Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Årsaker til ansiktsskadar kan vere trafikkulykker, fall, overgrep og idrett. Dersom du har brot i ansiktet, og brotkantane står frå kvarandre, vil du som oftast bli operert.
Ved mistanke om brot i ansiktet blir du undersøkt av lege. Dersom fastlege eller legevaktlege finn grunn til å tru at du har fått eit ansiktsbrot, blir du tilvist vidare til undersøking hos øyre-nase-hals-lege eller kjeve- og ansiktskirurg.
Ved mistanke om brot blir du som regel tilvist til røntgenundersøking. Ved hjelp av bilda vil ein kunne bekrefte eller avkrefte brot. Vurdering og behandling skjer fortløpande.
Dersom du har brot i ansiktet og brotkantane står frå kvarandre, blir du som oftast operert. Operasjonen blir gjord for å få beinkantane så godt saman som mogleg, og for å halde dei på plass. For å sikre dette blir det operert inn små titanplater som vi skrur fast med skruar i beinet. Titanplatene treng du som regel ikkje å fjerne.
Etter at du er operert for ansiktsskaden blir du som regel innlagd til observasjon. Kontroll blir avtalt med behandlande lege.
Det tar litt lengre tid å bli frisk av brot i underkjeven enn andre brot. Du blir som regel sjukmeld i cirka to veker.
Du skal vere varsam med å tygge harde ting som nøtter og gulrøter i 8 veker etter operasjonen. Du kan likevel ete mat som krev tyggekraft, for eksempel knekkebrød eller poteter.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund