Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allergisk matrøyrbetennelse (eosinofil øsofagitt)

Eosinofil øsofagitt (EoE) er ein kronisk betennelsestilstand i matrøyret (øsofagus). Tilstanden blir kjenneteikna av opphoping av såkalla eosinofile betennelsesceller lokalt i slimhinna til matrøyret.

Symptom

EoE blir også kalla "allergisk matrøyrbetennelse" fordi betennelsen oftast er forårsaka av allergen i mat. Symptoma er delvis overlappande med gastro-øsofageal refluks, og inkluderer ofte halsbrann, oppkast og magesmerter. Somme har også vondt for å svelgje. Barn vel gjerne bort mat med krevjande konsistens, tygg lenge og bruker vatn for å svelgje maten unna. Vaksne set oftare matbitar fast i matrøyret.

Utgreiing

Diagnosen blir stilt ved gastroskopi. Legen fører då ein bøyeleg fiberoptisk slange med eit kamera i enden ned i matrøyret.  Legen undersøkjer slimhinna og tek vevsprøvar frå ulike område av matrøyret. Dersom talet eosinofile celler er høgt (fleire enn 15 eosinofile celler per synsfelt), og ein ikkje finn andre årsaker til dette, blir diagnosen stilt eosinofil øsofagitt.

Behandling

Effektiv behandling er viktig både for å bli kvitt symptom på eosinofil øsofagitt (EoE). Behandling er også viktig for å førebyggje utvikling av arrvev og innsnevring av matrøyret. Behandlingsalternativa vi har i dag er eliminasjonsdiett og medisinar. Medisinane dempar betennelsen, men behandlar ikkje sjølve sjukdommen.

Å finne fram til matvara/-ene som triggar betennelsen er utfordrande, og blir vanlegvis gjort ved ein såkalla empirisk eliminasjonsdiett. Det inneber at du tek dei matvarene som vi frå før av veit at oftast forårsakar EoE ut av kosthaldet ditt. Allergiprøvar (prikketest og blodprøve) har mindre nytte i Eoe-behandling. Den einaste sikre måten å evaluere effekt av diett på, er ved ny gastroskopi. Når betennelsen er borte, kan du leggje til éi og éi matvaregruppe i kosthaldet ditt igjen, med kontroll-gastroskopiar, helst etter kvar reintroduksjon av ei matvare.

Gjeldande internasjonale retningslinjer tilrår at ein startar utprøving med protonpumpehemmere først, då ein stor del av pasientane (30 – 40 prosent) får kontroll over betennelsen med dette. Dersom denne behandlinga ikkje lykkast, vil diett vanlegvis vere neste val. Nokre familiar vil likevel gjerne prøve ut diett først.

Oppfølging

Eosinofil øsofagitt (EoE) er ein kronisk sjukdom. Dersom vi lykkast i å kartleggje kva matvarer som triggar betennelsen, er tilrådinga å utelukke desse matvarene heilt frå kosthaldet ditt, i alle fall i fleire år framover. Studiar har vist at pasientane held seg friske, utan tilbakefall av EoE, så lenge dei overheld rett diett. Dersom behandlinga (medisinar eller diett) blir avslutta etter at betennelsen er fjerna, vil dei aller fleste oppleve at betennelsen kjem tilbake. Hos dei minste barna er det noko meir sannsynleg at sjukdommen stansar på eit seinare tidspunkt i livet.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.