Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en lyspære

Operasjon og anestesi, Odda

Operasjonsavdelinga utfører mange ulike behandlingar innan generell kirurgi. Dei fleste har kort ventetid.

Vi utfører kirurgiske inngrep innan:

  • Mage og tarm
  • Åreknutar
  • Endetarm (proktologi)
  • Negler
  • Gynekologi

Vi tilbyr gastroskopi og koloskopi med narkose til pasientar med spesielle behov.

 

Vi har overlegar innan kirurgi og anestesi som alltid har vakt. Vi har i tillegg legar under utdanning (LIS1), og anestesi- og operasjonssjukepleiarar.

Medisinsk team/traumeteam/akutt team

Vi har traumeteam og medisinsk akutt team for både vaksne og barn. Vi har òg eit team for akutt hjerneslag.

Disse teama kan bestå av anestesilege, medisinsk eller kirurgisk overlege, anestesi- og operasjonssjukepleiar, sjukepleiar i akuttmottak, frå radiologiavdelinga eller laboratoriemedisin. I barneteamet kan det også vere aktuelt å ha med jordmor.

Praktisk informasjon til pasientar som kjem til oss

Dersom de har behov for overnatting, kan du ta kontakt med ekspedisjonen (sentralbord) på telefon 53 65 10 00.

Pasientar må alltid kome fastande før dei skal ha inngrep/operasjon. Du får nærare informasjon om dette i innkallingsbrevet.

Vi anbefaler at pasientar:

  • som har hatt narkose ikkje køyrer bil sjølv.
  • som har blitt operert ikkje er aleine det første døgnet etter operasjon.

Pårørande som har behov for overnatting, kan ta kontakt med ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje eller sentralbordet på telefon 53 65 10 00 for informasjon om pasienthotell.

Vi tilbyr tolk til personar med behov for det (via telefon).

Dersom du har behov for tolk, ver vennleg å ta kontakt med sentralbordet, eller gi beskjed til legen under konsultasjonen.

Kontakt

Telefon sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.