Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Vevsprøve, også kalt biopsi, er uttak av vevsbitar for å kartlegge vevstype. Når vi tar ut vevsbitar frå prostata blir ultralyd brukt som eit rettleiande hjelpemiddel.
Du skal ta ei blodprøve (PSA-prøve) før timen.
Dersom du bruker blodfortynnande tablettar må du ta kontakt med poliklinikken for å avklare om når du skal slutte med desse, og om du eventuelt må ta blodfortynnande sprøyter i staden for. Albyl-E kan du halde fram med.
I samband med undersøkinga må du ta antibiotikatablettar for å unngå infeksjon. Desse tablettane får du på poliklinikken.
Undersøkinga føregår ved at legen fører ein ultralydsonde opp i endetarmen. Vevsprøvene blir tatt via perineum (mellomkjøttet, altså huden mellom endetarmsåpninga og pungen). Det blir tatt ut fleire prøver som seinare skal undersøkast i mikroskop for å sjå om dei inneheld kreftceller.
Undersøkinga blir gjort i lokalbedøving og medfører som regel lite smerte.
Etter vevsprøvetakinga kan du reise heim.
Blod i urin, avføring eller sædvæske er vanleg etter vevsprøvetakinga og vil forsvinne etter nokre veker.
Vidare behandling eller oppfølging blir bestemt ut frå svaret på vevsprøva.
Ta kontakt med lege med ein gong dersom du får smerter eller feber.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund