Undersøking med narkose

MR av barn

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR-maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandring i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusive tarmsystemet.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Før

Førebuing heime

Når barnet skal gjennom ei MR-undersøking, rådar vi føresette til å snakke med barnet om undersøkinga på førehand. Alternativt kan ein sjå denne filmen. Slik vil barnet vere førebudd på det som skal skje.

For at MR-bileta skal bli vellukka, må barnet ligge i ro under heile undersøkinga. Så lenge barnet klarer å ligge i ro kan vi ta MR av barn heilt ned til 5 års alder, utan at barnet får narkose eller noko å roe seg på. Ein føresatt, og gjerne eit kosedyr, kan vere med inn.

Dersom barnet treng narkose eller avslappande medisinar for å gjennomføre MR-undersøkinga, må barnet faste. Det er viktig at barnet held fastetida, viss ikkje må vi utsette undersøkinga. Kor lenge barnet må faste og anna informasjon om narkose til barn finst i linken under. Barn som bruker faste medisinar skal ta med desse til sjukehuset. Lege vil så avgjere kva medisinar som skal takast.

 
 
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om barnet har:
  • Pacemaker
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert inn metall i kroppen (klips på blodkar i hovudet)
Ut frå desse opplysingane vurderer radiologen om undersøkinga kan gjennomførast.

Har barnet kjent nedsett nyrefunksjon, skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før barnet vert henvist til undersøking.

Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må fjernast før undersøkinga.

På sjukehuset
Før undersøkinga må alle lause metallgjenstandar, klokke og andre verdigjenstandar leggast i ei oppbevaringsboks. Dei kan ikkje vere med i undersøkingsrommet, då dei kan bli øydelagde av magnetfeltet.

Skal barnet ha narkose og/eller kontrastvæske, må vi legge inn eit venekateter (eit tynt plastrør) i ei blodåre. Til dei minste barna, og elles etter ønske, legg vi på bedøvingsplaster over blodåra på førehand. Dersom barnet er engsteleg for stikk, kan det få avslappande medisin i forkant anten som nasespray eller som mikstur.

Under

Under undersøkinga har barnet på seg sjukehusklede, og ligg på eit bord som blir ført inn i ei trong, røyrforma maskin som er open i begge endar. Undersøkinga er ikkje smertefull, men MR maskina lagar ein høg bankelyd. Barnet får på seg øyreklokker som dempar lyden. Dersom barnet ikkje skal ha narkose, kan føresette bli med inn i MR-rommet og sitte saman med barnet.  

Når bileta vert tatt, går MR-personalet ut av undersøkingsrommet. Dei kan sjå og følge med på barnet gjennom eit vindauge og via kameraovervaking. Får barnet narkose, vil anestesilege og anestesisjukepleiar vere der og overvake barnet heilt til det vaknar igjen etter undersøkinga.

Kor lang tid det tar vil variere avhengig av kva som skal undersøkast, oftast frå 30 til 60 minutt. Med førebuing til narkose vil heile undersøkinga ta frå ein til to timar.

Etter

Har barnet fått narkose eller avslappande medisin, må det overvakast på sjukehuset etter undersøkinga til det er vakent, har fått i seg drikke/mat og har tissa.

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein radiolog som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser.
Rapporten vert sendt legen som sendte barnet til MR innan ei til to veker.
Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Er barnet innlagt på sjukehuset vil resultatet av undersøkinga blir gitt av legen dagen etter.  

Ver merksam

Det kan vere nødvendig å gi MR-kontrast i ei blodåre i arma ved nokre tilfelle. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiske reaksjonar. Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For barn med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR-kontrast.  Det vert tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. 
MR-kontrast kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

 

Kontakt