Barnekreft

Det er sjeldan at barn får kreft. I Norge er det kvart år rundt 200 barn og unge under 18 år som får ein kreftdiagnose. Barnekreft skil seg frå kreft hos vaksne, stort sett fordi barn og unge får heilt andre krefttypar enn vaksne.

Symptom

Prognosen ved barnekreft er generelt betre enn hos vaksne som får kreft. Langtidsoverleving (fem år) ligg samla på rundt 88 prosent. Prognosen er avhengig av type kreft og når i utviklinga sjukdomen blir oppdaga.

Symptom ved kreft hos barn varierer. Generelle symptom kan vere langvarig og uforklarleg feber, nattesveitte, uforklarleg vekttap og dårleg trivnad.

Symptom på leukemi

Ved leukemi (blodkreft) er dei mest framtredande symptoma at barnet er bleikt, slapt, har feber og blødningar i huda som kan sjåast som små raude prikkar eller mange blåmerke. Barnet kan oppleve smerter i ledd og skjelett og ha forstørra lymfeknutar.

Symptom på lymfekreft

Ved lymfekreft er dei mest framtredande symptoma hevelse av lymfeknutar, nattesveitte og vekttap. Plutseleg tung pust, nokre gongar livstruande, kan oppstå grunna press mot luftvegane ved lymfekreft i bysthola. Det er veldig vanleg at barn kan ha forstørra lymfeknutar mindre enn 2 i diamteter på halsen. Dette gir ikkje mistanke om lymfekreft.

Symptom på hjernesvulst eller svulst i ryggmarg

Hjernesvulstar kan føre til auka trykk i hjernen med kvalme, oppkast eller brekningar, og hovudpine. Dette opplever barnet oftast om morgonen. Hos spedbarn kan unormal auke i hovudomkrins eller spent fontanelle (det mjuke området på toppen av hovudet) vere første teikn på hjernesvulst. Spedbarnet kan også vere irritabel eller slapt.

Andre symptom forårsaka av svulstens plassering kan vere kramper, ustø gange, delvis lamming i arm, bein eller ansikt, skjegling, dobbeltsyn eller unormale augebevegelsar, nedsett syn eller høyrsel. Barnet kan også ha vanskar med å svelgje. Barnet kan få endra personlegheit og atferd og bli irritabel, passiv, trøytt eller få reduserte skuleprestasjonar. Barnet kan også få skjeivstilling av hovudet, utilsikta vekttap, redusert vekst eller for tidleg pubertet.

Symptom på svulst i ryggmargen kan vere nedsett kontroll over vannlating og avføring, ustø gange og nedsett kraft i beina og/eller smerter og skjeiv rygg.

Symptom på andre svulstar

Andre svulstar gir symptom avhengig av kor stor svulsten er og kor han er plassert. Ved aggressive svulstar er ofte allmenntilstanden dårlegare. I andre tilfelle er det første symptomet ein synleg svulst eller ein svulst ein oppdagar ved ei undersøking, anten i magen eller andre stader på kroppen. Barnet kan få smerter i skjelett ved beinsarkom (kreft i knoklar) og ved spreiing til skjelettet.

Andre symptom på slike svulstar kan vere problem med å tisse, blod i urinen, forstopping og forstørra mage.

Symptom på kreft i brysthola kan vere langvarig hoste, svært tung pust og synlege blodkar på halsen.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har mistanke om kreft skal barnet bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med barn og  pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.   

Viss fastlegen har mistanke til kreft hos ein person under 18 år, bør fastlegen i tillegg til å tilvise skriftleg også ta direkte telefonkontakt med barneavdelinga.

Pasientinformasjon om pakkeforløp, Helsedirektoratet

Forløpskoordinator sørgjer for å sette opp timane barnet skal ha i utgreiinga.

Utredning

Det blir gjort undersøkingar av barnet for å avklare om barnet har kreft eller ikkje.

Ved mistanke om kreft vil barnet blir undersøkt av lege. Det blir teke blodprøver og røntgenundersøkingar avhengig av kva for symptom barnet har og kva mistanken gjeld. I enkelte tilfelle vil andre undersøkingar vere aktuelle og de blir informert om dette.

Utgreiing ved mistanke om barnekreft skjer etter liknande retningslinjer som for vaksne, men sidan barnet kan vere uroleg, må mange av undersøkingane gjerast i narkose. Når diagnosen er klar, blir det tatt fleire undersøkingar som er spesifisert i behandlingsplan (behandlingsprotokoll) for den aktuelle kreftsjukdomen.

Med tanke på moglege biverknadar av behandlinga gjer vi ei brei generell utgreiing før behandlinga startar, tilpassa behandlinga som skal bli gitt.

Kliniske undersøkingar, blodprøvar og ulike typar røntgenundersøkingar blir gjort under utgreiinga, avhengig av svulstens plassering og kva symptom barnet eller ungdomen har.

Pasientinformasjon - Utgreeing ved mistanke om barnekreft (helsedirektoratet.no)

 

Barnekreftportalen - for deg som vil vite meir om barnekreft

Barnekreftportalen er ei side om barnekreft for helsepersonell, pasientar, pårørande og andre interesserte. Portalen skal gi kvalitetssikra informasjon om kreft hos barn og gi rask tilgang til gode nettsteder med relasjon til tema. Sida er drifta av Nasjonal kompetansetjeneste for solide svulster hos barn ved Oslo Universitetssykehus.
Lenke til barnekreftportalen.no
Barnekreftportalen

 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Viss barnet har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for barnetg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med familien, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.

Det er kvart regionssjukehus i landet som har ansvar for barnekreftbehandling i sin region, og behandlinga blir gjort etter internasjonale retningsliner. At behandlinga blir gitt etter slike retningslinjer sikrar at alle barn i landet får lik behandling etter internasjonalt akseptert norm. Ein haustar felles erfaringar for å auke kunnskapen om dei ulike tilstandane.

Stamcelletransplantasjon (tidlegare kalla beinmargstransplantasjon), organtransplantasjon og behandling av augekreft (retinoblastom) hos barn er sentralisert til Oslo universitetssjukehus. Behandling med strålekniv (gammakniv) er sentralisert til Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus.

Cellegift har som regel god effekt på kreft i barnealderen, slik at behandlingsresultata er gode sjølv ved utvikla sjukdom. Ved blodkreft og lymfekreft gir ein oftast kun cellegift, i sjeldne tilfelle supplert med strålebehandling.

Hjernesvulstar blir primært opererte viss det er mogleg. Etterbehandling kan vere nødvendig, avhengig av svulsttypen. Behandlinga kan vere cellegift, strålebehandling eller begge deler, avhengig av barnets alder.

Andre svulstar blir vanlegvis behandla med cellegift før operasjon. Deretter blir operasjon utført, før ny cellegiftbehandling. I enkelte tilfelle supplerer vi behandlinga med stråling og/eller høgdosebehandling med stamcellestøtte.

Cellegiftbehandling hos barn skjer praktisk talt utelukkande via eit sentralt venekateter. Dette er eit tynt røyr som blir sett inn i ei av dei store venene i kroppen og mellom anna gjer det mogleg å gi medisin direkte inn i blodløpet. Dette gjer vi av omsyn til barnets tryggleik og for å spare barnet for smerte, då venekateter kan stå i over tid og gjer at vi ikkje treng å stikke barnet ved kvar behandling. Dei fleste blodprøvar blir også tatt frå slike kateter.

Kreftbehandling av barn er ofte intensiv og langvarig, men dette varierer med krefttypen. Utgreiing, operasjonar, strålebehandling og mesteparten av cellegiftbehandlinga skjer ved regionssjukehusa. Mykje av støttebehandlinga og enkelte deler av cellegiftbehandlinga kan skje ved lokal barneavdeling i tett samarbeid med regionssjukehuset.

Oppfølging

Barn og unge får hyppige kontrollar ved sjukehus dei første åra etter behandlinga. Innhaldet i oppfølginga vil variere med krefttypen barnet har hatt. Det første året er det vanleg med kontroll kvar månad ved leukemi, og kvar tredje månad ved kreftsvulst. Dei neste åra blir det færre kontrollar.

Etter fem år er ofte årlege kontrollar nok for å følgje med på barnets vekst, fysiske og mentale utvikling og oppdage eventuelle seinfølgjer av behandlinga eller sjukdomen. Barnet blir vanlegvis kontrollert fram til dei blir 18 år.

Barn med hjernesvulst blir jamleg kontrollert med MR-undersøking av hjerne og ryggmarg. Dei fleste med mindre alvorlege svulstar blir kontrollert med årlege MR-undersøkingar til 18-års alder og deretter med lengre intervallar.

Barnekreftavdelinga er primært ansvarleg for kontrollopplegget. Kontrollane blir gjort i samarbeid med lokal barneavdeling.

Ver merksam

Før de reiser heim etter avslutta behandling vil de få god og grundig informasjon om kva symptom som kan oppstå viss barnet skulle få tilbakefall av sjukdomen. Symptoma vil variere etter kva kreftsjukdom det er snakk om.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.