Kontakt
Telefon og telefontider
- Måndag - Fredag 08:00 - 14:00
- Laurdag - Søndag STENGT
Endre time på helsenorge.no
Logg inn på Helsenorge.no
For å sende brev eller dokument med personsensitive opplysningar, bruk VestDialog.
VestDialog – eit sikkert alternativ til e-post
Gå til VestDialog
Via denne tenesta kan du trygt sende oss brev eller dokument med personsensitive opplysningar.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Pasienter som skal opererast, kan ha oppmøte på eitt av desse stadene:
- Operasjonsavdeling (dagkirurgi), 1. etasje i vestblokka
- Sengeposten/avdelinga (avhengig av type behandling)
- ØNH-poliklinikken, 1. etasje i austblokka
NB! Sjekk innkallingsbrevet. Der står det kvar du skal møte opp.
Er du i tvil, kontakt resepsjonen til operasjonsavdelinga i 1. etasje. Når du kjem inn hovudinngangen, gå til høgre, forbi Narvesen-kiosken og vidare inn til operasjonsavdelinga. Der finn du resepsjonen vår.
Registrering ved oppmøte
Du melder oppmøtet ditt via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten ved hovudinngangen.
Meld deg deretter i resepsjonen i operasjonsavdelinga for å seie frå at du har kome. Vent i ventesona til du blir kalla inn.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 Haugesund










