Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ein analfissur er eit sår/rift i endetarmsopninga. Du kan få analfissur av å presse ut hard og tørr avføring eller ved forstopping. Diaré kan også gi analfissurar. Ofte ligg såret framfor eller bak i endetarmsopninga. Ved toalettbesøk vil det ofte vere smertefullt når avføring passerer forbi såret.
Dei vanlegaste symptoma er smerter og frisk bløding ved avføring. Smerta er ofte skarp og intens, og kan vare ein time eller meir etter eit toalettbesøk. Det er sjeldan mykje blod. Om blodet er blanda inn i avføringa eller mørkare på fargen, kan det tyde på sjukdom høgare opp i tarmen.
Av og til blir det danna ein hevelse eller klump i den enden av fissuren som er lengst vekk frå endetarmsopninga (sentinal tag). Dette sest oftast på fissurar som ha stått ei stund. Desse er ikkje farlege.
Analfissurar som ikkje gror av seg sjølve innan seks veker blir kalla kroniske analfissurar. Årsaka kan vere at lukkemuskelen i anus trekk seg kraftig saman slik at blodforsyninga blir dårleg, og då vil det ikkje gro.
Dersom ein analfissur ikkje blir betre etter 6 veker, kan legen din tilby ei salve eller ein injeksjon.
Salver med glyseroltrinitrat (Rectogesic) hjelper mange. Salven smørast på i opninga av analkanalen. Verkestoffet utvidar blodårane slik at blodtilførselen til anus blir betra og såret gror.
Slike salver får du berre med resept. Hovudverk er ein svært vanleg biverknad, men han går som regel over etter eit par vekers behandling. Det finst også andre salvar som ikkje gir hovudverk (Nifedipin). Denne er i skrivande stund ikkje tilgjengeleg ved alle apotek i Noreg, men kan etterbestillast.
Botulinumtoksin A (Botox) kan givast som injeksjonar i lukkemuskelen til endetarmen. Dette vil føre til at lukkemuskelen blir relaksert (avspent). Når muskelspenninga og krampene i muskelen minkar, vil blodforsyninga auke og såret får betre føresetnader til å gro. Verknaden kjem etter 3–6 dagar, og varer ofte i opptil 3 månader. Ved tilbakefall av smerter kan behandlinga gjentakast.
Det er risiko for å få tilbake analfissuren etter behandling med salve eller injeksjon. Behandlinga kan også gi forbigåande lekkasje av luft og i sjeldne tilfelle mindre uhell av avføring (spor i undertøy).
Ved den vanlegaste typen operasjon lagar ein eit lite snitt i lukkemuskelen slik at han ikkje strammar seg så mykje. Dette kallast lateral intern sfinkterotomi og er ein veldig effektiv behandling. Denne operasjonen blir berre gjord i sjeldne tilfelle der ein ikkje kjem til mål med anna behandling. Dette fordi det er risiko for at ein blir inkontinent for avføring med lekkasje av enten fast eller flytande avføring i undertøy. Dei aller fleste blir betre etter kvart, men ikkje alle. Nokre får også problem med å halde på luft.
Ei anna operasjonsform er å sy frisk hud over fissuren. Dette blir sjeldnare gjort og ikkje ved alle sjukehus.
Behandlinga krev inga oppfølging i etterkant.
Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund