Behandling
Abort - spontan abort
Ein spontanabort er når svangerskapet går til grunne før fosteret er levedyktig. Dette skjer i 10 til 20 prosent av alle erkjente svangerskap. Spontanabort kan skje så seint som i 22. svangerskapsveke, men 97 prosent skjer i løpet av dei første tolv vekene.
Tilvising og vurdering
Ein gynekologisk undersøking vil vise om livmorhalsen har opna seg og om fostervev eller morkakevev har passert eller ligg i skjeden. Med ultralyd kan vi frå sjette svangerskapsveke vanlegvis sjå om det er ein intakt graviditet og om embryoet er levande.
Før
Det er ingenting du sjølv kan gjere for å stoppe ein spontanabort som er kome i gong.
Under
Spontanabortar blir delt inn i to kategoriar:
- Inkomplett spontanabort - Aborten har starta, men det er fortsatt mykje vev igjen i livmora. Du treng behandling for å fullføre aborten.
- Komplett spontanabort - Mesteparten av vevet har kome ut. Det er no som ein vanleg menstruasjonsbløding og treng ikkje behandling.
Svangerskapslengde kortare enn 9 veker
Svangerskapslengde over 9 veker
Etterkontroll
Ein sjeldan gong vil medikamentell metode ikkje tømma livmora. Du skal derfor ta ein graviditetstest tre veker etter aborten for å påvisa at svangerskapet er avslutta.
Etter
- Smerte som ved menstruasjon er vanleg.
- Bløding er vanleg dei to til tre første vekene.
- Mange har mørk utflod eller småblødingar i fleire veker etter aborten.
- Vent med samleie til blødinga har stoppa.
- Bruk bind og ikkje tampongar - desse aukar infeksjonsfaren.
- Skal du begynne med p-pille, kan du starte same dagen som aborten.
Det er ikkje auka risiko for spontanabort om du blir gravid like etter ein spontanabort. Det er opp til deg å bestemme når du er klar for neste svangerskap.
Du får tilbod om oppfølging etter aborten dersom det oppstår komplikasjonar. Du vel om du ønsker det skal skjer hos fastlege eller på sjukehuset der du ble behandla.
Du kan når som helst også kontakte den landsdekkande og gratis helsetenesta Amathea for samtale etter abort, amathea.no eller telefon 906 59 060.
Informasjon på fleire språk
Ver merksam
Kontakt sjukehuset dersom du blør så kraftig at du blir svimmel og uvel, får aukande smerter eller ved feber over 38 grader.
Ta kontakt med fastlege for vidare tilvising om du har
- smerter og kraftig bløding (med klumpar) i meir enn to veker
- positiv graviditetstest tre veker etter aborten
- bløding som held fram i meir enn fire veker etter aborten
- manglande menstruasjonen fire til seks veker etter aborten