Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastroskopi

Gastroskopi er ei undersøking av matrøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein skjerm. Formålet med gastroskopi er å påvise eller utelukke sjukdommar som betennelse, sår eller godarta/vondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og enkelte tilstandar kan behandlast.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen eller avdelinga du er tilknytt, som tilviser til undersøkinga.

Før

Prosedyrar kan variere noko frå stad til stad, men vanlegvis gjeld følgande:

  • Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter klokka 24:00 kvelden før undersøkinga – eller seinast 6 timar før undersøkinga.
  • Dersom du bruker Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg råd i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlege. Formålet er å unngå alvorleg bløding i samband med undersøkinga.
  • Om du bruker Albyl-E, som einaste blodfortynnande medisin, treng du ikkje å stoppe med denne.
  • Bruker du insulin, må du kontakte fastlegen din slik at medisinen kan justerast.
  • Det kan vere at du blir gitt ein roande medisin i samband med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar.
  • Rett før undersøkinga kan du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime.
  • Du vil få plassert ei plastring mellom tennene for å hindre at du bit i skopet. Eventuelle lause tenner må takast ut før undersøkinga begynner.  

Under

Gastroskopet er ein fingertjukk bøyeleg slange som er tynnare enn mykje av den maten du svelger ned.

Vi fører gastroskopet inn gjennom munnen, nedover matrøyret og vidare ned i magesekken og tolvfingertarmen. Luft blir blåst inn for å utvide området slik at legen får best mogleg oversikt. Mens undersøkinga skjer, ligg du på venstre side på ein benk. Brekkingstendens, trykksanseinntrykk og oppblåsenheit er vanlege ubehag. Undersøkinga varer vanlegvis mellom 5 og 10 minutt.

Etter

Det førekjem nesten aldri skadar av sjølve skopet. Dersom det blir fjerna polyppar, kan det ein sjeldan gong oppstå blødingar og det kan da vere nødvendig at du blir på sjukehuset til observasjon.

Vidare oppfølging

Legen vil fortelje deg om resultatet av undersøkinga. Fastlegen din får rapport om undersøkinga, og resultatet av eventuelle vevsprøver i løpet av éi til fire veker. Dersom prøvene viser forandringar som krev spesiell kontroll, eller anna oppfølging, som for eksempel tilvising til operasjon, blir dette ordna av legen som undersøkte deg, eller fastlegen din.

Ver merksam

Dersom det oppstår spesielle problem etter undersøkinga, som oppkast av blod, svart og tjæreaktig avføring eller kraftige magesmerter, kan du ta direkte kontakt med sjukehuset.

Sist faglig oppdatert 23.01.2025

Kontakt

  • Ventetid: 10 uker

    Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Ventetid

    10 uker til undersøkelse

    Praktisk informasjon

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Har du time hos oss, må du ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Lista bør innehalde namn på medisinen, dosen, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk, Odda

    Oppmøtestad

    Poliklinikkane er i 1. etasje på Odda sjukehus. Meld deg i hovudresepsjonen når du kjem.

    Om timen din på sjukehuset - Helse Fonna HF

    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10

    5750 Odda

    Praktisk informasjon

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

    ​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


    Opningstider

    Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

    Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

    Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

    I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

    Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

    Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

    Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

    Alternativ overnatting i Odda

    Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
     
    Du kan parkere på sørsida av sjukehuset eller på østsida (baksida), ved elva eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

    Det finst ikkje ladestasjonar for elbil.

    Reserverte parkeringsplassar

    Det er reserverte plassar for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

    På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

    Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.