Øre-nese-hals (ØNH)
Høyrselstilbod på Stord og i Odda
Stord sjukehus
Høyrselsentralen har også tilbod ved Stord sjukehus. Her utfører audiografar høyreprøvar, tilpassar høyreapparat og gjennomfører servicetimar for høyreapparat.
Endring i 2026
Frå hausten 2026 skal pasientar med bustad på Stord, som har fått tilpassa høyreapparat ved Høyrselsentralen i Helse Fonna, først kontakte kommunen dersom dei opplev problem med høyreapparatet.
Dersom det er behov for vidare oppfølging, blir dei tilviste til audiograf for servicetime for høyreapparat.
Odda sjukehus
På Odda sjukehus har vi to gonger i månaden timar for enkle problem med høyreapparat, og høyrselscreening.
Sist oppdatert 07.07.2026