Diagnose
Akutt leukemi
Leukemi (blodkreft) er kreft som oppstår i celler i blodet eller blodproduserande celler i beinmargen. Mellom 200 og 250 personar får påvist akutt leukemi kvart år i Noreg. Sjølv om akutt leukemi er ein av dei vanlegaste kreftformene blant barn, er dei fleste som får akutt leukemi eldre.Introduksjon
Akutt leukemi kan delast inn i myelogen (AML) og lymfatisk (ALL) form, alt ettersom kva for celletype som er utgangspunktet for kreftcellane.
I nokre tilfelle oppstår akutt leukemi på bakgrunn av eit såkalla myelodysplastisk syndrom (MDS). Dei fleste med MDS utvikler likevel ikkje akutt leukemi.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft, Helsedirektoratet
Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.
Utredning
I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Ved mistanke om kreft vil du undersøkjast av lege. Det vert teke blodprøver og prøve av beinmargen. Det kan vera nødvendig med andre undersøkingar. Du vil då informerast om dette.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje.
I dei fleste tilfella kan det avklarast i løpet av få dagar om du har akutt blodkreft.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Les meir på helsenorge.no:
Behandling
Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte. Akutt leukemi hos vaksne vert behandla i starten med cellegift.
Denne behandlinga er svært intensiv, og må følgast opp med omfattande støttebehandling. I nokre tilfelle blir cellegiftbehandlinga følgt opp med stamcelletransplantasjon, også kalla beinmargstransplantasjon.
I ein del tilfelle anbefaler vi ikkje ei så tøff behandling. Dette er særleg der pasienten på grunn av alder eller annan sjukdom ikkje vil tole ei slik behandling. Då kan det vere aktuelt med ei mildare cellegiftbehandling for å bremse sjukdommen, eller kun støttande behandling. Støttande behandling vil ofte vere tilførsel av raude blodceller og blodplater, i tillegg til behandling av infeksjonar.
Akutt leukemi kan i mange tilfelle kurerast, men diverre langt i frå alltid. Generelt er det større sjanse for å kurere yngre enn eldre personar med blodkreft. Mange ulike faktorar ved blodkreften påverkar også sjansen til å bli frisk.
Ubehandla akutt leukemi er vurdert som 100 prosent dødleg.
Ved akutt myelogen leukemi (AML) strekker den mest brukte behandlinga seg over fire til seks månader. Ved akutt lymfatisk leukemi (ALL) varer behandinga i to og eit halvt år. Dette gjeld når målsettinga for behandlinga er å bli frisk.
Viss ein skal ha stamcelletransplantasjon vil det forandre lengda på behandlinga.
Oppfølging
Etter avslutta behandling for akutt leukemi, blir dei fleste følgt opp med kontrollar på sjukehuset i fem år. Kontrollane er ganske hyppige det første året, og så sjeldnare. Ved kontrollane blir det tatt blodprøver, og ofte beinmargsprøver.
Rehabilitering og meistring ved kreft
Etter kreftbehandling vil nokre ha behov for rehabilitering. Dette for å kome raskare tilbake til eit normalt liv etter behandlinga. Vanlegvis anbefaler vi dette tidlegast ein til to månader etter avslutta behandling. Snakk med behandlande lege eller fastlegen din om dette.
Ver merksam
Blødingstendens, infeksjonstendens, slappheit eller andre teikn på låg blodprosent, kan vere teikn på tilbakefall.
Ved slike symptom må du kontakte lege. Dersom blodprøver viser at det er grunn til å mistenke tilbakefall, blir du tilvist til sjukehus.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Hemato/endo/infeksjon
Oppmøtestad
Haugesund sjukehus, 5. etasje.Besøkstider
- Måndag 16:00 - 17:30
- Tysdag 16:00 - 17:30
- Onsdag 16:00 - 17:30
- Torsdag 16:00 - 17:30
- Fredag 16:00 - 17:30
- Laurdag 16:00 - 17:30
- Søndag 16:00 - 17:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund