Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Øre-nese-hals (ØNH)

Høyreapparat - undersøking, tilpassing og oppfølging

Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som kan hjelpe deg å høyre betre. Sjølv om eit høyreapparat ikkje kan erstatte normal høyrsel, er det til stor hjelp for mange.

Vi tilpassar høyreapparat til både barn og vaksne, frå små til store høyrselstap. Det finst mange ulike typar høyreapparat, og kva som passar best for deg, kjem først og fremst an på høyrselstapet ditt. Syn, fingerferdigheit og andre individuelle behov kan også spele inn. 

Før timen 

Før du kjem til den første timen, kan det vere lurt å tenkje gjennom korleis høyrselen påverkar deg i kvardagen. 

  • Kjenner du deg motivert for å prøve høyreapparat dersom du har høyrselstap? 
  • I kva situasjonar opplever du utfordringar med høyrselen? 
  • Kva forventningar har du til behandlinga? 

Du kan også spørje familie eller andre nærståande om dei har merka endringar i høyrselen din.   

Under utgreiinga 

Ved første besøk møter du både lege og audiograf.   

Øyre-nase-hals-legen undersøker øyra dine for ørevoks og eventuelle øyresjukdommar.  

Audiografen er spesialist på høyrsle og høyreapparat. Audiografen tek høyreprøve, går gjennom resultata med deg og vurderer om høyreapparat kan vere aktuelt.  

Dersom høyreapparat er aktuelt, får du informasjon om kva type som passar best for deg. Saman blir de einige om det vidare forløpet. Du får vanlegvis ny time innan om lag ein månad for tilpassing av høyreapparatet. 

Tilpassing og oppfølging 

Audiografen følger deg vidare gjennom utprøvingsperioden. Høyreapparatet blir tilpassa og programmert etter behova dine.  

Du får opplæring i bruk og vedlikehald av høyreapparatet. For mange førstegongsbrukarar dukkar det opp ein del spørsmål. Det kan derfor vere nyttig å ha med ein pårørande når du får informasjon og rettleiing.  

Du blir følgd opp med månadlege kontrollar. Dersom du har lang reiseveg, kan oppfølginga skje på telefon. Kor mange kontrollar du treng, varierer frå person til person. 

Kor lang tid tek timen? 

  • Tilpassing av høyreapparat: ca. 60 minutt. 
  • Kontrolltime: ca. 30 minutt. 

Etter utprøvingsperioden 

Når utprøvingsperioden er avslutta og du har fått høyreapparatet, blir du ikkje kalla inn til faste kontrollar.  

Dersom du treng justering eller opplever problem med høyreapparatet, kan du bestille servicetime direkte hos oss. Du treng ikkje ny tilvising frå fastlege.  

Alle som har fått høyreapparat ved sjukehuset, kan ta direkte kontakt med oss. Du kan også levere høyreapparatet i ØNH-skranken. Då blir det kontrollert, og du får beskjed når det er klart for henting eller om det må sendast til reparasjon. 

Nye høyreapparat 

NAV dekkjer nye høyreapparat kvart sjette år. Dersom du tidlegare har fått høyreapparat hos oss, treng du ikkje ny tilvising for å få vurdert behovet for nye apparat.  

Sist oppdatert 07.07.2026