Silverton med et fjell i bakgrunnen

Velkommen til Odda sjukehus

Vi skal fremme helse, meistring og livskvalitet

Laboratoriemedisin

Vi har korte ventetider innan mange behandlingar. Du kan sjølv velje behandlingssted i samråd med legen din, slik at du kan få raskare behandling. På helsenorge.no kan du sjå korleis du går fram.

Sjå ventetider for behandling ved Odda sjukehus

Vi behandlar innlagte pasientar med ulike medisinske tilstander og sjukdommar innan generell indremedisin.

Diagnosar som mellom anna hjerneslag, hjerte- og lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi/diabetes, kreftomsorg, lindrande behandling og geriatri. Dialyse dagavdeling er knytt opp til medisinsk sengepost. engeposten samarbeider med fysioterapeut, ergoterapeut og andre faggrupper. Dei kan undersøke og behandla deg dersom du har trong for det mens du er innlagt eller få oppfølging på poliklinikk etter at du er utskrevet.
 
Viss du har trong for tilrettelegging når du skal heim samarbeider me tett med kommunane som vil ivareta deg vidare.

Oppmøtestad og besøkstider
Du finner oss i tredje etasje på sjukehuset. Våre besøkstider er alle dagar frå kl. 16.30 – 18.30.

Måltid

Måltid blir servert på daglegstova, eller på rommet for dei som av helsemessige årsakar ikkje kan gå ut.

  • Frokost kl. 08.30 – 09.30
  • Middag kl. 12.00 – 13.30
  • Kveldsmat kl. 18.30 – 19.30.
  • Seinkvelds kl 20.00 – 21.00

Visst du har spesielle ynskjer eller trong for spesialdiett, er det fint om du gjer beskjed så tidleg som mogeleg. Pårørande kan bruke kantina eller kiosk.

Husk at god handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset, både av omsyn til deg sjølv og andre pasientar.

Blodprøvar og undersøkingar

Blodprøva blir som regel tatt til faste tider. Skal du ta blodprøvar er det viktig at du er ved senga til desse er tatt. Dei fleste blodprøvesvar kjem same dag, men nokre prøvar må sendast til analyse ved andre laboratoriet.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 08.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing som du vil få nærare informasjon om. Tidspunktet for undersøkingar kan vere vanskeleg å seie, og det kan føre til venting.

Legevisitt

Kvardagar og helgar går legevisitt mellom kl. 08.30 og 11.00.

Medisinar

Vanlege medisinar du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Brukar du spesielle medisinar/inhalasjonar så ta desse med.  Faste tider for utdeling er ca. kl. 08.30, 12.30, 17.00, 20.00. Det er fint viss du er tilgjengeleg til desse tidene. Viss du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider. Du vil få beskjed om kva tidspunkt som er aktuelle for deg.

Vi behandlar pasientar som er innlagt for gjennomføring av  kirurgiske inngrep og sjukdommar eller skadar.

Me utfører kirurgisk behandling ved sjukdommar innan fordøyelsessystemet, enkelte typar plastikkirurgi og urologisk kirurgi.  Me behandlar pasientar med sår og blautdelsinfeksjonar. Inngrepa blir gjort enten på poliklinikk, dagkirurgi eller som innlagt.  Me samarbeider tett med Haugesund sjukehus og henviser pasientar vidare utifrå vurdering av problemstilling. Me tar i mot overflyttingar frå andre sjukehus for vidare behandling og oppfylging.

Oppmøtestad, besøkstider og kontakt

Kirurgisk sengepost ligger i 2. etasje. Besøkstidene våre er alle dagar mellom klokka 16.30-18.30. Du kan nå oss på telefon 53 65 11 72.

Måltid

Måltid blir servert på daglegstova, eller på rommet for dei som av helsemessige årsakar ikkje kan gå ut:

  • Frukost kl. 08.30 – 09.30
  • Middag kl. 12.00 – 13.30
  • Kveldsmat kl. 18.30 – 19.30.
  • Seinkvelds kl. 20.00 – 21.00

Visst du har spesielle ynskjer eller trong for spesialdiett, er det fint om du gjer beskjed så tidleg som mogeleg. Pårørande kan bruke kantina eller kiosk.

Husk at god handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset, både av omsyn til deg sjølv og andre pasientar.  

Blodprøvar og undersøkingar

Blodprøver blir som regel tatt til faste tider. Skal du ta blodprøvar er det viktig at du er ved senga til desse er tatt. Dei fleste blodprøvesvar kjem same dag, men nokre prøvar må sendast til analyse ved andre laboratoriet.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 08.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing som du vil få nærare informasjon om. Tidspunktet for undersøkingar kan vere vanskeleg å seie, og det kan føre til venting.

Legevisitt

Kvardagar og helgar går legevisitt mellom kl. 08.30 og 11.00.

Medisinar

Vanlege medisinar du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Brukar du spesielle medisinar/inhalasjonar så ta desse med.  Faste tider for utdeling er ca. kl. 08.30, 12.30, 17.00, 20.00. Det er fint viss du er tilgjengeleg til desse tidene. Viss du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider. Du vil få beskjed om kva tidspunkt som er aktuelle for deg.

Akuttmottaket i Odda tar i mot kirurgiske traumepasienta, akuttkirurgiske og medisinske akuttpasientar.

Paienten blir vurdert og stabilisert i mottak. Om det er trong for spesialisert behandling blir pasient sendt vidare til sjukehus med høgare behandlingsnivå.

På overvakinga behandlar vi alvorleg sjuke pasientar som trenger tett overvaking eller intensivbehandling i kort tidsrom før overflytting til høgare behandlingsnivå.

Me behandlar pasientar med tilstandar som hjerneslag, hjerteinfarkt, alvorleg lungesjukdomar og akutte kirurgiske tilstandar. Me tar også imot pasientar som skal ligge til oppvakning etter operasjon og observasjon etter skade.

På overvakingsavdelinga er det besøkstid frå 16.30 – 18.30 med individuelle omsyn. Vend deg på vaktrommet før du går inn på pasientrommet. Viss du som oppgitt pårørande ynskjer å ringa avdelinga for oppdatert informasjon og behandling om pasienten som er innlagt, anbefaler me å ringa etter kl. 12.00.

Oppmøtestad og telefon

Akuttmottaket er organisert og samlokalisert med overvakinga i 2 etasje. Du kan ringe oss på telefon 53651172.

Måltid

Måltid blir servert på rommet.

  • Frukost kl. 08.30 – 09.30
  • Middag kl. 12.00 – 13.30
  • Kveldsmat kl. 18.30 – 19.30.
  • Seinkvelds kl. 20.00 – 21.00

Pasientkjøleskap står i daglegstova om ein ynskjer seg eit mellommåltid.

Visst du har spesielle ynskjer eller trong for spesialdiett, er det fint om du gjer beskjed så tidleg som mogeleg. Pårørande kan bruke kantina eller kiosk.

Husk at god handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset, både av omsyn til deg sjølv og andre pasientar.

Blodprøvar og undersøkingar

Blodprøvar blir som regel tatt til faste tider. Skal du ta blodprøvar er det viktig at du er ved senga til desse er tatt. Dei fleste blodprøvesvar kjem same dag, men nokre prøvar må sendast til analyse ved andre laboratoriet.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 08.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing som du vil få nærare informasjon om. Tidspunktet for undersøkingar kan vere vanskeleg å seie, og det kan føre til venting.

Legevisitt

Kvardagar og helgar går legevisitt mellom kl. 08.30 og 11.00.

Medisinar

Vanlege medisinar du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Brukar du spesielle medisinar/inhalasjonar så ta desse med.  Faste tider for utdeling er ca. kl. 08.30, 12.30, 17.00, 20.00. Det er fint viss du er tilgjengeleg til desse tidene. Viss du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider. Du vil få beskjed om kva tidspunkt som er aktuelle for deg.

Målgruppe for tverrfagleg hjerterehabilitering er pasientar som er blitt behandla for hjerteinfarkt, røntgenundersøking av kranspulsåre, ballongutviding med stent eller bypassoperasjon og dei som er hjerteklaffopererte.

Målet er at pasienten får betre kunnskap om eiga helse, god sjølvinnsikt og kan oppleve meistring i hverdagen.

Pasienten får individuelle samtalar med medisinsk overlege, fysioterapeut og sjukepleiar. Kvar fagperson gjennomfører ei kartlegging og gir rettleiing i samtale med pasienten og eventuelt pårørande. Vi vil gå gjennom dine medisiner, snakke om kosthald, stressmeistring, røykeslutt, fysisk aktivitet og trening. Du er velkommen til å stille spørsmål undervegs. Pårørande er velkomne til å delta.

Du treng ikkje førebu deg på noko spesiell måte og du skal ta dine medisiner som vanleg. Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert og fullstendig oversikt over kva medisiner du bruker.

Før du reiser heim oppsummerer vi funna og eventuelle tiltak for deg. Dersom vidare undersøkingar er nødvendige, får du informasjon om det. Lege lagar ei samanfatting frå opphaldet som din fastlege får tilsendt i løpet av kort tid.

Tverrfagleg hjerneslagpoliklinikk er ein poliklinisk kontroll som pasientar får tilbud om 1-3 månadar etter gjennomgått hjerneslag. Eksklusjonskriterier: TIA-pasientar og sjukeheimspasientar.

Målet er at du som pasient skal få betre kunnskap med fokus på førebygging.

Tema: medisiner, røykeslutt, fysisk aktivitet, fallførebyggande tiltak, sunt kosthald, smertemeistring,  vektkontroll, trøyttheit/fatigue, hjelpemidler, rehabiliteringstilbod, førerkort m.m.

Du som pasient får individuelle samtalar med lege (indremedisinar), sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Fagpersonane har kompetanse innan hjerneslagbehandling og vil hjelpe deg med kartlegging, råd og rettleiing. Pårørande er velkommen til å vere med om du ønskjer det.

Pasient må møte fastande til blodprøvar. Det blir tatt EKG, oksygenmetning i blod og blodtrykk.

Vi gjer vurderingar om bilkøyringsevne, som gir grunnlag for å tilrå oppheving av eventuelt køyreforbod. Fastlege kan også tilvise pasienten vidare til nevrolog og praktisk køyrevurderiung etter tilråding frå spesialisthelseteneste. 

Vi kartlegg funksjon og gir råd til pasientane.  Vi sender ei samanfatting av tilrådd behandling, oppfølging og sekundær profylakse til fastlegen.

  • Kardiologisk (hjerte)
  • Lunge
  • Nefrologisk (nyresjukdom)
  • Smerte
  • Diabetes
  • Kirurgisk (vurdering/oppfølging og mindre inngrep)
  • Gastrolab, (gastroskopi og coloskopi)
  • Sårpoliklinikk
  • ØH skadepoliklinikk
  • Varicer (vurdering av åreknuter)
  • Ortopedisk
  • Hepatitt C
  • Tverrfaglig hjerneslag
  • Tverrfaglig hjerterehabilitering
  • Søvnpoliklinikk
 

Operasjonsavdelinga

Radiologi

Søvnpoliklinikken

Dialyse

Sist oppdatert 04.04.2022