Det er ingen førebuingar i samband med denne behandlinga.
Aktiv overvåkning ved prostatakreft
Viss du har ein lågrisiko prostatakreft, det vil seie ein snill kreft, kan det beste alternativet vere aktiv overvaking med jamlege blod- og vevsprøver. Dette for å sikre at du får behandling dersom sjukdommen utviklar seg.
Ved aktiv overvaking behandlar vi ikkje kreften med det same, men følger ei eventuell utvikling nøye med blodprøver (PSA- målingar) kvar tredje månad, MR-undersøkingar og nye vevsprøver. Kontroll skjer hos fastlege eller på sjukehuset. Med denne tilnærminga slepp du ubehagelege biverknader av behandling i form av ereksjonssvikt og inkontinens, og kan fortsette å leve som normalt.
Mange pasientar i denne kategorien vil aldri ha behov for behandling og kan bevare sin normale livskvalitet. I dei tilfella der kreften utviklar seg, vil vi oppdage dette med kontrollopplegget, slik at vi kan setje i verk behandling når det trengst.
Før
Under
Under aktiv overvaking vert sjukdommen din nøye overvaka for teikn til utvikling. Ei PSA-blodprøve og digital rektal undersøking (DRE), kontroll av prostata gjennom endetarmsopninga, vert gjennomført med jamne mellomrom.
Det blir også tatt MR-undersøking av prostata i starten av aktiv overvaking. Vi tar også nye vevsprøver (biopsiar) av prostata, etter eitt, fire og sju år. Dette blir gjort på urologisk poliklinikk.
Etter
Det kan vere grunnlag for behandling i form av kirurgi eller strålebehandling viss testar eller undersøkingar indikerer at kreften utviklar seg. Dersom du ikkje er tilfreds med å vere på aktiv overvaking, får du når som helst drøfte dette med urolog og eventuelt få tilbod om radikal behandling.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Urologisk avdeling
Oppmøtestad
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund