Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prostatakreft

Kreft i prostatakjertelen (cancer prostatae) er den mest vanlege kreftforma hos menn i Noreg. Dei primære behandlingsmåtane er kirurgi eller strålebehandling. Viss du har ein lågrisiko (snill) kreft, kan det beste alternativet vere aktiv overvaking med regelmessige blod- og vevsprøver.

Prostatakreft oppstår i kjertler og ganger i prostatakjertelen. Det er den vanligste kreftformen blant menn. Prostatakreft i tidlig stadium gir sjelden symptomer.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Dersom fastlegen har mistanke om kreft, skal du bli tilvist vidare til fleire undersøkingar, som kan bekrefte eller avkrefte mistanken. Dersom undersøkingane gir grunn til mistanke om kreft, skal du bli tilvist til pakkeforløp.

Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringen av utgreiing og behandling, kommunikasjon og dialog med deg og dine pårørande, samt plassering av ansvar og konkrete forløpstider.

Du kan lese meir om pakkeforløp i pasientinformasjonen til Helsedirektoratet:

Generell pasientinformasjon - utgreiing ved mistanke om kreft

Utgreiing

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Ei klinisk undersøking av prostatakjertelen er vanleg. I tillegg blir det tatt blodprøver, ein av dei er ein spesifikk prostataprøve kalla PSA. Ved fortsett mistanke om kreft, tar vi ein biopsi, det vil seie ein vevsprøve frå prostatakjertelen. Mange pasientar blir også undersøkte med MR.

Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs. Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje. Beslutning om diagnose blir tatt.Dersom du ikkje har kreft, blir pakkeforløpet avslutta.

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Viss du har kreft, planlegg vi kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

​Les meir om samval på helsenorge.no​​

For pasientar med prostatakreft vil som regel ein eller fleire av følgjande behandlingsalternativ vere aktuelle: Aktiv overvaking, operasjon, strålebehandling.

Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet

 

Ved strålebehandling vil det i forkant bli satt inn gullmarkørar i prostata. Dette for å få til meir nøyaktig stråling.

Tilleggsbehandlinger

Nokre kreftsvulstar er meir aggressive enn andre, og dei kan ha til dels betydeleg lokal vekst. Desse svulsttypane krev ofte behandling utover den behandlingsmetoden som er valt som hovudbehandling (operasjon eller strålebehandling).

Målsettinga med å gi tilleggsbehandling er å auke langtidsoverlevinga, ved betre lokal kontroll og utrydding av spor av kreftceller som har spreidd seg.

Andre behandlingsmetodar

Ved langtkomen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast er det no ei rekke mogelegheiter både for livsforlengande behandling, god symptomførebygging og symptomlindring.

Mange kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange dør av heilt andre årsaker.

 

Mange som får påvist prostatakreft lurer på kva dei skal gjennom i tida framover. Kva undersøkingar skal eg ta, korleis og når blir det gjort, kva behandlingsval har eg, og kva kan eg bestemme for mi behandling? Mange og viktige spørsmål.

Denne videoen gir deg eit innblikk i kva pasientar som skal til behandling for prostatakreft møter på vegen. Frå dei oppsøker fastlegen til behandlingsval skal takast og behandlinga kan starte.

 

Oppfølging

Etter at anbefalt behandling er gjennomført og avslutta, vil du få tett oppfølging både på sjukehuset og hos fastlegen din. Behandlinga du har vore gjennom vil vere førande for type oppfølging, og kor ofte du skal ha oppfølging.

Ca 2 veker etter utskriving får du time på poliklinikken for å fjerne urinkateter og stiftar (agraffer) etter operasjonen.

Etter 6 veker skal du til kontroll hos uroterapeut på sjukehuset. Du må gjerne ta med deg partnar til denne undersøkinga. På førehand skal du ta blodprøver. Desse blir tatt på sjukehuset.

På kontrollen vil legen:

  • kontrollere blodprøvene som er tatt
  • gi deg rettleiing med tanke på inkontinens og ereksjonssvikt
  • gi deg informasjon og prate med deg om ting du lurer på

Du skal også ta ei vasslatingsundersøking (flowmetri).

Tre månader etter operasjonen skal du til kontroll på nytt. På førehand skal du ta blodprøver.

På same måte som ved 6-vekerskontrollen går vi gjennom funn frå operasjonen og ser på blodprøvene som er tatt.  PSA er vanlegvis ikkje målbar etter operasjon, og ved vedvarande målbar PSA vurderer vi behov for tilleggsbehandling med stråling. Også på denne kontrollen kan du ta opp utfordingar rundt eventuelt lekkasje og ereksjonssvikt. Nokre kan ha behov for fysioterapi (bekkenbunnstrening) og ereksjonshjelpemiddel.

Vi avtalar vidare kontrollopplegg.

Under opphaldet får du rettleiing av fysioterapeut for eigentrening. Etter operasjonen er det viktig at du trener bekkenbunnsmuskulatur. Du vil få tilgang til ein treningsvideo, eller tilbud om tilvising til fysioterapeut.

Det er ikkje behov for pleie utover det du har hatt behov for før inngrepet.

Det er forventa problem med urinlekkasje og ereksjonssvik den første tida etter operasjonen. Du får med deg resept på inkontinensutstyr når du blir utskriven.

Du skal ta blodfortynnande medisin i sprøyte i 7 - 10 dagar etter operasjonen. Dersom du har fått fjerna lymfekjertlar kan du ha behov for behandling i 4 veker. Dersom du får oppvekst av bakteriar i urinen kan det bli aktuelt med antibiotika-tablettar.

Etter strålebehandlinga blir du kalla inn til kontroll på sjukehuset 3 månader etter avslutta behandling, og deretter kvar 6. månad. Ved kontroll skal du ta blodprøver (PSA).

Varigheit av hormonbehandlinga er avhengig av kor aggressiv sjukdommen din er. Behandlinga varer som lengst i 2 år.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.

Ver merksam

Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte legevakta:

  • Høg feber.
  • Stopp i kateter, eller at det har sklidd ut.
  • Sterke magesmerter.
  • Kvalme og svimmelheit.
  • Viss du ikkje har hatt avføring på fleire dagar.
Sist faglig oppdatert 01.12.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Haugesund

  • Måndag til onsdag kl. 07.30 - 14.15
  • Torsdag kl. 07.30 - 16.30.
  • Fredag kl. 07.30 - 13.00.

Oppmøtestad: Haugesund sjukehus.

Telefon: 52 73 22 81.  

Stord

Måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00. 

Oppmøtestad: Stord sjukehus.

Telefon: 53 49 10 90.  

Odda

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00. 

Oppmøtestad: Odda sjukehus.

Telefon: 91 24 59 96 / 53 65 11 23.  

Blodbanken - Helse Fonna HF

Sauda

Vi har ein tappestasjon i Sauda. Kontakt oss på telefon: 52 73 22 81.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.