Blodprøve
Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din, og for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.
Tilvising og vurdering
Prøvetakingspoliklinikkane tar blodprøvar av pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar i opningstidene.
Prøvetaking av pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen. Om prøvetakinga byr på spesielle problem kan vi ta blodprøver fastlegen din har bestilt.
Før
Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald, og enkelte analysar skal tas til bestemte tidspunkt på døgnet. Det er difor viktig at du følgjer retningslinjene frå den som har bestilt blodprøva.
Dersom det er mogeleg bør du sitte i ro i minst 15 minutter før blodprøvetakinga.
Ofte stilte spørsmål
Under
Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.
Dei fleste blodprøver blir tatt på innsida av olbogen. Du får eit stramt band rundt overarmen slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.
Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Sei ifrå til blodprøvetakar om du ønsker å ligge under prøvetakinga.
For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Dersom du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til blodprøvetakar før prøvetakinga.
Etter
Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.
Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.
Resultat av undersøkinga
Prøveresultatet blir sendt til tilvisande lege og det er tilvisande lege som vil informere deg om prøveresultatet. Laboratoriet har desverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.
Det varierer kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.