Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Øre-nese-hals (ØNH)

Tilvising til høyrselsentralen

Du må ha tilvising frå fastlege eller ØNH-lege for å få første time ved høyrselsentralen. Deretter kan du ta direkte kontakt med oss for å bestille time. 

Ved første besøk møter du ein audiograf som undersøker høyrsla di og vurderer behova dine. Det kan vere aktuelt med eitt tilpassa høyreapparat eller andre høyrselshjelpemiddel.  

Dersom du har behov for hjelpemiddel, får du ny time for tilpassing av nødvendig utstyr og opplæring i bruk. 

Du blir følgd opp med kontrolltimar etter behov. Audiografen søker NAV om støtte til høyreapparat og andre høyrselshjelpemiddel når det er aktuelt. 

Sist oppdatert 07.07.2026