Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En lege i hvit frakk

Nevrologisk avdeling

Vi utgreier og behandlar pasientar med sjukdomar og tilstander i hjerne, ryggmarg, nerver og muskulatur. Vi har nevrologisk poliklinikk, nevrofysiologisk poliklinikk, og sengepost med seksjon for nevrologi og slag.

Mange av våre pasientar kjem til oss for utgreiing av sjukdom, eller behandling og kontroll av påvist sjukdom. 

Viktig informasjon om innkalling til time

Du får eit innkallingsbrev med tid og stad for timen din, og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Det er òg mogleg å ha telefon- og videokonsultasjon istaden for å møte opp fysisk.

Innkallingsbrev kjem digitalt via helsenorge.no. Der kan du òg sende meldingar til oss om du har spørsmål eller må endre timen din. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, får du brev i postkassen.

NB! Det er viktig at du leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte må du ta undersøkingar før du kjem til timen.

Medisinar: ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Denne bør innehalde namn på medisinen, dose, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

 

Pasientar med epilepsi og hovudpine har moglegheit til å få digital oppfølging.

Dei som har sagt ja til digital oppfølging, får ein SMS frå oss. I SMS-en får du beskjed om å logge deg inn i Checkware for å svare på skjema.

Checkware er eit digitalt ​kartleggingsverktøy der du må bruke BankID for å logge inn. Når du har fylt ut skjemaet i Checkware, blir det overført til din journal.

Registreringa gir oss viktig informasjon om korleis du har det, og korleis sjukdommen utviklar seg over tid. Det gjer det lettare for oss å tilpasse behandlinga og følgje deg opp på ein trygg og effektiv måte.

Vi tilbyr kurs som gir auka kunnskap og meistring i kvardagen. Du får møte andre i same situasjon og dele erfaringar.

Ved Haugesund sjukehus held vi kurs for pasientar med Parkinsons sjukdom og for dei som har hatt hjerneslag, og deira pårørande.

Sjå kommande kurs

Vi har òg digitale kurs til pasientar som nyleg har fått diagnosen Multippel sklerose (MS) og deira pårørande.

Sjå digitale kurs for Multippel sklerose (MS)

Det er ikkje lov å ta og dele bilde av andre pasientar eller helsepersonell.

På vår avdeling er vi nevrologar, legar i spesialisering, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og sekretær.

Vi samarbeider tett med andre fagmiljø på sjukehuset.

Hos oss treff du også ergoterapeut, fysioterapeut, logoped, sosionom, prest, nevropsykolog og studentar knytt til dei ulike yrkesgruppene.

Nevrologisk avdeling har eit aktivt forskarmiljø og deltar i ulike kliniske forskingsprosjekt innan:

  • Multiple sklerose (MS)
  • Parkinson
  • Epilepsi
  • Hjerneslag
  • Hjernesvulst
  • Amyotrofisk lateral sklerose (ALS)

Kontakt

Døgnopent sentralbord

Sengeposten er døgnopen, medan poliklinikken har opningstid frå kl. 08.00-15.00.

eDialog – eit sikkert alternativ til e-post

Gå til eDialog
Via denne tenesta kan du trygt sende oss meldingar med personsensitive opplysningar.

Endre time på helsenorge.no

Endre time på helsenorge.no
For å sende melding med personsensitive opplysningar, bruk eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Nevrologisk sengepost

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Nevrologisk poliklinikk

Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen for å kome til oss.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.