Ved framkomst til MR‐området, vil du bli stilt ein del spørsmål munnleg for kontroll. Gjenstandar av metall kan bli påverka av det kraftige magnetfeltet eller forårsake forstyrringar i bilda. Vi treng derfor å vite om du har:
- pacemaker eller pacemakerleidningar
- innoperert høyreapparat (kokleaimplantat)
- andre innopererte gjenstandar i kroppen som kan vere av metall (som stent, plater, protesar, shunt, graft, hjarteklaffar, koilar)
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auge og eventuelle tidlegare operasjonar i auget
- er gravid
- tatoveringar
- infusjonspumpe (f.eks insulin eller morfin) eller nevrostimulator
- nevrostimulator
- arm‐, bein‐ eller leddprotesar
- røykeplaster, smerteplaster
Sølvkompress og sinksalve som kan brukast på sår, kan også forstyrre bildetakinga på grunn av metallinnhald. Skal du undersøke hovudet må augeskugge fjernast, da denne kan innehalde små delar av metall som kan gi forstyrringar på bilda.
Metallgjenstandar kan trekkast inn mot MR-apparatet i stor fart og må fjernast før undersøkinga:
- Metallgjenstandar som mobiltelefon, klokker, briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan trekkast inn mot apparatet i stor fart.
- Bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet
- Høyreapparat og tannprotesar. Desse kan bli påverka av magnetfeltet.
- Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan gi forstyrringar på bilda.
- Piercingar bør fjernast da dei kan bli varme.
Personalet vil sørge for at desse gjenstandane blir oppbevarte trygt i ein sikkerheitsboks. Dersom du bruker medisinar, kan du ta dei på vanleg måte.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet, dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bilda. Da får du eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn i blodåra di. Kontrasten blir sett i venekanylen. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske under undersøkinga, vil legen din ved behov bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før du kjem til MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.
Dersom du skal undersøke magen må du ofte faste nokre timar på førehand. Dette får du beskjed om i innkallingsbrevet. Om du ikkje skal faste, kan du ete og drikke som du pleier.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga før undersøkinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Gravid
Ved medisinsk hast blir gjord MR av gravide pasientar. Men vi er særleg tilbakehaldne med MR-undersøking av gravide dei 3 første månadene, sjølv om det ikkje er påvist skadelege verknader av magnetfeltet eller radiobølgene.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.
MR av barn
Undersøking av barn går føre seg på same måte som på vaksne, men med litt ulik tilpassing.


