AV-fistel operasjon

Ein AV-fistel er ei spesiallaga blodåre som blir brukt ved dialysebehandling. Det blir gjennomført ein operasjon der ein arterie bli kopla saman med ei vene (blodåre som fører blodet tilbake til hjartet). Dette gjer at vena utvidar seg og blir større og sterkare, slik at den kan bli brukt til dialyse.

Ein AV-fistel blir brukt kvar gong du skal til dialysebehandling. Før behandlinga startar, blir det lagt inn to nåler. Den utvida vena medfører at ein får tak i nok blod til å gjennomføre ei dialysebehandling. Under dialysebehandlinga blir dei to nålene kopla til blodslangane på dialysemaskinen. Via den nedste nåla tar maskinen blodet ut, sender det gjennom dialysemaskinen og fører det så tilbake til deg via den øvste nåla.

Etter at behandlinga er ferdig, blir begge nålene tatt ut. Du må sitte 5–10 minutt og presse på innstikkstaden til det stoppar å blø. Du får eit plaster på, som bør sitte på i minimum 2–3 timar.


Før

Når legen har bestemt at du treng ein AV-fistel, vil du først bli undersøkt av ein karkirurg. Det blir også tatt ein ultralydundersøking for å vurdere kva blodårar som eignar seg best. Du blir så innkalla til operasjon.

Under

Du blir innlagt den dagen du skal bli operert og planlagt utskrive same dag. Nokre blir liggande over på sjukehuset til neste dag (f.eks. dersom operasjonen blir utført seint på dagen). Vanlegvis gjeng operasjonen føre seg i lokalbedøving (altså ingen narkose).

Etter

Innan fire dagar etter operasjonen blir du innkalla til sjukepleiar på sjukehus for kontroll. Dersom du alt går i dialyse, vil sjukepleiar på dialyseavdelinga kontrollere fistelen din når du er til dialysebehandling. Har du ikkje starta med dialysebehandling ennå, er det sjukepleiar på nyremedisinsk poliklinikk som kontrollerer den.

Sjukepleiar vil kjenne på fistelen og lytte på den med stetoskop. Dette er for å kjenne og høyre at fistel-åra ikkje er i ferd med å tette seg, og at fistelen utviklar seg som ønskt. Vidare ser ein etter teikn på komplikasjonar.

Inntil såret har grodd, vil sjukepleiar gjere sårskift. Såret blir desinfisert, og bandasjen blir bytt. Dersom det er sting som skal bli fjerna, blir dette gjort tidlegast etter 10 dagar.

Du må sjølv passe på følgande:

  • Halde fistelarmen rein og tørr
  • Kontrollere dagleg at det er bevegelse og lyd i fistele
  • Sjekke at huda er heil og fiin
    • raud?
    • hevelse?
    • smerter?
    • varme?
Ein sjeldan gong kan det begynne å blø frå hola der nålene har sete. Då må du presse på innstikkstaden på same måte som når nålene blir fjerna etter dialysebehandling. Det kan vere lurt å ha ekstra plaster og bandasje heime.

Når kan fistelen bli tatt i bruk?

Fistelen treng tid til å utvikle seg slik at den kan bli brukt til dialysebehandling. Vi reknar omkring 12 veker, men dette vil variere frå person til person.

Dersom du må starte i dialyse før fistelen er klar til bruk, vil du kunne starte dialyse via eit kateter (silikonslange) som er lagt inn i ei blodåre på brystet.

Treng du ikkje å starte i dialyse med ein gong fistelen er klar til bruk, er dette ikkje eit problem. Fistelen blir ikkje øydelagt av å ikkje bli brukt. Det er uansett viktig at du følger råda for å ta vare på den.

Ver merksam

Fistelen skal berre bli brukt til dialyse.

  • Ikkje la nokon ta blodprøver frå fistelarmen
  • Ikkje la nokon legge inn veneflon (PVK) i fistelarmen
  • Ikkje la nokon måle blodtrykk på fistelarmen
  • Ikkje ha stramt/ettersittande tøy, klokke eller smykke på fistelarmen
  • Ikkje ligg på fistelarmen
  • Ikkje la andre ligge på fistelarmen
Du må dagleg kontrollere at fistelen fungerer ved å kjenne eller høyre etter den karakteristiske «svirren». Kontakt sjukehuset straks dersom «svirren» ikkje er der!




Kontakt

Haugesund sjukehus Nyrepoliklinikk

Kontakt Nyrepoliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen. Gå til ventesone 5A.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.