Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Operasjonsavdelinga Haugesund sjukehus

Førebuing før operasjon

Her finn du informasjon om kva du må hugse på før du kjem til oss for operasjon eller inngrep, og kva som skjer på sjukehuset.

Kroppsvask

For å førebygge infeksjonar, må du ha ein grundig kroppsvask eller dusj før du kjem på operasjonsdagen. 

Ver særleg nøye med stader der det samlar seg mest bakteriar:

  • navle
  • underliv
  • hender
  • føter

Du bør også vaske håret.

Ikkje bruk parfyme på operasjonsdagen. Det kan gi allergiske reaksjonar hos personalet og medpasientar.

Hudproblem

Dersom du har kviser, sår eller rifter i huda i eller nær operasjonsområdet, må du ta kontakt med oss.

Hårfjerning

Dersom du har hår som er i vegen for operasjonssnittet, får du hjelp til å fjerne dette hos oss.

Ikkje bruk barberhøvel. Barbering kan skade huda og gjere deg meir sårbar for infeksjon.

Neglelakk, sminke og hud

Fjern all neglelakk eller gelelakk (med eller utan farge) og sminke før du kjem til oss.

Dette er viktig fordi vi må kunne observere din naturlige fargen på lepper, negler og ansikt under operasjonen.

Smykker og verdisaker

Du skal ikkje ha på deg smykke, ringar, klokke eller piercing på operasjonsdagen.

Dette reduserer infeksjonsfare og hindrar risiko for brannskadar, sidan smykke kan bli varme under operasjonen.

Legg verdisaker igjen heime. Vi kan ikkje ta ansvar for oppbevaring.

Påkledning og sko

Ta på deg lause og praktiske klede, til dømes joggedress.

Bruk stødige sko som er lette å ta av og på.

Når du kjem til oss, får du reint sjukehustøy.

Faste

Du skal møte fastande. Det betyr at du ikkje skal ete eller drikke etter kl. 24 kvelden før operasjonen.

Du kan drikke vatn eller saft fram til 2 timar før oppmøte.

De siste 2 timane før oppmøte må du ikkje:

  • røyke
  • bruke snus
  • tygge tyggegummi
  • ete pastillar/drops

Du kan pusse tennene om morgonen med tannkrem og vatn, men spytt ut vatnet.

Avbestilling eller endring av time

Gi beskjed dersom du ikkje treng timen eller ikkje kan møte. Logg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge for å sende oss melding.

Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du ringe oss på telefon 52 73 24 90.

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

Smittevern

Har du vore utanfor Norden det siste året?

Har du vore innlagd, fått helsehjelp eller tannbehandling på helseinstitusjon utanfor Norden, eller arbeidd i helsetenesta utanfor Norden det siste året?

Då må du ta kontakt med fastlegen din før timen for eventuelle prøvar for å avdekke antibiotikaresistente bakteriar. Dette gjeld også dersom nokon i husstanden din tidlegare har fått påvist slike bakteriar. 

Prøvesvara bør vere klare før du møter hos oss.

Betaling

Ved poliklinisk besøk må du betale eigendel etter fastsett takst. Utgifter til bandasjemateriell og bedøvingsmiddel kan komme i tillegg.

Barn under 18 år betaler ikkje eigendel.

Eigenandel og frikort - Helse Fonna HF

Gebyr

Møter du ikkje opp og har ikkje varsla oss seinast 24 timar før, må du betale gebyr. 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

Dersom helsetilstanden din blir vesentleg verre

Kontakt fastlegen eller den som har tilvist deg til sjukehuset.

Fastlegen kan også gi råd og oppfølging i ventetida.

Sist oppdatert 31.08.2026