Medisinsk poliklinikk

Medisinsk poliklinikk undersøkar, utgreiar og behandlar pasientar med blant anna diabetes og blodsjukdommar.

Tilvising frå lege

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev heim til deg om tid, stad og kva undersøkingar du eventuelt skal gjennomgå.

Utgreiing og kontroll

Etter at diagnose er stilt vurderer lege om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling. Nokre pasientar kjem til kontroll etter å ha vore innlagde på sjukehuset og ein del pasientar med kroniske sjukdommar blir jamleg undersøkte av spesialist i poliklinikken.


Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen til poliklinikken er stengt i helger og helilagdagar. Du finn informasjon om timen din eller du kan endra timen på Helsenorge.no

Slik finn du fram

Oppmøtestad

 Ta ein av heisane ved resepsjonen opp i 5. Hold høgre når du går ut av heisen.  

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund