Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Leggmuskulaturen er samla i akillessena, som festar på hælbeinet. Dette er den tjukkaste og sterkaste sena i kroppen, men sena kan ryke. Avriving av akillessena er ein akutt skade som kan oppstå i samband med sport eller annan aktivitet som stiller krav til hurtig og kraftig bruk av leggmuskulaturen. God behandling av skaden er viktig for å få tilfredsstillande funksjon i sena igjen.
Avriving av akillessener er ein akutt skade der pasienten tilvisast til sjukehuset frå den lokale legevakta, og blir behandla same dag eller følgande dag om skaden er skjedd på kveld/natt.
Det er legevakta/legen som tilviser pasientane vidare til ortopedisk avdeling for behandling.
Legen vil stille diagnosen på bakgrunn av sjukehistorie og undersøking. Enkelte gonger kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gonger vil være nødvendig med fleire undersøkingar og vidare oppfølging før ein kan sette ein sikker diagnose.
Førsteval er behandling med gips og ortose (stiv «slalomsko») som er tilpassa behandlinga. Dei første to vekene vert foten gipsa i spissfotstilling. I denne perioden kan ein ikkje belaste foten. Det kan være lurt å legge foten høgt når ein sit i ro.
Etter to veker vert ein tatt inn til kontroll der gipsen vert bytta ut med ein ortose. Med ortosen på skal du belaste opp til smertegrensa, men fortsatt bruke krykker for å unngå halting.
Ortosen er bygd opp med kiler i spissfotstilling for at sena skal gro best mogeleg. Kilene vert trappa gradvis nedover i vekene ortosen skal brukast. På denne måten gror akillessena av seg sjølv.
Det er også mogeleg å behandle denne skaden med operasjon. Då vert det laga eit snitt i huda og ein syr saman sena. Ved operasjon er det ein risiko for blant anna infeksjon og manglande tilheling av såret.
For begge behandlingsmetodane er gips og bruk av ortose i totalt åtte veker ein del av behandlinga. Det er legen som avgjer val av behandlingsmetode. Ved målingar etter 1 år, er det ikkje vist noko skilnad i behandlingsresultata. Dei aller fleste vil oppleve at sena ikkje vert like sterk som før etter ein slik skade.
Når du tar på ortosen, er det viktig å passe på:
Ved fjerning av kiler, er det ALLTID den nederste kilen som skal fjernast.
Oppfølginga på sjukehuset skjer over 8 veker med polikliniske kontrollar. Til saman reknar ein omtrent 6 månader rehabiliteringstid etter skaden.
Etter 4 veker kan du dusje utan ortose. Ta av deg ortosen når du sit på ein stol eller krakk, dusj i sittande stilling og tørk deretter foten godt. Ta på ortosen igjen før du reiser deg.
For god hygiene kan det vere lurt å ha på ein tynn strømpe/lang sokk som du kan ha på inne i ortosen.
NB! Ver merksam på at du aldri skal tøye på sena!
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund