Det er ingenting du sjølv kan gjere for å stoppe ein spontanabort som er i gang.
Abort - spontanabort
Spontanabort vil seie at svangerskapet blir avbrote før fosteret er levedyktig. Dette skjer i 10 til 20 prosent av alle erkjente svangerskap. 97 prosent av alle spontanabortar skjer dei første 12 vekene, men kan også skje så seint som i 22. svangerskapsveke.
Omtrent halvparten av alle befrukta egg går til grunne eller ender med ein spontanabort. Årsaka er i dei fleste tilfelle ukjent. Det kjem oftast av genfeil som skjer spontant, og som ikkje er arva frå foreldra. Spontanabort kan dermed i mange tilfelle sjåast på som naturen sin eigen måte å hindre at foster som ikkje har høve til å overleve utviklar seg vidare.
Andre årsaker kan vere hormonelle grunnar, misdanningar i livmora, kronisk infeksjon i slimhinna i livmora, spiral som ligg inne, høg alder, røyking, blodsjukdommar (trombofili), sjukleg fedme, diabetes eller lågt stoffskifte.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om spontanabort kan du ta kontakt med fastlegen eller jordmor på helsestasjonen, som kan vurdere om det er behov for vidare tilvising til sjukehus eller privat gynekolog for undersøking. Frå og med veke 7 i svangerskapet er det vanlegvis mogleg å bruke ultralyd for å sjå om det er ein intakt graviditet og om embryoet er i live.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Kontakt sjukehuset dersom du blør så kraftig at du blir svimmel og uvel, får aukande smerter eller ved feber over 38 grader.
Ta kontakt med fastlege for vidare tilvising dersom du har
- smerter og kraftig bløding (med klumpar) i meir enn to veker
- positiv graviditetstest tre veker etter aborten
- bløding som fortset i meir enn fire veker etter aborten
- manglande menstruasjonen fire til seks veker etter aborten