og uønska vakenheit på kvelden. Melatonin er eit  viktig hormon som styrer døgnrytmen, og er viktig for vern og restitusjon av celler og organ om natta.

 

  • Kva tilstandar har dei dokumentert effekt ved?

Det finst no studiar som viser effekt ved oppstemte fasar ved bipolar liding slik som mani og hypomani, ved søvnvanskar ved bipolar liding, ved ADHD hos vaksne, ved insomni hos elles friske. Hos friske tenåringar som brukte skjerm på kveld, viste ein studie at BB-briller beskytta melatonin og motvirka den uønskte oppkvikkande effekten av skjermbruken. Vi er i ein fase av forskinga på effekt hos menneske der det typisk er ein første studie for kvar tilstand. Basalforskinga på mekansimer er overveldande i favør av at lys er ein kraftig miljøeffekt som påverkar søvn/vakenheit og døgnrytmar mykje, og forstyrrer døgnrytmebalansen i hjernen og resten av kroppen, dersom ein får blått lys på feil tid, som sein kveld og natt.

 

  • Eg har ein av desse tilstandane. Kva gjer eg dersom eg ønsker å prøve behandling med oransje briller?

Ta dette opp med legen din dersom du bruker medisiner mot andre sjukdomar fordi BB-briller kan påverke behovet for medisiner som regulerer blodsukker, og også kanskje redusere behovet for sovemedisin og andre beroligande medisiner. Ein kan sjølv bestille briller. Briller som er registrert som medisinsk utstyr skal ha brosjyre med rettleiing.  

  • Kan eg bruke oransje briller mot plager som ikkje er definerte som «sjukdom», men til å for eksempel få ein betre døgnrytme?

Ja, det er stadig fleire som gjer det. Då kan ein bruke BB-briller 2-3 timar før leggetid kvar kveld, i tillegg til å ha det heilt mørkt på soverommet til ein ønskjer å vakne.

  • Kan kven som helst behandle seg sjølv med briller, eller må eg få ei vurdering av ein psykiater?

Om du har ein psykisk sjukdom som treng behandling bør du uansett ha kontakt med ein psykolog eller psykiater for å diskutere bruk av BB-briller. Dette gjeld særleg ved bipolar liding med raske svingingar der det teoretisk kan vere uheldig å bruke briller uregelmessig. Elles er det lite som kan gå gale dersom ein bruker briller 2-3 timar før leggetid, og ikkje på dagtid. Ved mani (stor overaktivitet, for mykje uro/energi) var tidsperioden for brillebruk frå klokka 18.00 og fram til leggetid i mørkt rom og vidare til klokka 8.00 morgonen etter. Men dersom ein ikkje er i manisk fase er klokka 18 sannsynleg for tidleg for dei fleste. Ikkje bruk brillene ved bilkøyring eller ved aktivitet som krev høg grad av merksemd.

 

  • Kor får eg tak i slike briller?

Valen sjukehus og Sandviken sjukehus kjøper briller frå melamedic.dk og chronochrome.com.

Kontakt

Telefon

Forløpskoordiantorar: 53 46 64 42 / 53 46 64 41

Postadresse

Sjukehusvegen 23, 5451 Valen

Slik finn du fram

Et tre med en bygning i bakgrunnen

Valen sjukehus

Sjukehusvegen 23

Sjukehusvegen 23, 5451 Valen

Blåblokkerande briller i behandlinga

Blåblokkerande briller (BB-briller) gjer at det ikkje kjem blått lys til augo. Dette blir oppfatta av hjernen som at dagslyset er borte, det skapar eit «virtuelt» mørke for hjernen.
Les korleis dette kan hjelpe
Blåblokkerande briller. (Foto)

Akuttforløp psykisk helsehjelp

Rutinar og transport av psykisk sjuke.
Transport. (Foto)